Part of exhibition
History
-
Frå føraren for Valdres Folkemuseum (2012):
"Eldhus frå Lome, gnr. 32, bnr. 2, i Vestre Slidre. Truleg bygd ikring 1700. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1959. Eldhuset er noko større enn det som er vanleg på gardane i Nord-Valdres. Til høgre peis for baking, vasking og koking. Til venstre i peisen kjelerom for gardsfargeri. Til venstre i rommet sengehjell og hjell for turking av materialar."
Frå Knut Hermundstads handskrevne Husbok for Valdres Folkemuseum (1950-talet):
"Lomiseldhuset er gåve frå Gullik Lome på Lome, g.nr. 32, br.nr. 2 i Vestre Slidre. Ein fekk det i 1950; men det vart rive og køyrt ned til V.F: i 1955. Knut Hauge var ein god mellommann. Eldhuset er vakkert, gamalt og sermerkt. Truleg er det bygt i 1700-talet. Tømringi, dei småe glasi, den breie døri og den flotte reisingi skulle tyde på høg alder. I eldhuset er det til vinstre, når ein kjem inn, ein hjell eller tarv(?). Her var det sengeplass , og her vart det turka trevyrke. Omlag halvparten av golvet er av stampa jord. Vinstre halvdel er tregolv. Peisen vart mura oppatt i 1889, for då var han falleferdig. Jamsides sjølve peisen er det mura attåt eit kokerom for ei fargerigryte. Ein elda dette romet gjennom eit ... sjølve peisen. Museumsstyraren var på Lome og målde opp både huset og peisen og tok eit par fotografi av det vakre huset i 1955. På grunnlag av dette, laga sløydlærar Olav Rudi teikning av huset. Ein søkte så statstilskot til oppatsetjingi saman med Kviishusi og fekke kr. 10.000 to gonger, 1958 og 1959, til oppattbyggingi. Arbeidet vart sett bort til Bråten og Breiset, som skulle ha kr 3000 for arbeidet. Huset er ein del av eit Vestre Slidre-tun, saman med Tvengjistoga. Lomis-eldhuset var i vissa i fullt bruk då Gøleik Eivindssøn levde. Han var født 1784 og var utskriven til krigen i 1808-1814."
I 1956 var Gullik Lome gjort til æresmedlem av Valdres Folkemuseum.
Norsk Folkemuseum har bilete frå tunet før flytting av hus til Valdres Folkemuseum, Leif Løchen var fotograf. Sjå mellom anna:
https://digitaltmuseum.no/011013349615?query=lome&pos=9
ENGLISH:
Cookhouse from Lome: Cookhouse from Lome in Vestre Slidre, probably built around 1700, rebuilt at the museum in 1959. The cookhouse is somewhat larger than usual on farms in northern Valdres. To the right is a fireplace for baking, washing, and cooking. To the left in the fireplace, there is room for a large pot for dying yarn. To the left in the room is a sleeping bench and a shelf for drying wooden boards.
FRANÇAIS:
Fournil de Lome: Fournil de Lome, à Vestre Slidre. Probablement construit vers 1700. Reconstruit à Valdres Folkemuseum en 1959. Ce fournil est un peu plus grand de ce qu’était l’habitude sur les fermes dans le nord de Valdres. A droite, il y a une cheminée pour faire du pain et des gâteaux, la lessive et de la cuisson. Dans la cheminée, à gauche, il y a une chaufferie avec une chaudière pour la teinturerie de la ferme. A gauche dans la pièce, sous les combles, il y a un lit et une construction pour le séchage des matériaux.
Oppføring: 1700
Riving: 1955
Gjenoppføring: 1959
Aksesjon: 1950
- Giver/siste eierGullik Lome
- DigitaltMuseumSearch in «Gullik Lome»
Classification
-
- Bygninger (Outline)OU 340
Placement
References
- Relaterte objekterFoto: Leif Løchen - Norsk Folkemuseums samling
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVFF.060
- Part of collectionValdres Folkemuseum
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionValdres Folkemuseum
- Date publishedNovember 27, 2015
- Date updatedDecember 3, 2021
- DIMU-CODE021056020741
- UUID71824515-b37b-4144-8eba-8142a62e6515
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».