History
-
Dette er ei gammal tre-romsstogu, truleg 1600-tal. Det er usikkert om inventaret har noko med bygningen å gjere. Dei øvre delane av veggane ser ut til å vere svarte av sot. Det kan tyde på at dette har vore ei årestogu før pipa og spissen gjorde sitt inntog i Tinn.
Stoguromet var opphaldsrom, kjøken, arbeidsrom, serveringsstad og soverom. Her er langbord og ei seng som må vere ei noko redusert kroneseng. Framskåpet skal ha stått i ei årestogu (seinare eldhus) på Nordre Asland. Inne i kleven er det spor etter seng.
Denne stogo har ikkje blitt bruka som stogubygning sidan 1800-talet. Fram til krigen var det eldhus og i ein eller annan bruk til ca. 1955.
( Hallgrim Høydal )
Videre følger tekst av Arne Berg
Stogo er av dei på ei høgd og har vanleg treroms plan. Det vil seie ho har inngang til ei forstove, derifrå dør til stoverommet, men ikkje til koven. Han er tilgjengeleg berre frå stoverommet. Seinare skikk er at det vert direkte inngang utanfrå til stoverommet, eller inngang gjennom ei sval eller bislag, slik stova på Søre Gjellerud i Flesberg vart etter ho vart bygd omkring 1789.
Det er denne planen som etter Eilert Sundts arbeid vert kalla ¿ den akerhusiske stueform¿. Denne forma tar til å gjera seg gjeldane i Aust-Noreg utetter i 1600-åra, og gjer mykje av seg i 1700-åra.
Hægarstogo er frå tida før den akerhusiske stoveforma vart vanleg skikk. Seinare enn ca. 1700 er det lite tenkjeleg at stogo var bygd. Det spørs meir om kor lenge før 1700 ho kom til.
Eit anna kriterium å rekna med er novhogget. Her er tømra med ovale hovud. Halsen ligg heller høgt i stokketverrsnittet, men her er og hogg med halsen logre. Han ser ut til å ha femkanta tverrsnitt, men kan og ha tendens til garpe som i vanleg raulandshogg. Kinning er det berre i overhogget. I underhogget er rett fals. Etter kjende moteskifte i laftehogginga vil hogget i Hægardstogo i alder samsvara med det vi kom fram til med planforma stogo har. Spørsmålet tek seg oppatt: Kor langt nedi 1600-åra hamnar vi?
Truleg har stogo hatt kraftigare syllstokkar frå først av. Langveggene var truleg avslutta øvst med nåmtro mot taket. Berre i koven er no ei att.
I gamle stover plar det liggja himling over kovepartiet. Ikkje slik her. Men på innsida av nordre gavlveggen er det ein tydeleg sliss like over dørhøgd. Slissen tyder på at her har det vore opplegg for himling over koven. På innerveggen er ikkje opplegg. Om her har vore, kan det ha kome bort i omflytting etter omvøle av huset. Tilgjenge til eit trev er det ikkje merke etter. Her var kanskje ein laus stige i forstova.
Det neste kriterium å prøva er eldstad-form og ¿ plassering. Då kjem vi oppi eit emne som det har vore mykje dragsmål om: Når kom den opne skorsteinen, peisen, inn i bygdene våre? Utgangen på eit stridsemne har vorte at stover med mura peis kan godt ha vore bygde i 1600-åra, jamvel tidleg hundreåret. Dårleg økonomi som skulle hindre folk i å rå seg mura peisar, har ikkje vore allmenn.
I Hægardstogo finst ikkje, etter det vi kan sjå, sotsvarte veggar. Det tyder på at eldre eldstadform enn peisen har stogo ikkje hatt. Han er sett opp på tradisjonell stad. Anna plassering enn i innerskråa motsett inngangen er ikkje tenkjeleg.
Profilering i tømmert eller i opphavelege bygningsdelar, som t.d beitskier, finst ikkje. Innreiing elles er mykje yngre enn dei tømra veggene. Senga er måla i 1822.
Vindaugane er torams og einrams med tresprosser. Dette må og vera snekkararbeid som har kome til seinare. Attmed det minste vindauga, det ved høgsetet ved austre langveggen, står det att det heile av ei beitski. Ho visar at opphavleg vindauga har vore mykje logre enn dei som no er, og at det har hatt liggjane format; truleg var det ei ramme med blysprosser.
Det liggjande formatet høyrer og 1600-åra til. Her kan det like gjerne kome inn tidleg som seint i hundreåret. Om det tidfester stogo til før 1650 er uvisst. Det vert her, som så ofte elles, eit svar som berre åringsgranskinga kan gje.
Arne Berg
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierRT BYGG 011
- Part of collectionTinn Museum
- Owner of collectionTinn kommune
- InstitutionNorsk Industriarbeidermuseum
- Date publishedMarch 10, 2018
- Date updatedDecember 3, 2019
- DIMU-CODE021057677523
- UUIDc7942235-1596-4dc7-be25-7faa4e73580b
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».