Part of exhibition
History
-
-
Frå føraren på Valdres Folkemuseum (2012):
"Seterbu frå Svartfjell i Sør-Aurdal, haustseter for garden Steinsrud, gnr. 68, bnr. 1 i Begnadale, bygd ikring 1775. Stølen vart nedlagd ikring 1920. Etter den tid vart bua nytta til lagring av lauv. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1956. Dette er ei årebu med eldstad midt på golvet og røykopning, ljore, i taket. Framme er det stellebenk, langbenk og sengehjell, i mjølkebua buaslinder (stokkar som hyller). I begge romma er det sjågluggar med gluggestampar."
Frå Knut Hermundstads handskrevne Husbok for Valdres Folkemuseum (1950-talet):
"Heimsætra Svartfjellbua har vore haustsæter til garden Steinsrud i Beindalen g.nr. 68, br.br. 1, i Sør-Aurdal. Ho er oppsett truleg før 1750. Det er gåve til museet frå Engebret Syverson Stensrud. Far til gjevaren, Syver Engebretson Stensrud, f. 29.9.1891 fortel: "Eg var på Svartfjellhaustsætra då eg var 6 år og låg då i sengehjellen." Mellom utdøri og buadøri var stellebenken som og var matbord. Fram for hjellen var sengeskørre, ein benk til å sitja på og til å trø på når ein skulle opp i hjellen og leggje seg. Det var ei hylle i bui på øvre veggen og med ein benk langs veggen nedafor hylla. I 1917-18 la SYver Stensrud nytt tak på bua og ny mønsås. Straks etter vart sætri nedlagt. Husmannen på Steinsrud nytta no bua til lauv og forhus. Til å brenne på var det ein steinpåll, ein åre, ytst i Beindala kalla dei han eise. Røykholdet i taket var kjoren med ein kjorelem med ljorestang i. Sjølve selet kalla dei eldbu. Frå denne gjekk det ei før inn i mjølkebua. På Svartsætra var det ein stor sætervoll, som no er tilvaksen med skog. Det var og eit fjøs i to høgder. I 1. h. var sjølve fjøset. I 2. h. var det forhus med køyrebru. Så var det eit serskilt sauehus. Syver Stensrud: "Ikr. 1910 var eg med og slo vollen på Svartsætra. I skogen ved Svartsætra, ved Høgbakkbråtan, vart det ei tid før 1900 skote ein bjørn med 3 føter. Eine foten hadde han mist i ei saks. Ein tid etter skaut Anton Sør-Garthus ein liten bjørn på sørsida åt Svartfjellkollen. Han bar han på ryggen nedatt. Einar Bråten og Torbjørn Breiset sette opp Svartfjellbua i 1955 for kr. 1000,- V.F. fekk bui i 1954. Seterbua har stampa jordgolv."
Frå arkitekt MNAL K. Sukkes "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2 (1964):
"Svartfjellbua frå ei haustseter i Steinsrud i Beindalen har todelt plan. Døra står i langveggen. Eldbua har åre (eise) på golvet og ljore i taket ved sida av mønsåsen. Over to sideåsar er skjæringstreet lagt opp. (Nord-Valdres: Røykbal.) Ljorestonga sit fast i ljorelemmen. Både eldbu og mjølkebu har jordgolv. Mjølkebua har buaslinder og glugg med gluggstamp. Eldbua har ingen glas, men sjåglugg i veggen, og vanleg glugg over sengehjellen. Sengehjellane ligg etter kvarandre ved gavlveggen og er skilt med fotspennekulten. Ved døra er stellebenk."
Frå artikkel om Svartfjellbua i avisa Valdres 28. juni 2001, skrive av Olav Robøle:
"Skogmystisk uke på museet. - Krigsvåren var bua grei å ty til. Da de bomba nord ved Garthushaugen, var vi sju personer som dro hit. To døgn holdt vi til her. Tett under stupbratte Svartfjellkollen mellom Begnadalen og Muggedalen skulle det godt gjøres at noe bombefly kunne komme til. Engebret Stensrud som trekker fram i minnet dette som trolig var siste gangen Svartfjellbua var i bruk, kommer imidlertid i hug at framkomsten var trå, også for folk og hest. Ettervinteren 1940 var jo også barsk med hensyn til snømengder.
