Part of exhibition
History
-
Frå førar for Valdres Folkemuseum (1960):
"Nystøgosløe frå Osen på Otrøvatnet på Fillefjell er gåve frå Knut Nystuen i 1959. V.F. flytte og sette hos opp att same året i Ulvedalen ova kvernhusi. Ein gong tok ein 117 store fiskar i sløi på ein dag. Våren 1959 fekk ein siste gongen ein fiska med henne 20 fiskar. Otrøvatn-reguleringi tok vekk vatnet, so sløi vart ubrukeleg der ho låg. Øvst var slødammen, så spilkebotnen og så fiskekassa, som sto i vatn, så fisken kom i, ikkje kløtna."
Frå Knut Hermundstad: "Fisket - fiskereiskap eller fisketølor" i Valdres Bygdebok V fyrste del (1964):
"Slø. Den eldste fiskereiskapen er truleg sløe, som dei gamle la ned i elv eller bekk, der det var ein høveleg straum eller bekk i henne. Her laga fiskaren ein slødam med to skråliggjande fangarmar, gjegne- eller bægjemurar, som dei gamle sa. Desse leidde vatnet mot det strypet der sløi låg. Øvst var det der sløi låg lagt ned eit golv med spjelkar eller sløstaurar, som gjekk ned mot sjølve sløi. Dette golvet låg klemt mot elvebotnen, så fisken ikkje kunne smette under eller på sidone. Vatnet rann no frå slødammen og over sløstaurane, der det meste vatnet rann ned og selda fisken i frå, så han sprelte seg ned etter sløstaurane og sløgolvet og ned i sløkassa, som delvis sto i vatn, som fisken som nedi kom, levde til fiskarene kom og vekja sløi. (...) Skjeftesløi i Storå'n er truleg so gamal som garden, kan hende eldre. Skjefte er ein gong komen unna Helle, så denne garden har truleg ått sløi frå fyrst av. - Steinmurane som leier elvi ned mot sløi, kallar det sløgard'n. Den gamle sløi til Skjefte var 12 alner lang. Fremst mot sløgarden var ho 2 1/2 alen brei, og nedst 1 alen. Spilidn i botnen var tå staur. Dei låg 1/2 tomme frå kvarandre. Dei gjekk 3 alner opp i slødammen. Øvste tverrtreet i botnen kalla dei munnstøkken. Taket på sløi låg 3 alner frå botnen. På kvar side av spilene låg ein grunnstøkk. Inne i sjølve sløi var det ein ny munnstøkk. Sidone av sløi var tømra med tre kvarv. Taket var av klovningar, farved, som dei sa. Han kunne gå på tverken om det var flatt tak. (...) Framifrå sløer låg det i Storå'n ved ytre osen av Otrøvatnet på Fillefjell. Det var Nystova som åtte ho. Særleg utetter våren gjekk det mykje fisk på denne sløi. Såleis fekk dei ein vår 92 fiskar i ein dag på henne. Siste fangsten ein fekk, var våren 1959, då fekk ein 20 fiskar på ein dag. Men no har reguleringi av Otrøvatne øydelagt sløstøet, og Knut A. Nystuen gav difor sløi til Valdres Folkemuseum. Ho er sett opp att i Ulvedalen. Det er ei utgamal slø, dette. Ho er tømra av handsaga plank. Ho har lege i Otrøvassosen så lenge fråsegn går. (...)"
