Part of exhibition
History
-
Frå Valdres Folkemuseum sitt bedriftsarkiv står følgjande:
Frå føraren til Valdres Folkemuseum (2012):
"Sel frå Tvengjistøle, gnr. 44, bnr. 16, i Vestre Slidre. Bygd i åra 1946–1947 på nordre Trøllhøvd. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1998. Selet representerer det moderniserte landbruket, men med sterke røter i lokal byggeskikk. Selet er langsmalt, 10,30 m langt og 4,25 m breitt, med form og takvinkel som ved eldre lafta sel. Ytterveggene er måla, og taket er tekt med eternit. Selet har tre rom og gang, stove til venstre med peis, midtrommet har seng, benker og vedkomfyr der ein laga mat. I mjølkebua til høgre er det ringomn til ysting, og på motsett vegg er det hyller til lagring av ferdige mjølkeprodukt som ost og smør. Rommet har dør som vender ut mot fjøset. Hovudhuset på stølen kalle dei sel i Nord-Valdres og seterhus eller seterbu i Sør-Valdres. Slike hus hadde eit bustadrom for folk, ein gang og ei bu/eit lagerrom for mjølk og ost."
Frå 413 Tvengestølen i husarkivet på V.F. (1999):
"Bygningshistorisk syner husa på Tvengestølen ei overgangstid med sterke røtter i lokal byggeskikk, men med nokre nye trekk. Det langsmale selet har form og takvinkel som langt eldre lafta sel. Takkonstruksjonen med synlege sperrer på runde åsar er tradisjonell. Tappa bindingsverk og spannkledning står og for byggjetradisjonar som vart borte kort tid etter. Småruta glas (3x3 ruter), finn me att på langt eldre sel i området. Kort tid etter slo «Funkisstilen» gjennom også på sel (og hytter), med heile eller todelte ruter i kvar ramme. Golvbord, panelar, peis og ikkje minst eternitt på taket plasserar selet i ei nær fortid. (...) Opplysningar frå Olav Bråten 11.02.99: I 1946 om hausten støyfte dei grunnmuren, tok sand frå Trollhovd, hadde ikkje jarn. Starta å byggje i 1947/48. O. Bråten var med å bygde. I hans barndom var det 28 småbruk som hadde støl på Trollhovd. På taket bruka dei hondragne bord, det var bordtak i starten. Dørene og glasa var laga til i Holdalsfossen. Jon Tvenge var eigar, var bygningssnikkar. Kona Kari (tanta til Sverre Vik) var ikkje så mykje på stølen fordi ho måtte vera heime då dei ikkje hadde born, men dei hadde leiebudeie, mellom andre Alfhild Tvenge gift med Jon Tvenge, Ragnhild Solheim og Anna Haugrud Lajord. Nils far til Jon var husmann under prestegarden. Olav N. Tvenge kjøpte garden av Jon bror sin, han ga den seinare til son sin Nils Gisle. Han dreiv garden ei stund, men måtte selje til slutt og bur ikkje lenger i Valdres. Sonen Nils Gisle tok seinare over, han har tre døtre, forpakta Merket fjellgard ei stund.
ENGLISH:
Mountain hut from Tvenge mountain farm: Mountain hut from Tvenge mountain farm in Vestre Slidre, built during 1946–47 at northern Trøllhøvd, rebuilt at the museum in 1998. The hut represents modern farming but has strong roots in local building traditions. The hut is long and narrow, 10.30 meters long and 4.25 meters wide. The roof angle is the same as with older log cabins but the roofing is Eternit (fibre cement) and the outer walls are painted. The hut has three rooms and corridor. Living room to the left with fireplace, the middle room has a bed, benches and wood stove for cooking. In the milk storage room to the right, there is a special wood stove for cheese-making and on the opposite wall there are shelves for storing milk products such as cheese and butter. The milk room also has a door facing the cowhouse.
FRANÇAIS:
Chalet d’alpage de Tvengjistøle: Un chalet d’alpage de l’alpage Tvengjistøle, à Vestre Slidre, construit dans les années 1946–1947 à Trøllhøvd du Nord et reconstruit à Valdres Folkemuseum en 1998. Le chalet représente l’agriculture modernisée, mais il est bien ancré dans l’architecture traditionnelle. Le chalet est long de 10,30 m et large de 4,24 m. La forme du chalet et l’angle du toit sont comme dans un chalet traditionnel en poutres assemblées par emboîture. Les murs extérieurs sont peints et le toit et couvert d’amiante-ciment. Le chalet a trois pièces et une entrée; à gauche il y a la salle de séjour avec la cheminée. La pièce centrale comprend un lit, des bancs et une cuisinière à bois où l’on préparait les repas. Dans la laiterie à droite il y a une cuisinière pour la fabrication du fromage, sur le mur opposé, il y a des étagères pour le stockage des produits laitiers comme le fromage et le beurre. Il y a une porte s’ouvrant vers l’étable.
Gjenoppføring: 1998
Oppføring: 1946 - 1947
Gjenoppføring: 1998
Classification
-
- BygningerOU 340
Placement
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVFF.087
- Part of collectionValdres Folkemuseum
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionValdres Folkemuseum
- Date publishedDecember 3, 2015
- Date updatedJune 12, 2020
- DIMU-CODE021056023633
- UUID16ce7bd1-d5d5-45c0-8ba7-4d2f5ee970fc
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».