Part of exhibition
History
-
-
Frå føraren på Valdres Folkemuseum (2012):
"Bygd i 1807. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1977–1978. Variant av den akershusiske hustypen, med opphaldsrom, trappegang og kleve. Salen i andre høgda vart ikkje innreidd og utstyrt med vindauge før huset vart flytt til museet. I dag er det bunadprodusentar som held til her. Heggjis-gardane ligg rundt den gamle Heggjikyrkja i Øystre Slidre. Medan gardar med same namn elles i Valdres som regel er skilde med nemningar som Sørre, Nørre, Øvre og Nerre, er Heggjis-gardane skilde frå kvarandre ved hjelp av namna på brukarane her i 1830–40-åra. Soleis fekk ein Krestaførheggji, Knutsheggji, Prestheggji og Jonsheggji. Brukar på Jonsheggji, gnr. 22, bnr. 1, i denne tida var Jon Knutsson og Ingebjør Endresdotter Heggji."
Frå Harald Hvattum Valdres Folkemuseum 1901-2001 (2001):
"Heggegardane ligg rundt Heggjekyrkja. Medan gardar med same namnet elles i Valdres som regel er skilde frå kvarandre med nemningar som Sørre, Nørre o.l., er Heggegardane skilt frå kvarandre ved hjelp av namna på brukarane her i 1839/490-åra. Ein fikk såleis Krestaferhegge, Tørgeirshegge, Knutshegge og Jonshegge. Den siste Heggegarden har vore prestegard og blir difor kalla Presthegge. Det var Jon Knutson og Ingeborg Endresdotter Hegge som bygde Jonsheggebygningen. Dei starta året dei gifte seg, i 1807. I 1820 var dei kome så langt at dei kunne setja initialane til Knut over døra."
Frå særoppgåve om bygningen skrive av Gudmund Hovrud og Jan Aage Bakke (Valdres Gymnas, 1976) - dette var like før bygningen var flytta til V.F:
- Bygningen var ikkje innreia i andre høgda. Det einaste vinduet i andre høgda var rett over inngangsdøra.
- Bygginga av huset tok lang tid, da eigaren var ute i krigen både i 1807 og 1814, og då det var dårlege tider.
- Einaste interiør som var att i bygningen var to skåp. To blåmåla rom nede.
- Peisen: Ein hjørnestein av kleberstein, litt ut for veggen, med passasje innafor.
- Bygningen: Tjue heile omkvarv laftetømmer. Elleve takåser.
- Særoppgåve har og med ein slektsdel.
- Bilete viser at inngangsdøra var måla okergul og grøn. Over døra: "18JKSH20" (Jon Knutsson Heggje 1820).
- Då bygningen sto på Jonsheggji var andre høgda ikkje innreia, der var berre kaldloft. Bilete viser store skader i laftet, særleg i andre høgda.
- Opprinneleg innreiing i fyrste høgda er teikna ned, sjå eige vedlegg.
Elles:
- Bygningen vart flytt til Valdres Folkemuseum i 1977/78. I husarkivet til VF ligg dokument som viser korleis bygningen vart innreia og bygd om. Dei fyrste åra vart andre høgda nytta som privatbustad for tilsette ved museet. Sidan ca 1988 har bygningen vore leigd ut som verkstad for Valdres Folkedraktsaum.
- I 2001 vart bygningen flytt internt på Valdres Folkemuseum for å gjera plass til nytt velkomstbygg, sjå vedlagte bilete.
ENGLISH:
House from Jonsheggji: Built in 1807. Reconstructed at the museum in 1977–78. Variant of the Akershus house type (Akershus is a county around Oslo) with a living room, staircase and a small bedroom off the main room. The room on the first floor was unfurnished. Windows were put in before the house was moved to the museum. Today folk costumes are sewn and embroidered here. The Heggji farms are situated around Heggji Church in Øystre Slidre. While farms sharing the same name elsewhere in Valdres as a rule are distinguished as Southern, Northern, Upper or Lower, the Heggji farms are distinguished by the Christian name of their owners in the 1830s or 1840s. That is why they are known respectively as Krestaførheggji, Knutsheggji, Prestheggji and Jonsheggji. The farmer of Jonsheggji at the time was Jon Knutsson and his wife was Ingebjør Endresdotter Heggji.
FRANÇAIS:
Maison de Jonsheggji: La maison est construite en 1807 et reconstruite à Valdres Folkemuseum en 1977–1978. La maison est une variante de la maison du style ”Akershus” et comprend une salle de séjour, une cage d’escalier et une petite pièce à côté. La salle à l’étage n’était ni aménagé ni équipé de fenêtres avant que la maison a été transférée au musée. Aujourd’hui, la maison sert d’atelier de confection des costumes traditionnels (les ”bunad”). Les fermes de Heggji entourent l’ancienne église de Heggji, à Øystre Slidre. Tandis que les fermes portant le même nom à Valdres étaient généralement attribuée des noms comme Sørre (le Sud), Nørre (le Nord), Øvre (le haut) et Nerre (le bas), les fermes de Heggji portaient le nom (prénom) des exploitants dans les années 1830–40. De cette manière, on a eu les noms Krestaførheggji, Knutsheggji, Prestheggji et Jonsheggji. Les exploitants de Jonsheggji pendant cette époque était Jon Knutson et Ingebjør Endresdotter Heggji.
-
Oppføring - 1807 — 1820
-
Gjenoppføring - 1977 — 1978
-
Flytting - 2001
-
Classification
-
- Bygninger (Outline) OU 340
Placement
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier VFF.011
- Part of collection Valdres Folkemuseum
- Owner of collection Valdresmusea
- Institution Valdres Folkemuseum
- Date published November 26, 2015
- Date updated December 2, 2021
- DIMU-CODE 021056019974
- UUID 94dacd64-71da-4813-b9f5-105cee2683bf
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».