History
-
Då skolemuseet vart oppretta, var førebuingsnemda sjølvsagt klar over at mu-seet trong husrom både til lagerplass for innsamla ting, og for høveleg utstillings-plass. Av Stavanger kommune fekk det då gratis husrom på St. Svithun skole. Det var eit heller stort rom, og det tilfredstilte det behovet som ein den gong hadde.
Men så fekk St.Svithun skole sjølv bruk for dette rommet, og i 1955 måtte museet flytte ut med sakene sine. Romsituasjonen var svært vanskeleg på den tida. Styret greidde ikkje å finna nye brukbare lokale, så samlinga stod nedpakka i om lag 2 år.
I mellomtida vart det arbeidd intenst for å finna ein ny lokalitet, og 21 stader vart vurdert. Til slutt vart ein merksam på 4 rom i kjellaren i den nye brann-stasjonen. Her var det rett nok ikkje dagsljos, men ellers var romma brukbare. Museet flytta inn her i 1957, og så var det å ta fatt på montering av utstillingane på ny. Her på brannstasjonen heldt museet til i 16 år, fram til 1973, då det igjen vart sagt opp.
Denne gongen gjekk det noko raskare med å finna nye lokale. No fekk mu-seet rom i ein sidebygning på Arkeologisk museum (tidligere Frue meieri). Etter ein del ominnreiing, kunne ein installere seg der. Dette var og ein sentral stad i byen, og museet fungerte godt også der. Men så gjekk det som dei andre sta-dene. Etter ein del år varsla AmS oppseiing, for museet trong plassen sjølv.
Så var det å ta fatt på nye synfaringar. Storhaug og St. Svithun skolar vart sett på som dei mest høvelege stadene, men der kunne ikkje museet få plass nok. Skolesjefen i Stavanger, Arnold Jøregensen, viste då til Kvaleberg skole. Der ville det såkalla 1920-bygget verta ledig i 1985, og museet kunne rekna med å få vera der i «overskueleg framtid».
Men styret var heller skeptisk til plassering av museet der, og i årsmeldinga for 1983 såg det slik på dette tilbodet: Med tanke på Skolemuseets framtid og den viktige rolle det bør spille innenfor skoleverket, er det betenkelig å gjemme det vekk i en utkant av byen. Museet bør ligge i nærheten av byens andre museer og kulturinstitusjoner av hensyn til status, publikumsbesøk og faglig samarbeid med andre museer og arkiv.
Det vart oppretta leigekontrakt med kommunen der museet fekk disponera heile huset utanom kjellaren. Huset er bygd i 1920 og er lite ombygd. De høver difor godt som tidstypisk skolehus frå den tida. Gamlestova måtte innreiast på ny, men ellers trong ein ikkje føreta omfattande ominnreiing. Det meste vart pussa opp.
Eit av klasseromma i 1. etasje vart innreid og utstyrt om lag slik det såg ut då det vart bygd i 1920. Kateterpodium kom på plass, og eit høgt gamalt kateter frå Vassøy skole vart sett inn. Museet hadde ikkje så mange gamle trepultar som ein trong her. Men ein fekk eit sett frå Kampen skole, og dei var om lag av same slaget som dei som stod i rommet frå først av.
Eit rom vart teke til naturfagrom, og det vart utstyrt med innreiing som hadde stått på Storhaug skole.
Det rommet i bygget som hadde vore handarbeidsrom, vart no teke i bruk som rom for formingsutstyr. Her har ein fått plass for ein del utstyr for faga sløyd, handarbeid og teikning. Det har og vore eit ynskje å syna korleis ein møblerte klasseromma i 1960-70 åra, og i eit rom vart det sett inn og plassert pulttypar som var vanlege på den tida.Det meste av oppussings- og ominnreiingsarbeidet var ferdig i 1987. Og 22. mai vart det opning av skolemuseet på den nye plassen, markert med ein festdag.
Bruk - Skolemuseet overtar inn i huset: 1985
Skolemuseet overtar det gamle skolebygget ved Kvaleberg skole
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierST-K-B07-01
- Part of collectionKulturhistorisk samling
- Owner of collectionMuseum Stavanger AS
- InstitutionKulturhistoriske samlinger (MUST)
- Date publishedDecember 17, 2019
- Date updatedDecember 17, 2019
- DIMU-CODE021058473681
- UUID6463228d-1ea8-4006-89ab-4d56c887b7df
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».