Part of exhibition
History
-
Frå skilt på bygningen på Valdres Folkemuseum (2012):
"Fiskebu frå Haldorsynøyn ved Bjødnahølen, gnr. 31, bnr. 1–4, i Øystre Slidre. Gamal fiskebu frå fyrst på 1700-talet. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1955. Gang med netbu midt i huset og bu med mura peis på kvar side. I kjellaren har det vore opplagsrom for fisk og lagerrom for fiskebuttar."
Frå Knut Hermundstads Husbok for Valdres Folkemusuem (1950-talet):
"Bjødnahøl-fiskebue på Haldorsynøy'n. Bjødnahølfiskebua stod på Haldorsyndøy'n ved Bjødnahølen i Øystre Slidre, g.nr. 31, bnr. 1, 2, 3 og 4. Han er gåve frå bonde Jon Nordtorp og Øystre Slidre herad. Ola K. Rogne og Knut Hermundstad var sumaren 1955 oppe i fjellet og såg bui, teikna ho og fotograferte ho. Bui er frå fyrst i 1700-talet etter innskorne innskrift i bui. Ho var flytt 1953 og sett oppatt på museet 1955. Det er ei dobbeltbu med gang i midten. Gangen vart nytta til nethus. Frå gangen går ei dør inn i ei bu på båe sidor. I kvar bu er ovn og senger. Under golvet av søre bu er kjellar som fiskarane nytta til å ha fiskebuttane i. Bui er tekt med eternitt med never etter kantane og torv oppå. Bui er 8,65 m lang og 2,8 m brei. og høgda til lofti er 1,6 m og til raustet 2,35 m. Arbeidet med flytting og reising kosta kr 2.171,- Haldor Hegge frakta ho fritt til Bygdin. Så kosta Øystre Slidre frakta til V.F."
Frå arkitekt MNAL K. Sukkes "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2 (1964):
"Bua er frå 1750. Det er gang med nethus midt i huset og ei bu med peis på kvar side. I kjellaren var det opplagsrom for fisk. Bua er bygd av flattelgde og høvla plank. Den fri rafthøgda er 1,60 meter. Taket er åsetak. Bua har fint profilert fyllingsdør."
Frå Knut Hermundstad: "Fisket" i Valdres Bygdebok V fyrste del (1964):
Frå permen om bygninger i husarkivet til Valdres Folkemuseum:
- Frå udatert, usignert notat: "Soga om Haldorskinnbue på Haldorskinnøy'n: Fiskebui stod på Haldorskinnøy'n. Dei kalla ho og Gulebue. Den søre delen er visst eldst. Ho har høyrt til staten frå fyrst av. Ola Sveinsson Søre Hegge, bestefar til han som døydde for nokre år sidan, og Rønjus Nordtorp m.fl. kjøpte bue frå staten i 1854. Med i handelen følgde Døradalen, Sandvatnet og Bjødnhølen. Ola Sveinsson og Rønjus Nordtorp hadde Bjødnhølen med bue. Ein Ola Hegge fekk tak i delen til Ola Sveinsson. Den hadde han til han selde til Helge Rognerud. Men då han laut søkje konsesjon, nytta heradet forkjøpsretten sin og kjøpte det Rognerud ville selja. Soleis åtte Øystre Slidre herad halvparten i Gulebue."
ENGLISH:
Fishing hut from Haldorsynøyn: Old fishing hut from the early 18th century at Bjødnahølen in Øystre Slidre, rebuilt at the museum in 1955. Corridor with for storing fishing nets in the middle of the house and side rooms with brick fireplaces on each side. Storeroom for fish and barrels in the cellar.
FRANÇAIS:
Cabane de pêcheur de Haldorsynøyn:
Cabane de pêcheur de Haldorsynøyn, près de Bjødnahølen, à Øystre Slidre. La cabane date du début du 18ème siècle. Reconstruite à Valdres Folkemuseum en 1955. Un couloir avec remise de filets au milieu, et une pièce d’habitation avec une cheminée maçonnée dans les deux côtés. Au sous-sol, il y avait un dépôt de poisson et une réserve de bidons de poisson.
Oppføring: 1700 - 1750
Flytting
Riving: 1953
Gjenoppføring: 1955
Aksesjon: 1953 - 1955
- Giver/siste eierNordtorp, Jon
- DigitaltMuseumSearch in «Nordtorp, Jon»
Classification
-
- Ferskvannsfiske (Outline - Fiske)OU 226.7
- Bygninger (Outline)OU 340
Placement
References
-
- LitteraturreferanseKnut Hermundstad: "Fisket" i Valdres Bygdebok V fyrste del
- LitteraturreferanseK. Sukkes "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVFF.099
- Part of collectionValdres Folkemuseum
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionValdres Folkemuseum
- Date publishedNovember 27, 2015
- Date updatedNovember 4, 2021
- DIMU-CODE021056021262
- UUIDad92beb9-784b-49e3-8361-a262562df3e8
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».