History
-
"Ramnestadnystova" eller "Ramnestad-loftet". På opphaveleg stad heitte den Oppigard-nystova.
Nystove frå midten av 1800-talet, der ein i andre høgda har brukt eit hus (nystove eller bu) frå 1700-talet. Då dette blei loftsrom, skar dei to opningar for glas i gavlen, med plass til eit skåp i mellom. I døra her er det måla: OA / SR / 1864, som truleg står for Ola Andersson Ramnestad ( Jf. Bygdebok for Gloppen er det fleire med dette namnet på dette bruket). Nøyaktig datering er uviss, informant Margit Sandal (f.1905) fortel at røykomnstova på bruket var bygd i 1844, og ho meinte nystova var bygd etter det. Dersom årstalet 1864 (inskripsjon) skulle stå for bygningsåret, er det rart at ein ikkje visste det då huset kom til museet i 1927. Det er difor sannsynlig at årstalet refererar til ei anna hending på garden.
Då huset stod på Ramnestad, var det ein lysglugge i muren på langveggen attmed inngangstrappa. Nystova stod då mellom stabburet og stova. Desse tre husa, og dertil matstova, stod i ei ras, alle med gavlen frametter.
Gjester sov i nystova om sommaren. Langs veggane stod mange kister. I nystova oppbevarte ein søndagsklede. I nystovedøra stod vevstolen ihopslegen og rokkar som ikkje var i bruk, og her stod tjæretønner og tønner dei samla bein i (til beinmjøl). Sponga (framrom til loftsrommet) var brukt som soverom. I loftsrommet var det også seng, kister, ei kjeraldhylle over senga og eit skåp mellom glasa som dei hadde småsaker som dei nytta når dei vov. Under bjelkane hang åkle og kvitel. Bua under nystoverommet vart brukt til båtbygging.
Mattis var brukar i Oppigard på Ramnestad 1890-1913 og båtbyggar attåt. Museet fekk bygd ein halvbygd færing, so verkstaden skulle syne ein færing i arbeid.
Eierskap
"Oppigard" på Ravnestad gnr/bnr 13/1 Gimmestad- Giver/siste eierRavnestad, Arne Kristensen
- Tidligere plasseringGloppen Rygg Ramnestad
Oppføring: 1840 (ca, iftl.protokoll. Andre høgda er eit eldre hus, ca. 1700.)
"Oppigard" på Ravnestad gnr/bnr 13/1 GimmestadBruk
Gjester sov i nystova om sommaren. Oppbevaring - kister og søndagsklede. Nystovedøra var til oppbevaring av større ting. Sponga (framrom til loftsrommet) var brukt som soverom. I loftsrommet var det også seng og kister, ei kjeraldhylle over senga og eit skåp mellom glasa og oppbevaring av åkler og kvitiler. Båtbygging i bua under nystova.- Informant Øen, Hans
- Informant Sandal, Margit
- AnnetOppigard, Mattis
Gjenoppføring: 1927 - 1929
Styrevedtak 6.3.1927 om kjøp av "nystove med loft som Arne Kristensen eig". Med i handelen var også seng og noko båtbyggarverkty. Sett opp på museet i 1929.- Giver/siste eierRavnestad, Arne Kristensen
- Overført til egen samlingNorge Sogn og Fjordane Gloppen Åsen Nordfjord Folkemuseum
Endring: 1939
Båtverkstaden i kjellaren under nystova vart innreiddFlytting: 1962
Huset vart flytt til den nye museumsstaden i Jølet.
References
-
- LitteraturreferanseBerg, Arne: Oppigard nystova frå Ramnestad I Årbok for Nordfjord 1990 s91-98
- ArkivreferanseArkivmappe NFM 610.11
- FotoreferanserÅrsmelding Nordfjord Folkemuseum for 1979
- LitteraturreferanseBerg, Arne: Nystover i og utanom museet I: Årbok for Nordfjord 1990 s.71-90
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierNFM.211
- Part of collectionNordfjord Folkemuseum
- Owner of collectionSogn og Fjordane
- InstitutionNordfjord Folkemuseum
- Date publishedDecember 21, 2019
- Date updatedMay 31, 2023
- DIMU-CODE021058479368
- UUID143fef2f-9b1c-406e-90df-b657a53f41a6
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».