History
-
Rollag er ei grend i Mæl sokn i Tinn. Der stod loftet som kring 1932 vart ført over til Tinn museum.
I vår samanheng er det øvre høgda som har størst interesse. Det er det først og fremst novhogga som gjer: I nedre høgda er rundtømmeret hogga med firkanta novhovud som smalnar godt frametter. I øvre høgda er hovuda ovale. Dei smalnar frametter der og, men ikkje så mykje. Halsen er hogga med garpe som i raulandslaft, kinning i overhogget, rett fals i underhogget. Ein treng ikkje nærare jamføring for å sjå at øvre høgda er eldre enn den nedre, kanskje vel 100 år som skil.
Truleg er samanhengen den at eit gammalt bur, kanskje eit jarbur, vart utvida med at dei har sett det opp på eit nytt bur, tømra etter mål av det gamle og med 8 novarmar til å bera svalgangane, vengene, kring øvre høgda.
Det gamle buret kan ha hatt syllstokkar med trapesforma tverrsnitt, er det likt til. Forma er enno å sjå både i langveggen og tverrveggen, endå om svillene er avhogne og omhogne. Dei langveggene har ovale hovud, jamvel der trapesforma enno er til innanfor krysningspunktet.
Veggstokkar elles er mykje avhogne, mest på innsida. Der ser det ut til at huset skal vera bygt med grovhoggen plank. Alle spor etter gammal innreiing som kan ha vore er dermed grundig utsletta.
Gavlssneiane er berre delvis flathogne. Dei fleste står med sine opphavlege runde flater. Stavlægjene er nye som alt takverk. Men vi kan rekna med at dei gamle og har vore magetelgde som det no berre er døme på i raustkabbane. Dei har visseleg og vore mykje grovare og meddregne med nåmtro slik at her var tett også mellom vegg og tak. No er her opent som i ei utløe.
Den store skilnaden i stokkedimensjonane kan vi merka oss. I øvre høgda byggjer fire omfar ca. 1,5 m, i nedre høgda trengst vel sju omfar for å greia det same. Dette kan sjåast i samanheng med tilgang på bygningstømmer i tida etter svartedauden. Kring år 1500 og utetter må det ha vore stutt veg etter grovt virke. Då var øvre høgda gjord. I 1700-åra var utvalet knappare, grannare tømmer laut nyttast. Då kom venteleg nedre høgda til.
Med bygningshistoriske kriterium er det ikkje godt å komma nærare. Det må vera ved dørene, særleg loftsdøra. Ho har merke etter tre gamle låsar, alle var bjørnelås for ei hand. Låsstokkar på beitskia har to hol som løker har gått gjennom, det eine er så stort at der har ein lås vore flytt. Difor må tre låsar ha vore i bruk, ein etter hin. Eine låsen hadde nyklehol gjennom dørbladet. Truleg har låsane hatt to fjører i sperremekanismen. Fjører, løker og styringskloss er alt saman bortkome; og alt er avløyst av smidd lås med vrinykkel.
I nedre høgda har det vore bjørnelå, men berre ein. Han var for ein hand han og. Som dei hine vart han avløyst av smidd lås. Bjørnelås har vore i bruk i lang tid, og er ikkje åleine nok til å tifesta etter. Men når fleire har vore brukt ein etter hin, kan det attåt grovleiken på tømmeret vera med på å tidfesta rommet i øvre høgda til første helvta av 1600-åra. Tidligare er det ikkje godt å koma, for dørbladet med nyklehol er avstiva med smale innspora labanskar. Eldre dørblad kunne ventast vera avstiva med pånagla okar.
Den fullstendige mangel på dekor, t.d. på og kring døra tyder ikkje på høg alder. Einaste gluggen som det gamle rommet har hatt, ein lang smal ein over døra. Han er kanskje komen til seinare. Plasseringa kan tyda på opplegg for ein brei burbite, men motsvarande opplegg i motsette raustet er her ikkje. Desse særkjenna gjer ikkje noko til eller frå på tidsfestinga. Som vanleg er det vanleg dendrokronologisk analyse som må avgjera byggjeåret.
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierRT BYGG 020
- Part of collectionTinn Museum
- Owner of collectionTinn kommune
- InstitutionNorsk Industriarbeidermuseum
- Date publishedNovember 27, 2019
- Date updatedDecember 3, 2019
- DIMU-CODE021058455277
- UUID95474f33-99f3-47b4-81b2-0b5e05a4a589
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».