Frå heimesida til Valdresmusea.no per 18. februar 2016 http://valdresmusea.no/html.asp?nid=604&lid=1
"Hausten 2008 sette Valdres historielag og Valdresmusea i gang eit uvanleg rekonstruksjonsarbeid – av ei gamal fiskesløe i Seksisbekken i Vang. Initiativtakar var Ingvar Robøle, og arbeidet har vore leia av Nils J. Lykken og Valdresmusea. Det har vore fleire fiskesløer i Seksisbekken, og i gamle dagar høyrde desse til Raufjordheim og garden Sørre Lykken. Turisme og reiseliv var veksande næringar på slutten av 1800-talet. I Valdres vart dette forsterka ved utbygging av nye vegar i fjellet, les meir om dette i artikkelen om steinbryggja ved Bygdin austende. I 1897 sette vangsgjeldingen Kristoffer Dæhli (1864–1952) opp turisthotellet Bygdisheim ved Bygdin. Det var han som bygde opp att dei gamle fiskesløene ved Seksisbekken, og sidan den tid har sløene tilhøyrd eigarane av Bygdisheim.
SLØE - GAMAL FISKEREISKAP: Den eldste fiskereiskapen vi kjenner til er truleg sløe, skriv folkeminnegranskaren Knut Hermundstad i Valdres Bygdebok, band 5, fyrste del. Fiskesløa la dei ned i ein bekk eller ei elv, der det var høveleg straum. Her laga fiskaren ein slødam med to skråstilte fangarmar, gjenge- eller bægjemurar, som dei sa. Desse leidde vatnet mot det strypet der sløa låg. Øvst var det i sløa lagt ned eit golv med spjelkar eller sløstaurar, som gjekk ned mot sjølve sløa. Dette golvet låg klemt mot elvebotnen, så ikkje fisken kunne smette under eller på sidene. Vatnet rann no frå slødammen og over sløstaurane, der det meste av vatnet rann ned og selda fisken i frå. Så sprela fisken ned etter sløstaurane og ned i sløkassa, som delvis stod i vatn. Fiskesløa i Seksisbekken vart lafta opp heime hjå Nils J. Lykken og frakta med båt over Bygdisvatnet. Frå Bygdin vart ho boren om lag 200 meter opp i Seksisbekken. Sløa er sett opp av fire grunnstokkar, to i kvar høgd, på kvar side av sløstaurane. Sløstaurane kviler på enkle munnstokkar. Sløkassa er sett saman av dei fire grunnstokkane, i tillegg til to enkle laftekvarv under desse att.
FISKET I VALDRES: Knut Hermundstad skriv vidare om fisket i Valdres, at det sidan stein- og bronsealderen, og saman med veiding, vart rekna som ein av dei viktigaste næringsvegane i Valdres. Funnplassar frå desse tider, særleg frå steinalderen, ligg svært ofte der det var gode fiskevatn. Gjennom heile mellomalderen, og på 15-, 16- og 1700-talet er fisket rekna for ein av dei viktigaste næringsvegane for Valdresbøndene. Når ein likevel finn få skriftlege kjelder om denne næringsvegen, er det to grunnar for det, seier Hermundstad: Bøndene som åtte fiskerettane var redde skatten og gav opp minst mogleg av fisket. Og så var dei redde tevling med andre fiskarar. Dette var ein almen regel for alt fiske i alle bygder. I Valdres matrikkel for 1663 er det til dømes ingen i Vang som er oppførte med at dei har innkome av fisket. På 1800-talet, då turistferdsla tok til, vart det endå meir verdifullt å ha godt fiske. Hotell og pensjonat nytta ei mengd fisk i det daglege hushaldet, og framleis er det god skikk å servere fjellaure frå Valdresfjella. Kjelder: Robøle, Ingvar 2009: Oldebarn av Kristoffer Dæhli (1864–1952) og Lykken, Nils J. 2009: Eigar av garden Sørre Lykken."
Aksesjon
- Giver/siste eierNystuen, Knut
Gjenoppføring: 1959
Classification
Placement
References
-
- LitteraturreferanseKnut Hermundstad: Ættarminne - Gamal Valdres-kultur V fyrste del
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVFF.081
- Part of collectionValdres Folkemuseum
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionValdres Folkemuseum
- Date publishedDecember 11, 2015
- Date updatedJanuary 7, 2022
- DIMU-CODE021056098525
- UUID0d3d9d28-297b-4fe0-b06e-e2dcbb9e2974
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».