History
-
Historikk: Fanejunker Johannes Tvedt sette opp huset sitt på bygsla tomt på garden Tveito i Omvikedal. Opphavleg stod huset lenger opp mot bøgarden. Der vart det teken av ei jordskreda og kona og eine barnet til Tvedt, omkom. I 1850-åra vart huset bygt på noverande grunn. Johannes Tvedt var ein markert person i Kvinnherad. Han var heradskasserar i meir enn 50 år og markerer såleis oppbygginga av den kommunale administrasjonen.
Mest kjend er Hauahuset som barndomsheim til forfattaren Jens Tvedt, 3. barnet til Johannes og andre kona hans, Kristi.
Jens Tvedt budde heile barndommen og deler av ungdommen i huset. Personar og levevis i dalføret er lett gjenkjenneleg i fleire av bøkene hans.
Ikring århundreskiftet vart Hauahuset seld til den engelske familien Skillbeck som i tre generasjonar nytta det til feriebustad. Familien hadde og to røykstover der dei samla antikvitetar som var innkjøpte i dalen. Ei av dei står i gardstunet.
Rektor Dunston Skillbeck gav Hauahuset til Sunnhordland Folkemuseum og Sogelag i 1959. Seinare har museet kjøpt tomta ikring huset. Røykstovene vart gjevne til garden.
Classification
-
- BoligerOU 342
- Landsbygd, bebyggelseOU 361.6
- HusholdningOU 592
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierSF.030021
- Part of collectionSunnhordland Museum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionSunnhordland Museum
- Date publishedJanuary 10, 2020
- Date updatedMay 8, 2020
- DIMU-CODE021058485607
- UUIDe7fe9b10-465b-4a5f-92fc-2a17cc7276b3
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».