Part of exhibition
History
-
Skåterudmoen skole ble bygd i 1878. "Et hus med fire vegge, 10 alen på hver kant". Huset ble benyttet som skole inntil 1933.
Gården Skåterudmoen ble i 1861 innkjøpt til skoleformål. Skolen holdt først til i boligen til læreren, men etter hvert syntes læreren at det ble trangt og ubekvemt, både for elevene og familien. Et eget lite ettroms skolehus ble derfor bygd på gårdstunet i 1878.
Skolen ble nedlagt i 1934 da eiendommen ble solgt, og i 1936 ble skolehuset flyttet til en ny tomt på andre siden av hovedvegen. Der ble det stående til museet kunne flytte det for andre gang. Da skolen ble gjensreist på museet ble den innredet som skolekjøkken. Første kurs i gammeldags matlaging ble holdt i 2009. Det brukes også til møtelokale og mindre selskaper.
Kristine Blingsmo beskriver hvordan det var på Skåterudmoen skole fra 1906 til 1913.
Skåterudmoen skole.
Dette skolehuset var ingen stor og flott bygning. Nei, berre eitt rom med dør og 2 store glas på sørveggen, og 2 glas ned mot elva. Ei liten sval utafor døra. Raudmåla med kvite glaskarmar sto det ved storvegen, Riksveg 7. På denne skolen gjekk eg frå hausten 1906-1913.
Inne i huset var dobbeltpultar, eit kateter, 2-3 kart, eit skåp med nokre bøker og ein salmodikon. Trur og det var eit bilete frå "dei varme land" på eine veggen, eit vaskefat i eine kroken og ein stor vedovn som vermde godt i kalde dagar.
Vår gamle lærar Engebret Nestegård var ein god blid mann med grått skjegg og mangla ytterste ledd på høgre peikevefinger. Han røykte pipe og sa : Det må ikkje de gjera !
Det var ikkje mange born, 2-delt skole, 3 dagar for kvar i veka. Som landsens ungar var med solid kledd i heimevovne klær, strømpar av ull av sauen heime, og heimelaga sko.
Skoledagen tok alltid til med salmevers, oftast "Lover Herren han er nær" og slutta dagen med "Skriv deg Jesus på mitt hjerte".
Fyrste timen var det alltid religion. Bibelhistorie 2 gonger i veka, Katekisme 1 gong. Helst skulde me kunne leksa "utanåt" og buda med forklaring sjølvsagt heilt ordrett, likeeins dei 3 artiklar med forklaring, dei 7 bøner i Fadervår, Dåpen og Alterenssakrament-alt med forklaring. Nokre salmar lærde me og.
Andre timen var det rekning. Fyrst på tavla med griffel. Det vart forboden i mi tid. No vart det kladdebøker og blyant. Reknestykke med hadde heime måtte førast inn med penn og blekk, og tabellen måtte lærast.
Tredje timen var det lesing. Fyrst i A-B-C-boka og når med kunne reinlesa vart det lesebok. Alfabetet var øvd inn.
Dei siste timane veksla med Historie, Geografi og Naturfag. Skjønnskrifttimane vart det brukt penn og blekk, og det var om å gjere å få det likt det som sto der før. Men det var fort å få blekklattar både på fingrar og i boka. I det store frikvarteret kom matpakka fram: Heimebaka brød med smør, prim og ost. Me sat aleine då. Læraren gikk inn i huset sitt. Trur me var "snille" barn som følgde med i timane og leika i frikavarteret. Slo ball, sisten, "buldre blenken" eller sprang etter vegen. Det var ingen bilar eller sykler, berre ein og annan hest eller gåande. Men telefonen var komen. Desse mystiske trådane mellom stolpane. Det kom ein lyd fra desse trådane some tider. Tru om det var nokon som prata? Nei, me høyrde ikkje noko om me la øyra inntil ein stolpe !
Må ogso fortelje at med jentene hadde handarbeid ei kort tid om våren. Læraren då var Kari Markegård, seinare gift Ulsaker. Henne minnest me og med glede. Både ho og Nestegård gjorde eit godt arbeid med enkle hjelpemidler-og liten løn.
Av "storhendingar" var at presten kom ein dag, og juletrefesten kvar jul og skogplanting eit par gonger. Kvinneforeningsbasarane må og takast med. Bergensbanen vart bygd denne tid, og det kom nokre familiar som hadde born på skolen. Noko nytt og framant kom med dei. Dei prata "fint", hadde andre klær, dei kom med nye leikar og meir uro. Eit gløtt inn i framtida.
Men den store dagen i 1909 då Bergensbanen vart opna, troppa me opp på Nesbyen st. - ropa hurra for Kong Haakon VII, og ønska med det den nye tid velkomen.
Skåterudmoen skole var den fyrste som vart nedlagt, og huset vart flytta til andre sida av vegen. Burtgløymd og einsleg- med sine minner om ei tid som ingen idag skynar.
Kristine Blingsmo
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierHFN-bygning 028 Skåterudmoen skole
- Part of collectionHallingdal Museum
- Owner of collectionStiftelsen Hallingdal Museum
- InstitutionHallingdal Museum
- Date publishedDecember 9, 2015
- Date updatedMarch 21, 2024
- DIMU-CODE021056079403
- UUIDbb1cab80-1c3c-45f9-bb98-76627e564a5e
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».