Part of exhibition
History
-
Frå føraren på Valdres Folkemuseum (2012):
"Forsamlingshus bygd i 1903, på Vølle i Vestre Slidre. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1973. Det gamle sosiale mønsteret kom etter kvart i sterk omforming. I andre halvdel av 1800-talet voks det fram ei rekkje ulike foreiningar i landet. Desse avløyste til ein viss grad dei store samkomene ein tidlegare hadde hatt på gardane. Organisasjonane tok etter kvart til å byggje eigne lagshus, og ungdomshus, bedehus og folkets hus voks fram i alle bygdelag. Slidrehuset er eit slikt gamalt forsamlingshus.”
Frå Harald Hvattum "Valdres Folkemuseum 1901-2001" (2001):
"I andre halvdel av 1800-talet voks det fram ei rekkje ulike foreiningar her i landet. Foreiningane slo seg etter kvart saman til landsomfattande organisasjonar. Det gjaldt ungdomslag, idrettslag, fråhaldslag o.a. Desse laga tok etter kvart til å byggje seg eigne lagshus. Det finst enno att nokre slike hus i Valdres. Forsamlingshus vart òg bygde på andre måtar. I Vestre Slidre vart det kring 1900 skipa til eit aksjelag for å byggje eit "danselokale for bygdens ungdom". Kvar aksje kosta 10 kroner. Resulatet var altså Slidrehuset, som vart teke i bruk i 1903. Huset art bygd på eit tomt unna Prestgarden, og presten sette ein del restriksjonar på bruken. Det galdt mellom anna at det ikkje skulle nyttast alkohol i huset, og at det ikkje skulle haldast arrangement her på kveldstid før ein helgedag. Det var på den tida vanleg med dans på syndagskveldane. Huset vert no nytta til ymse arrangement på museet og er spesielt nytta av folkemusikkmiljøet i distriktet. Det er påbygd i 2000."
Vinteren 1999/2000 vart huset påbygd og måla innvendig.
Frå 609 Slidrehuset ved husarkivet på Valdres Folkemuseum:
"I 1903 stod Slidrehuset ferdig oppsett på ei tomt unna Prestegarden i Vestre Slidre. På denne tida trong ei rekkje nye foreiningar lokale, og dei bygde seg etterkvart eigne lagshus. I Slidre skipa dei eit aksjelag for å bygge ”danselokale for bygdens ungdom”. Kvar aksje kosta 10 kroner. Ei tid var det også kino. I 1973 vart huset sett opp att på museet, og i 2003 står det endeleg fram slik det opphavleg var, med ”nasasval” og skifertak. Slidrehuset vert ofte utleigd til ulike arrangement."
Sjå elles fyldig særoppgåve om Slidrehuset skrive av Annie Ristebråten (Valdres Gymnas, 1975) (Opplandsarkivet, avd. Valdres Folkemuseum)
ENGLISH:
The Slidre Community Centre: Community centre built in 1903 at Vølle in Vestre Slidre. Rebuilt at the museum in 1973. In the second half of the nineteenth century old social patterns underwent a revolution. Before there had been large parties on the farms to celebrate Christmas, weddings etc. Neighbours came together for community projects such as barn-raising. There came to be less of that. Instead more and more organisations sprang up. And these clubs and societies needed somewhere to meet. Youth clubs and meeting houses, both sacred and profane mushroomed all over the countryside. The Slidre Community Centre is an example of that.
FRANÇAIS:
Slidrehuset (La maison de Slidre): Slidrehuset, une maison de réunion, a été construit, 1903, à Vølle, Vestre Slidre, et reconstruit à Valdres Folkemuseum en 1973. La vie sociale a subi des grands changements au cours du temps. Pendant la deuxième moitié du 19ème siècle, des nombreuses associations se sont développées dans le pays. Ces associations ont d’une certaine manière remplacée les grandes réunions qui, autrefois, ont eu lieu dans les fermes. Les associations ont, au fur et à mesure, commencé à construire leurs propres maisons : des maisons des jeunes, des maisons de prières et des maisons du peuple ont été construites dans tous les villages. La maison Slidrehuset est une telle maison de réunion.
Oppføring: 1903
Gjenoppføring: 1973
Endring: 1999 - 2000
Relation
Classification
-
- Bygninger (Outline)OU 340
Placement
References
-
- LitteraturreferanseÅrbok for Valdres 2008: Samlingsstello
- LitteraturreferanseHarald Hvattum "Valdres Folkemuseum" 1901-2001
- LitteraturreferanseAvisartikkel i avisa Valdres lørdag 14. juni 1973
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVFF.034
- Part of collectionValdres Folkemuseum
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionValdres Folkemuseum
- Date publishedNovember 26, 2015
- Date updatedApril 25, 2024
- DIMU-CODE021056019996
- UUID1b962d09-5e2b-4668-bafc-d9d85a3d28ea
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».