History
-
-
Bygningen er frå Kultan (før Deilden), og eigar var Tov Kultan.
Uttalen i bygdemålet var "ba`stògje". Badstugo er etter som Sig. Kultan fortel, helst bygd av ein Ole Olsen. Då er bygningen i alle fall ein god del over hundre år.
Badstugo stod noko lenger borti haugen aust for stugo, men vart flutt nærare husestaden i 1908 av John T. Kultan. Han pussa huset opp att og tekte det med spòn.
Som ein ser, er dette den vanlege typen med karmar rundt og dobbel karm på bakveggen. Omnen er mura av gråstein. Dei var særs godt ”tè-fondèra” for å halde på varmen, og dei bruka helst bjørkeved som heta godt. Røykglugga i veggen vart dytta om nettene.
So langt ein minnest er badstugo berre bruka til tørkehus av korn og malt, røyking av mat og anna. Det var eit triveleg og nyttig hus og gjorde sitt til eit fullkome gardsbiletet.
Det var fleire bekkekvernar i denne grenda so det var greitt å få male. Fyrste kverna var i Åråstulbekken ( skrivi Haraldstul) sidan ei i Heggelibekken, der dei fekk male i flaumtida. So sette Hans Kasin upp kvern i Blåtjønnbekken der han bygde dam og fekk bra med vatn. Sidan bygde John Kultan kvern nedi Fikstjønnbekken. Denne står enno.
Det vart fortalt at dei høyrde bjørnen ba`styrte og bles borti haugen ved badstugo. Det var på den tid Raghild, dotter til Ragnhild Vaale og Ole Resjå var der. Ho var med barn og bjørnen skulle være nærsøken mot dei som var i denne stoda. Dei låg i buret, og om natta høyrde han kom like inn på burskorra. ( av Sig. Og Tov Kultan)
Vidare fortalte dei at bjørnen tok ein kalv for dei i Sjoåsen, ende ned i skogen. Kalven hadde heft att etter buskapen so hadde bjørne kome og teke han. Kona åt Sigurd Dalen høyrde kalven belja og ville bort og sjå, men fekk inkje lov av guttungen fordi han var redd.
Dei la ut sjølvskot ved restane av kalven, men det hadde bomma. Det synte hoss bjørnen hadde rivi ut flis og borkeflenger av furuleggene uppover der han hadde fare.
Sigurd Dalen var talaren og salmediktaren og godfar til dei i Kultan. Flintelåsbørsa her er etter Ole Kultan og gjeve til Bygdetunet av Tov K. ”Ola har nok skote fugl med denne børsa” sa Tov.
(Informasjon etter O.J. Rui/hentet fra tidligere museum aust)
-
Classification
-
- Bygninger OUE 340
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier TUB BYGG 009
- Part of collection Tuddal bygdetun
- Owner of collection Tuddal bygdetun
- Institution Norsk Industriarbeidermuseum
- Date published October 6, 2020
- Date updated November 3, 2020
- DIMU-CODE 021058790654
- UUID ba165195-5d06-46f7-8e08-a9d0bbbae594
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».