Årestue fra 1700-tallet: Og hesten hadde fortsatt ei viktig rolle å spille, og det var plass til den i samme hus som menneskene. Svartfjellbua, bygd ca. 1775, var nemlig seter omtrent fram til forrige århundreskifte. Etter den tid, skifta mjølkebua karakter til et lagringssted for lauv. Det ble også skåret hull i veggen, slik at en hadde vinterkvarter for gamp. De stokkene som ble tatt ut, ble felt på plass igjen etter at huset kom til museet i 1955. Huset er spesielt på flere måter, ikke minst fordi det er ei årestue av det gamle slaget, med eldstedet midt på jordgolvet, røykluke i taket, lufte- og lysglugg i veggene, og veggfaste sengebrisker. Ikke rart at daværende museumsentusiast Knut Hermundstad ivra etter å få huset flytta da han fikk se det. Og på tide var det, taket begynte å bære preg av at stua hadde stått ubrukt for det meste gjennom et halvt århundre. Men vegger og dører er intakte, og for den som tar seg tid, kan det grubles mye kring bokstaver, tall og dekorasjoner som er innskåret.
Senter for bygdedager: Derfor er det ikke rart at Svartfjellbua spiller ei viktig rolle når Sør-Aurdal denne uka dominerer på museumsområdet, og da er Engebret den sjøvskrevne informanten, sjøl om han er rask med å innrømme at hans egen slektstilknytting til garden først oppsto for omtrent 150 år siden, da storspillemannen Arne Stensrud som den siste av det gamle dynastiet tok familien med og reiste til Amerika. Engebret fører sine røtter på garden tilbake til den legendariske Oske-Engebret, han som dreiv både Stensrud og Storsveen. Men uka byr på langt mer fra den kommunen som kanskje aller mest flommer over av historier her i Valdres. Hafton-bygningen fra Leirskogen er jo ellers i året et av de mest populære stoppestedene, og her blir historia rulla opp om den mektige Ola, som hadde svarteboka og kunne ta mystiske krefter til hjelp.
Skogsbygda viser ansikt: At Sør-Aurdalø er fylkets skogsbygd framfor andre, blir også synliggjort, med visning av redskaper som har vært i bruk gjennom forskjellige tidsperioder, og demonstrasjon av hvordan gamle arbeidsteknikker og tradisjonelt material gjør lykke også i vår tid, gjennom produksjon av skigard. Og plansjer og anna informasjonsmateriale gir sine påminninger om at det er mer spennende opplevinger å hente i de bygdene som nå viser ansikt."
ENGLISH:
Mountain hut from Svartfjell: Built around 1775, it was used by the Steinsrud Farm, Sør-Aurdal. From 1920 it was only used to as a barn for leaves. It was rebuilt at the museum in 1956. This is an open-hearth hut with benches along the walls and a smoke hole in the roof. Benches provide a working surface, seating and a place to sleep. Next door is the room for storing milk with rods set up along the walls to acts as shelves. Both rooms have peep-holes that could be closed.
FRANÇAIS:
Chalet d’alpage de Svartfjell: Le chalet d’alpage de Svartfjell à Sør-Aurdal, était l’alpage d’automne de la ferme Steinsrud à Begnadale. Il est construit vers 1775, et abandonné vers 1920. Après cette époque, le chalet a été utilisé comme fenil de feuilles. Le chalet a été reconstruit à Valdres Folkemuseum en 1956. C’est un chalet avec âtre au centre de la pièce et un trou à fumée dans le toit. Dans la pièce principale, il y a des bancs attachés aux murs et un lit en encorbellement; dans la laiterie à côté, il y a des rondins servant d’étagères. Dans les deux pièces, il y a des lucarnes et des bouchons pour les fermer.
-
Oppføring - 1750 — 1775
Usikker datering -
Gjenoppføring - 1956
-
Aksesjon
-
Giver/siste eier
Stensrud, Engebret Syversen
- DigitaltMuseum Search in «Stensrud, Engebret Syversen»
-
Classification
-
- Bygninger (Outline) OU 340
Placement
References
-
- Litteraturreferanse Gjermundsen, Jon Ola: Gard og bygd i Sør-Aurdal. C : Garthus, Tollevsrud og Strømmen, s 80ff
- Litteraturreferanse K. Sukkes "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier VFF.076
- Part of collection Valdres Folkemuseum
- Owner of collection Valdresmusea
- Institution Valdres Folkemuseum
- Date published November 27, 2015
- Date updated December 14, 2021
- DIMU-CODE 021056021575
- UUID b7b93e00-5c0f-4b6b-9005-9376a79d7671
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».