History
-
Eksteriør:
Rakel og Andreas Vistnes fekk huset sett opp i samband med utskiftinga av fellestunet på Vistnes. Dei fekk Tjerand Olsen Bø, mykje nytta som tømmermann i Randaberg, til å bygga heimahuset i 1875. Ein del av materialen kom frå hus som stod i det gamle fellestunet. Det skal også vera litt gamalt skipstømmer i huset, men dette vart særleg nytta i løa.
No har huset ei pipe, slik det var opphavleg. Det var to piper i huset i perioden 1940 - 1975.
Taktekking: Enkeltkrumma uglaserte teglpanner. Det er to takpanner med glas på austsida. I samband med at huset vart gjort om til museum, vart det gjort ein del endringar: Ny ytterkledning og nye vindauge i gamal stil. kannelyrar på laftekassane. Huset har dør ut både på aust- og vestsida.
Skuten i sør var lenge fjerna, men i 1976, i samband med at anlegget vart gjort om til museum, vart skuten sett opp att.
Interiør:
Då huset skulle gjerast om til eit museumsanlegg, vart delar av interiøret ført attende til meir opphavleg utsjånad enn slik det då var. Kammerset vart ført attende til ei matbu, og samstundes vart golvet her gjort om til steingolv att. Det er merke eetter ei dør frå bua og inn til koven.
Grua i kjøkenet er bygd opp attt. Opphavleg var det heller på golvet, dei vart bytt ut med tregolv før 1. verdskrig. I stovetaket er det ei lita luke med lem over til å sleppa varme opp på loftet. Mykje av inventaret er samla inn frå gardane rundt i bygda. Mellom anna kjem etasjeomnen i stova frå jærhuset på Sande. Kjellaren under stova er opphavleg.
Tidlegare matbu/kammers er innreidd til kontor og lager for formidlinga på tunet og kan førast attende til opphavleg funksjon.
Bruk: 1874 - 1970 (Bygdebok samt opplysningar frå siste eigar)
- Tidligere eier Vistnes,
Oppføring: 1874 - 1876 (Bygdebok, Randaberg II, brosjyre om Vistnestunet utg. av Randaberg kommune)
Byggeår
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierJÆ702.01
- Part of collectionJærmuseet
- Owner of collectionJærmuseet
- InstitutionJærmuseet
- Date publishedDecember 22, 2018
- Date updatedFebruary 24, 2023
- DIMU-CODE021058031141
- UUIDc8eb4c44-27a7-4aca-b85e-4018bb4c035e
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».