Part of exhibition
History
-
-
Frå føraren på Valdres Folkemuseum (2012):
"Stove frå Dølahushauge, gnr. 46, bnr. 41, i Øystre Slidre. Fremste rommet er truleg frå ikring 1750. Kleven er bygd på ikring 1800, og svala i 1880-åra. Taket i det fremste rommet er særmerkt og er av rund tro. Dølahushaugen var husmannsplass under garden Melby. På museet er bygningen utstyrt som arbeidsrom for tekstilarbeid. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1952."
Frå Knut Hermundstads handskrevne Husbok for Valdres Folkemuseum (1950-talet):
"Dølahaugstogo er frå småbruket Dølehaugen i Kollstadbygdi i Ø. Slidre. Det er fyrste huset som vart sett opp i Storøy'n utanfor idrottsplassen. Det var bonde og kjøpmann G.K. Hovi og Ola K. Rogne som gjorde VF merksam på dette huset. Det var kjøpt for kr. 1500,- i 1951 og sett opp att av Einar Bråten i 1953. Betalinga var kr. 4.300,- for Dalahaugstoga, Kviis-tørrstoga og Løtaslett-badstogo. Huset er sermerkt. Fremste romet er truleg frå ikr. 1750, helst noko eldre. Kleven er innattsett noko seinare, truleg ikr. 1800. Taket i fremste romet er rund grov tro, og det sjeldan er sjeldan å sjå det no i setohus. I veggen rett mot døri er det merke etter glugg. Truleg har dette romet vore ei årestoge utan glas og tregolv. Det vesle glaset bak høgsetet syner korleis alle glasi eller vindaugo ein gong var. Då huset vart sett oppatt, burde ein ha fått laga nye, små glas som høgseteglaset, men den gongen hadde ikkje VF råd til slik utlegg. Svali er frå 1870-80 åri. Kleven har himling og har vore gjesterom og soverom. Ola N. Strande har gjeve alt innbuet, så nær som bordet i stogo "framme". Det fylgde med i handelen. (...)"
Frå arkitekt MNAL K. Sukke: "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2 (1964):
"Dølehaugstova frå Øystre Slidre har åsetak med ein sideås under kvar takflate og mønsås. Over åsane er det her rund troved, noko som var sjeldan å sjå i seto-hus heime. Fremste romet er truleg frå ikr. 1750. Klæven er sett attåt seinare, kanskje ikr. 1800. Stova har det vanlege inventaret: framskåp, høgsete, roskåp, langbord, fast benk, krakk, slagklokke og peis. Klæven var tidlegare gjesterom og."
Frå Geir Beitrusten: Valdres Bygdebok - Gardar og slektar i Øystre Slidre - Band B (1987):
"Bruket Haugen sør og ned for Melbisbrøtin (mellom den gamle og den nye gjennomfartsvegen) heitte i gamal tid Dølahushaugen."
Frå Harald Hvattum: Valdres Folkemuseum 1901-2001 (2001):
"(...) Som Midtre Tvenge var han større enn husmannsplassar flest. I 1865 hadde husmannsparet, Ole Andersson og Ragnhild Pedersdotter, 1 hest, 6 kyr, 8 sauer og 4 geiter på plassen. Utsæden var 1 1/4 tynne bygg og 2 tynner poteter (1 tynne=138,97 liter). Ole er ikkje ført opp som handverkar i folketeljinga i 1865, men Per, sonen hans, som tok over plassen etter foreldra, var skinnmakar. På museet er bygningen utstyrt som arbeidsrom for tekstilarbeid. Det er og sett inn skomakarbord i huset. Kveto var husmannsplass under sørre Beito. Husmannen midt på 1800-talet, Ole Andersson Kveto, var skinnfellmakar og laggar. Ein laggar var ein som laga buttar, spann og tynner av tre. Fjøset (frå Kveto) er sett saman med Dølahushaugstogo for å syne korleis ein gamal husmannsplass kunne sjå ut på 1800-talet."
ENGLISH:
Cabin from Dølahushauge: From Øystre Slidre. The front room is probably from ca. 1750. The side room was added around 1800. The outside gallery was added in the 1880s. The ceiling in the main room is special and is made of round lengths of wood. Dølahushaugen was a cotter’s farm under the Melby farm. Here at the museum, it is equipped as a room for textile work. Rebuilt at Valdres Folk Museum in 1952.
FRANÇAIS:
Maison de Dølahushauge: Maison de la ferme Dølahushauge, à Øystre Slidre. La première pièce de la maison date probablement d’environ 1750. La pièce à côté est construite vers 1800 et la galerie est rajoutée dans les années 1880. Le toit dans la première pièce est particulier car la charpente est constituée des longs morceaux de bois ronds. Dølahushaugen était une ferme tenancier dépendante de la ferme Melby. Au musée, la maison est aménagée comme atelier de textiles. La maison a été reconstruite à Valdres Folkemuseum en 1952.
-
Oppføring - 1750
Usikker datering, helst noko eldre. -
Endring - 1800
Påbygd klev -
Endring - 1880
Påbygd svala -
Gjenoppføring - 1953
-
Classification
-
- Bygninger (Outline) OU 340
Placement
References
-
- Litteraturreferanse K. Sukke: "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2
- Litteraturreferanse Harald Hvattum: Valdres Folkemuseum 1901-2001
- Litteraturreferanse Frå Geir Beitrusten: Valdres Bygdebok - Gardar og slektar i Øystre Slidre - Band B
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier VFF.063
- Part of collection Valdres Folkemuseum
- Owner of collection Valdresmusea
- Institution Valdres Folkemuseum
- Date published November 27, 2015
- Date updated December 3, 2021
- DIMU-CODE 021056020845
- UUID f10ac6fd-0b75-4c0d-b82a-088417c579bc
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».