Vigra kringkaster senderstasjon

1 comment

  • Krigshistoria er den aller viktigaste nasjonale historia knytt til Vigra Kringkastar. Vigra Kringkastar var det frie Norge sitt viktigaste talerør frå 9. til 15. april 1940. Vigra Kringkastar var den største nasjonale stor-sendaren då krigen kom i 1940. Dei to andre nasjonale stor-sendarane i Norge i Oslo Lamberseter og i Stavanger vart tatt av tyskarane 9. april. Vigra dekte havområdet mellom Skotland, Island og Svalbard og mesteparten av Norge.

    11. april var det Vigra-sendaren som formidla regjeringserklæringga med "konggens Nei" til det norske folket og der regjeringa oppmoda norske skip til å gå til Engelske eller franske hamner og ikkje til tyske hamner. 12. april vart eit planlagt beredskapsamband til London etablert med Vigra-sendaren som sendestasjon og Ålesund kystradio som motttakarstasjon og ekspedisjon-stasjon for militære hemlige sendingar til våre allierte i London. General Otto Ruge vart kopla til dette sambandet 13. april - det viktigaste militære sambandet han hadde til London. NRK, NTB, Arbeider-pressa med Håkon Lie kom til Ålesund om kvelden den 15. april like etter bombinga av sendaren - for å bruke Vigra-sendaren som sitt talerør. Dei slo seg saman med det lokale informasjonskontoret på Latinskulen i Ålesund - leia av Kaare Fostervoll som då var rektor på Latinskulen. Han vart seinare statsråd og kringkasting-sjef.

    1. mai måtte kontore flykte vidare til Tromsø der dei brukte Tromsø Kringgkastar til sitt talerør. Kaare Fostervoll leia også kontoret i Tromsø før dei måtte flykte til England tidleg i juni.

    Krigshelten Joachim Rønneberg starta i NRK MR i Ålesund tidleg i 1948. Han opna radio-programmet 12.4.48 der kong Håkon 7. opna offisielt "den nye Vigra Kringkastar" - sendarbygget vi no kjemper for å ta varee på.

Add a comment or suggest edits

For å publisere en offentlig kommentar på objektet velger du «Skriv en kommentar». For å sende en henvendelse direkte til museet velger du «Send en henvendelse».

Leave a comment or send an inquiry

Share to