Part of exhibition
History
-
-
Frå føraren på Valdres Folkemuseum (2012):
"Stabbur frå garden Måno, gnr. 85, bnr. 5, i Nord-Aurdal. Bygd midt på 1700-talet. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1946. Stabburet vart brukt til oppbevaring av kjøt og mjøl. I svala er det kott for ulike gardsreiskapar."
Frå Knut Hermundstad handskrevne "Husbok for Valdres Folkemuseum" (1950-talet):
"Dette er gåve til museet frå Valdres jordbruksskuklke og Oppland fylke. Museet reiv det og frakta det til museet lenge føre verdskrigen, truleg ikr. 1935. Men det vart ikkje sett oppatt i full stand før ikr. 1947 av byggmeistar Erik Anderssen. Det var mjøl- og kjøtstabburet til Stor-Måno. Det vesle rumet i gangen nytta garden til å ha spador, grev, spet og andre slike små reiskap. Inne i sjølve stabburet stod det to børor i, ei på kvar langvegg. Kjøtet hekk på inste rausteveggen. Huset er frå ikr. 1750."
Frå arkitekt MNAL K. Sukke: "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2 (1964):
"Det einhøgda stabburet har vore svært vanleg over heile Valdres frå nord til sør. Det er bygd opp såleis: I kvart hjørne er lagt opp eit fundament av stein. Over desse fundamenta er lagt ei grime av svillar som er felt saman i hjørna. Over svillkryssa rir stabbane (eller hjørnestolpane). Stabbane smalnar oppover og er tappa inn i langsvillene. (Dei nyare svillane vidar seg ut til ei pute oppe. Dei er svarva.) Over langsvillene er golvklovningane lagt opp på tverke av huset. Over svillene er veggane lafta opp. I gavlen er langveggane trekt fram til ei sval. Tømmerveggen i raustet er og trekt fram i framkant av svala. (...) Stabburet frå Månum i Nord-Aurdal (nå på V.F.) er bygd opp på same vis, men har hjørnestolpar og panelte sideveggar i svala. Nova er øsjenov. Mest alle desse stabbura har langsgåande slinner. Det er truleg dei vart brukte til å hengja kjøt på. I svala er det her plass for jordbruksreiskap. Huset er truleg frå fyrste delen av 1700-åra eller eldre."
Sjå særoppgåve om Månostabburet, skrive av Anders Lykken (Valdres Gymnas, tidleg 1970-tal) (Opplandsarkivet, avd. Valdres Folkemuseum).
ENGLISH:
Storage house from Måno: Storage house from the Måno farm in Nord-Aurdal, built in the mid-18th century, rebuilt at Valdres Folk Museum in 1946. The storage house was used to store meat and flour. In the side passage, various farm equipment was kept.
FRANÇAIS:
Grenier sur pilotis de Måno: Grenier de la ferme Måno, à Nord-Aurdal. Construit au milieu du 18ème siècle et reconstruit à Valdres Folkemuseum en 1946. Le grenier servait de réserve de la viande et la farine. A l’extérieur, il y a des réduits pour les différents outils utilisés à la ferme.
- Oppføring 1750 (Omtrentleg)
- Riving 1935
- Gjenoppføring 1946
- Aksesjon
- Giver/siste eier Svennes, O.T.
-
Relation
-
Related objects
4 related objects
- Photograph VFF 16-000314
- Photograph VFF 16-000318
- Photograph VFF 16-000330
- Photograph VFF 16-000334
Classification
-
- Bygninger OU 340
References
-
- Litteraturreferanse K. Sukke "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2
- Litteraturreferanse Valdres jordbruksskule i 50 år : eit jubileumsskrift
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier VFF.018
- Part of dataset Valdres Folkemuseum
- Owner of dataset Valdresmusea
- Institution Valdres Folkemuseum
- Date published November 26, 2015
- Date updated March 23, 2018
- DIMU-CODE 021056019977
- UUID 0E254881-D72B-4D3C-BF96-E07C065038B8
- Tags
Add a comment or suggest edits