Part of exhibition
History
-
-
Frå føraren for Valdres Folkemuseum (2012):
"Buahus frå Ni’igarde Kvie, gnr. 96, bnr. 5, i Vang. Truleg frå ikring 1700. Opphavleg stabbur. Bu til oppbevaring av kjøt, flatbrød, korn, mjøl og småreiskap. I andre høgda vart det oppbevart klede og tekstilar. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1960. Kviistunet: Det vanlege busettingsmønsteret i Noreg er spreitt busetnad. Det finst likevel eldre eksempel på at gardar kan liggje så tett inntil kvarandre at dei meir liknar ein tettstad. Kviistunet på museet kjem frå ei slik gardklynge. Fram til utskiftinga i 1908 danna fem tun, med til saman 33 hus, ein liten tettstad like ved Høre stavkyrkje i Vang. Kvie var tingstad på midten av 1600-talet. I perioden 1646–1821 var Kvie skysstasjon og herberge. Til gardane høyrde også 12 husmannsplassar. Husa frå Kvie er bygde i perioden 1600–1850. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1959–1960. På Valdres Folkemuseum framstår Kviistunet som ein typisk fjellgard i Øvre Valdres. Slike gardar hadde gjerne fleire husmannsplassar. På Valdres Folkemuseum skal Øvre Fristadplassen illustrere husmannsplass under Kvie, og er plassert lenger ut i utmarka."
Frå Knut Hermundstads handskrevne Husbok for Valdres Folkemuseum (1950-talet):
"Dette huset står inntil øvre enden av søre Kviisbygningen. Det har frå fyrst av vore eit stabbur. Men slik det no står har det stått frå fyrste stund, truleg frå ikr. 1750. Stabbursgangen står mot bygningsveggen. Det er sett dør på eine sideveggen, og stabburet er ved det vorte eit nett buahus, som høver godt attåt den etter måten korte og høge bygning. I fyrste høgdi var det kornbørar, mjølbørar og str.. brød.. m.m. I buagangen stod alle slag mindre handreiskap, øksar, grev, spadar, jarnlekke? osb. I andre høgdi var det kistar av ymse slag og saltbuttar og skrap som ein ville vera kvitt for ei stund, og dertil kjøt, flesk og kurv. Huset var tekt med bord, never, torv og over det bord med skifertak. Difor var huset kaldt, så maten heldt seg godt."
Frå arkitekt MNAL K. Sukke: "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2 (1964):
"Som før nemnt, har ein i Nord-Valdres nemninga buahus. Det er eit vanleg hus i to høgder med langstrakt rektangulært plan, 2 rom ved sida av kvarandre med kvar si inngangsdør på langveggen. Huset tener til lagerrom for matvarer. Husa står på gråsteinsmur utan stabbar. Det ser ut som det er serleg i 1800-åra denne hustypen kom på mote."
ENGLISH:
Storehouse from Lower Kvie: From about 1700, this was originally a storehouse for meat, crisp, unleavened bread, corn, flour and tools. Clothes and linen were kept upstairs. Rebuilt at the museum in 1960. The Kvie farm: Norway mostly has a scattered settlement pattern. Nevertheless, there are examples of farms forming clusters, rather like a township. The Kvie farm buildings are grouped round a yard. Until the separation of farms that took place in 1908, five farmyards with a total of 33 houses formed such a “township” by Høre stavechurch in Vang municipality. The Kvie farmhouse served as a local courthouse in the mid-1600’s. During the period 1646–1821, Kvie was a coachman's inn. 12 cotter’s farms belonged to the Kvie farm. The houses from Kvie were built during the period 1600–1850. The farm was reconstructed at Valdres Folk Museum in 1959–60 and is a typical mountain farm from Upper Valdres. Such farms often had several cotter’s places. The Upper Fristad place at our museum illustrates a cotter’s farm under the Kvie farm and is placed in the outlying fields.
FRANÇAIS:
Grenier de Ni’igarde Kvie: Grenier de la ferme Ni’igarde Kvie, à Vang. Probablement construit vers 1700. A l’origine, c’était un grenier sur pilotis. La maison servait de dépôt où l’on gardait de la viande, du pain plat traditionnel, de la farine et des outils. A l’étage, on gardait des vêtements et textiles. Le grenier est reconstruit à Valdres Folkemuseum en 1960. Cour de ferme de Kvie: En Norvège, l’habitat est dispersé. Quelques exemples anciens montent quand même que les fermes se trouve côte à côte formant un hameau. La cour de ferme de Kvie, présentée ici au musée, vient d’un tel hameau. Jusqu’en 1908, cinq cours, comprenant 33 maisons, constituaient une bourgade près de l’église de bois debout de Høre, à Vang. Kvie était siège de tribunal au milieu du 17ème siècle. Pendant la période 1646–1821, il y avait un relais routier et une auberge. Il y avait également 12 fermes de tenancier appartenant aux fermes de Kvie. Les maisons de Kvie sont construites pendant la période 1600–1850, et reconstruites à Valdres Folkemuseum en 1959–1960. Au musée, la ferme de Kvie représente une ferme de montagne, typique de la partie nord de Valdres. Les fermes comme Kvie, avaient souvent plusieurs fermes de tenanciers. À Valdres Folkemuseum, la ferme tenancier de Øvre Frigstadplassen, située un peu plus haut, représente une ferme de tenancier dépendant de Kvie.
-
Oppføring - 1700
-
Gjenoppføring - 1960
-
Relation
Classification
-
- Bygninger (Outline) OU 340
Placement
References
-
- Litteraturreferanse K. Sukke: "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier VFF.048
- Part of collection Valdres Folkemuseum
- Owner of collection Valdresmusea
- Institution Valdres Folkemuseum
- Date published November 26, 2015
- Date updated December 3, 2021
- DIMU-CODE 021056020006
- UUID 2228057e-e3e0-48ab-b0dd-88d00637881f
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».