Part of exhibition
History
-
-
Frå føraren for Valdres Folkemuseum (2012):
"Fjøs frå Ni’igarde Kvie, gnr. 96, bnr. 5, i Vang. Truleg frå ikring 1800. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1959–1960. Fjøset har to lengder. I den fremre delen er kyrfjøset med båsar inntil veggen på båe sider. Kyrne stod bundne til veggen med vidjelekkjer. I den indre delen er det båsar for ungfe og småkrøterbinge. Geiter må liggje tørt, difor er det benker langs veggene. På fjøshjellen er det kalvebinge og seng for budeia. Kviistunet: Det vanlege busettingsmønsteret i Noreg er spreitt busetnad. Det finst likevel eldre eksempel på at gardar kan liggje så tett inntil kvarandre at dei meir liknar ein tettstad. Kviistunet på museet kjem frå ei slik gardklynge. Fram til utskiftinga i 1908 danna fem tun, med til saman 33 hus, ein liten tettstad like ved Høre stavkyrkje i Vang. Kvie var tingstad på midten av 1600-talet. I perioden 1646–1821 var Kvie skysstasjon og herberge. Til gardane høyrde også 12 husmannsplassar. Husa frå Kvie er bygde i perioden 1600–1850. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1959–1960. På Valdres Folkemuseum framstår Kviistunet som ein typisk fjellgard i Øvre Valdres. Slike gardar hadde gjerne fleire husmannsplassar. På Valdres Folkemuseum skal Øvre Fristadplassen illustrere husmannsplass under Kvie, og er plassert lenger ut i utmarka."
Frå føraren for Valdres Folkemuseum (1960):
"(...) På fjøshjellen var det kalvebinge med budeiseng jamsides. Dei nyborne kalvar lyfte dei opp etter ein stige. På hjellen var det varmt åt dei, så dei stortreivst. (...) Skillet mellom båsane kalle dei båslå. Det var eit tre som gjekk frå skantilstokken og opp på veggen. Den bordkledning som gjekk frå båslåi og ned til båsgolvet kalla dei båsfeling. Krøteri batt dei til veggen i eit bandfeste. Bandi var vidjelekkar med eit leikand på midten, så krøteri ikkje så lett skulle vrida bandet av. Kring krøterhalsen var det treklavar med haveldre. (...)"
Frå Knut Hermundstads handskrevne Husbok for Valdres Folkemuseum (1950-talet):
"Huset er tømra av grov furu. Det var flytt saman med stallen og låven. Det vart sett oppatt slik som før omskrive. Huset er tvihøgda. I fremste romet var det kyrbåsar. I det inste romet var det grisebinge, sauebinge og kalvebinge for nokre større kalver, og båsar for ungfe. I dei siste åri hadde bonden gått over til saueavl. Han reiv då ut båsane og laga sauebingar i staden. Sauane kjende salt.. på veggene, og til høgre for utdøri har dei gnaga stygt av veggene. I indste romet var det sett opp ein hjell, fjøshjellen. Her var det ein kalvebinge for nyfødde kalvar. Ein lyfte dei oppetter ein stige og slepte dei i bingen. Jamsides kalvebingen på hjellen hadde budeia sengi si. Møki frå strendegolvet (?) vart aust gjennom eit møkjaglugg og ned i kjellaren. (...)"
Frå K. Sukke "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2 (1964):
"Kviisfjøset frå Vang frå ikr. 1800 har 2 rom med inngang i gavlen. Ytre romet har midtgang med skantil og båsar på kvar side. Indre romet var for småkrøtter og hadde bingar. På hjellen var det budeiseng og kalvebinge."
ENGLISH:
Cowhouse from Lower Kvie: Cowhouse from Lower Kvie in Vang. Probably from around 1800. Rebuilt at the museum in 1959–60. In the front part of the building, cows were tied to the wall in cow stalls on both sides. In the inner part of the shed, there are pens for calves and a pen for goats. The goats had to have somewhere dry to sleep, so benches were built around the walls. On the loft is a pen for calves and a bed for the milkmaid. The Kvie farm: Norway mostly has a scattered settlement pattern. Nevertheless, there are examples of farms forming clusters, rather like a township. The Kvie farm buildings are grouped round a yard. Until the separation of farms that took place in 1908, five farmyards with a total of 33 houses formed such a “township” by Høre stavechurch in Vang municipality. The Kvie farmhouse served as a local courthouse in the mid-1600’s. During the period 1646–1821, Kvie was a coachman's inn. 12 cotter’s farms belonged to the Kvie farm. The houses from Kvie were built during the period 1600–1850. The farm was reconstructed at Valdres Folk Museum in 1959–60 and is a typical mountain farm from Upper Valdres. Such farms often had several cotter’s places. The Upper Fristad place at our museum illustrates a cotter’s farm under the Kvie farm and is placed in the outlying fields.
FRANÇAIS:
Etable de Ni’igarde Kvie: Etable de la ferme Ni’igarde Kvie, à Vang. Probablement construite vers 1800. Reconstruite à Valdres Folkemuseum en 1959–1960. L’étable a deux longueurs. Dans la première partie, il y a la vacherie avec des stalles placées contre le mur sur les deux côtés. Les vaches étaient attachées au mur avec un lien d’osier. Dans l’autre partie, il y a des stalles pour les veaux et une loge pour le petit bétail. Le long des murs il y a des bancs pour les chèvres qui doivent être au sec. Sous les combles il y a une loge de veaux et un lit pour la vachère. Cour de ferme de Kvie: En Norvège, l’habitat est dispersé. Quelques exemples anciens montent quand même que les fermes se trouve côte à côte formant un hameau. La cour de ferme de Kvie, présentée ici au musée, vient d’un tel hameau. Jusqu’en 1908, cinq cours, comprenant 33 maisons, constituaient une bourgade près de l’église de bois debout de Høre, à Vang. Kvie était siège de tribunal au milieu du 17ème siècle. Pendant la période 1646–1821, il y avait un relais routier et une auberge. Il y avait également 12 fermes de tenancier appartenant aux fermes de Kvie. Les maisons de Kvie sont construites pendant la période 1600–1850, et reconstruites à Valdres Folkemuseum en 1959–1960. Au musée, la ferme de Kvie représente une ferme de montagne, typique de la partie nord de Valdres. Les fermes comme Kvie, avaient souvent plusieurs fermes de tenanciers. À Valdres Folkemuseum, la ferme tenancier de Øvre Frigstadplassen, située un peu plus haut, représente une ferme de tenancier dépendant de Kvie.
-
Oppføring - 1800
-
Gjenoppføring - 1959 — 1960
-
Relation
Classification
-
- Bygninger (Outline) OU 340
Placement
References
-
- Litteraturreferanse K. Sukke: "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier VFF.050
- Part of collection Valdres Folkemuseum
- Owner of collection Valdresmusea
- Institution Valdres Folkemuseum
- Date published November 26, 2015
- Date updated December 3, 2021
- DIMU-CODE 021056020008
- UUID 8a506ad4-be40-4095-844d-13494bbde60e
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».