History
-
Buret er kome frå Plassen, også nemnt Bonsåskåsè, under Nord-Reisjå, og er kjøpt av Liv O. Reisjå for 60 takplater.
Det er bygt i 1781, og buret snudde døra mot bakken som skikken var. Det er uppsett av rundt virke og har to rom.
Når det galdt å taka vare på maten var vel buret det mest umistelege huset på garden. Det var kanskje nest etter stoguhuset, det fyrste dei bygde – kanskje føre både fôrhus og fjos.
Det trongs å passe det ein hadde både for mus og anna som ”naska”. Difor sette dei buret på stolpar med svære halvklovningar til svillar kvelvde nedpå.
For det andre la dei inn grovtelgde tiljugolv og sette førlagde bjønnelåsar for dørene. Ein kan sjå ein slik i døra på Høgstrudstugo.
Det er også hogge eit hol i bursgolvet innfor døra, ikkje stort nok til å få ei hand igjennom, men ein ser det er hogge med øks. Sumtid bora dei hol i bursgolvet for å kome til kornkjæret. Det var alltids ei livberging.
Endå hende det eit og anna:
Eingong for lenge sidan hadde eit par karar kome og ville sjå om det var noko finne i dette buret. Det skulle vere ein numedøl dei kalla for Pipar-Jan, og so ein til som vistnok berre var med.
For å få opp låsen hadde dei skore hol i døra med knivane sine. Eit trikanta hol til å få armen igjennom. Ser ein vel etter, står knivdraga der den dag i dag. Der har seinare blitt felt inn eit ”sprons”.
Dei fann ein ”pondsrull” tobakk ( ½ kg) og noko prim og tok med seg. Nordpå Tveitjordet trefte dei på ein gamal kall som stod og slo. Det vart ein prat og so var han ikkje kar te å halde seg han som var med:
” Ja, no kjem det an på da, hosse tobakken `o primen kjem te forlikas”, sa han. Men det enda no med at dei tok og gav kallen tobakksbuss før dei fôr. Det var Plassemannen som stod og slo, og denne gongen vart han spandert på av sin eigen tobakk.
Enno heng eit lite tjøruhorn i buret. Det er halvt med tjøru og pinnen står i. Pinnen var til å stryke inn tjørukrossar over dørene med, som vern mot trollskap og anna fanteri.
Litt mystikk fylgjer med gamle bustader. Kittil Kittilsen fortalde noko slik:
” Her e`kveldvàrt her i Plassen. Det høve det kjem ein liten kar og set seg på burskorre om kvælln. Han sit liksom ò stire rondt seg eit bel, so e`n borte att. Ha sett`n fleire vendu.” (Fortalt av Johs. Tveiten.)
Då Kittil skulle til å spa åkeren sin nede under bakken, sette han ein plakat på stugudøra, om det kom nokon som ville treffe han: - Eg er gaaet under jorden. - - Raab!
(Informasjon etter O.J. Rui/hentet fra tidligere museum aust)
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierTUB BYGG 005
- Part of collectionTuddal bygdetun
- Owner of collectionTuddal bygdetun
- InstitutionNorsk Industriarbeidermuseum
- Date publishedOctober 6, 2020
- Date updatedFebruary 24, 2021
- DIMU-CODE021058790647
- UUID0368448e-5f9f-4189-a14d-6dceab33873b
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».