Part of exhibition
History
-
Frå føraren for Valdres Folkemuseum (2012):
"Gamal bekkekvern frå garden Lalim, gnr. 94, bnr. 1, i Vang. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1959. Ein vassdriven kvernkall dreg den øvre kvernsteinen rundt. Kornet renn frå ei teine nedi auga på denne steinen, og mjølet kjem ut att i mjølkista under steinane. Kornet kan malast med ulik kvalitet, grovt eller fint. Dette gjer ein ved å heise eller senke grunnstokken, som kvernkallen og kvernsteinane kviler tyngda si på."
Frå føraren for Valdres Folkemuseum (1960):
"(...) Det er flytt og sett oppatt i Ulvedalen nær Skattebukvednahuset. Ein driv dette og med vatn frå Ulvedalstjernet."
Frå heimesida til Valdresmusea.no per 7. juli 2015:
"HANDKVERN. Neste framsteget med kvernene var handkverna, to sirkelforma steinar, som ein la i ei kasse (kopi på Valdres Folkemuseum). Den nedste steinen låg roleg, men var forankra til den øvste steinen med ein festanordning i midten. Den øvste steinen drog ein rundt med ein pinne, som var festa i eit hol, bora i utkanten av øvste kvernsteinen. Denne hadde òg eit større, rundt hol, kvednaauga, som ein fylte med det kornet ein skulle mala. Slike handkverner var vanlege på gardane til ut på 1960-talet. Ofte nytta dei då kvernene til å mala malt og salt på.
BEKKEKVERN. Kornmaling med vasskraft er det eldste opptaket til industriell verksemd, drive med mekanisk kraft. Til Noreg kom vasskvernene truleg ein gong sist i vikingtida eller tidleg i mellomalderen. Stadnamnet kvern finst i mange samanhengar samansatt med endinga vin, ei namnsamansetting som det var slutt med lenge før vikingtida. Dette kan tyde på at det var kverner i Noreg før vikingtida. Frå ei rettssak i Valdres i 1334 blir kvernhuset og møllehuset nemnde om kvarandre. I fylgje O. K. Ødegaard var det i 1667 112 kverner i Valdres, dei fleste i dei nordre bygdene. I 1723 var det 262 kverner. Sume gardar hadde eige kvern, medan gardane i andre bygder mol korn på same kverna. Kvernene i sørre Valdres var færre, men større og mol korn for fleire gardar for eit visst vederlag. Dei gamle kvernhusa var mest alltid tømra bygningar, og stod på grunnmur av stein. Kvernhusa vart vanlegvis tekte med bord. På gamle gardskverner mol for det meste kvar åt seg. Av og til vart kvernene øydelagde av ukunnige møllarar. Åtte ein ikkje kverna, lånte ein ei. Alle som stelte kverna godt, fekk mala sjølve. Sume stader kunne ein mala året rundt, men vanlegvis mol dei vår og haust. Dette hang saman med at det var på denne tida av året ein vanlegvis treska og turka kornet.
SLIK BRUKTE DEI BEKKEKVERNENE. Kornet vart tømt opp i ei kvednatein. Herifrå rann det ned til kvedanauga i den øvste kvednasteinen og vart male mellom dei kvedansteinane. Steinane vart vanlegvis kjøpte, eller ein hogde dei uta av høvelege berg. I Akroken ved Leira, Kvednahøe ved Vinstervatnet, vesta Øyangen og i Døvrismørke ved Fagernes har det vore hogge kvednasteinar. Kornet kunne ein male med ulik kvalitet, grovt eller fint. Dette gjorde ein ved å heise eller senke grunnstokken, som kvednakallen, og lenger opp, kvednasteinane, kvilte tyngda si på. Kvednasteinane vart dregne ved hjelp av vasskraft. Vatnet vart leidd inn frå ei kvednarenna, innpå på kvednakallen gjennom kvednarenna.
KVERNENE BLIR LAGT NED. Det som fyrst og fremst var grunnen til at gardskvernene vart lagt ned, var kravet om å få finare mjøl. Det fekk dei frå dei store møllene med sikteinnretningar og store valsemøller. Det vart derfor meir og meir vanleg å nytte kjøpemjøl. På 1920-talet kom det fleire lover om krav til godkjenning av møllene. Malinga laut gå føre seg i godkjente møller, og det var få bygdemøller som fekk slik godkjenning. I 1964 var det berre 11 godkjente møller i Valdres."
Sjå særoppgåve om Bekkekverna ved Lalim skrive av Halvor Tangen (Valdres Gymnas, tidleg 1970-tal) (Opplandsarkivet, avd. Valdres Folkemuseum)
- Statens kornforretning betalte flytting og restaurering av bekkekverna.
ENGLISH:
Mill from Lalim: Old mill from the Lalim farm in Vang, rebuilt at the museum in 1959. A water wheel turns the millstone. The grain runs from a grain silo into the eye of the mill stone, and the flour falls into the flour trough under the stones. The grain may be finely or coarsely ground. This may be adjusted by lifting or lowering the bottom beam upon which the water mill and the mill stones rest their weight.
FRANÇAIS:
Moulin de Lalim: Ancien moulin à eau de la ferme Lalim, à Vang, reconstruit à Valdres Folkemuseum en 1959. Une roue de moulin actionne la meule supérieure. Le blée tombe d’une caisse et dans l’œil de la meule. La farine sort dans un coffre au-dessous des pierres. Le blé peut être moulu en différents qualités, gros ou fin. Pour faire cela, on lève ou baisse la construction sur laquelle la roue de moulin et la meule reposent.
Gjenoppføring: 1959
Aksesjon
"Skjenket 1959": Jf. Oversikt over gamle hus i V.F.s eie (1968):Oppføring: 1800 - 1850
Classification
Placement
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVFF.083
- Part of collectionValdres Folkemuseum
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionValdres Folkemuseum
- Date publishedDecember 3, 2015
- Date updatedApril 25, 2024
- DIMU-CODE021056023441
- UUID05f1d193-975a-4aa1-94d4-9833807fa7d3
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».