Bondeopprøret i Telemark 1540

I tida før reformasjonen var det i ferd med å blåse opp til opprør blant bøndene i Telemark. Reformasjonen blei innført frå 1537, og innebar at kyrkja sine eigedomar blei overført til Kongen. Dette gjaldt også gruvedrifta ved Gullnes i Seljord, som Hamarbispen Mogens hadde  drive sidan han fekk skjerpeløyve i 1524.  

 Kong Christan III sende straks oppover profesjonelle tyske bergmenn til å drive gruvene, under leiing av bergverksmeister Hans Glaser. Dei to sette også i gong gruvedrift ved Moisberg i Fyresdal og ved Fossum i Skien. Det blei sett fram krav om utstrakt levering av varer og tenester, og etter kvart heile gardar og eigedomar kring gruvene. På same tid kom det også nye skatteordningar. Til saman blei det for mykje å akseptere for dei til da så frie bøndene i Øvre Telemark. I 1540 blei bergverksfolka regelrett kjeppjaga ut av bygdene, og sendt i retur på båten frå Skien.

 Kongen venta ikkje lenge med å sende troppar væpna med «fyrrør» for å  hamle opp med dei uregjerlege telemarkingane. I mellomtida samla bønder frå store delar av det øvre og «gamle» Telemark seg i den tronge Ambjørndalen. Dei var berre utrusta med pil og boge, økser og sverd, men hadde terrenget og lokalkunnskapen på si side. Kongens menn valde å sende inn to forhandlarar, såkalla «parlamentørar», inn i Ambjørndalen. Mot lovnad om fredlege tingingar gjekk bøndene etter kvart med på å bli med til Hjartdal prestegard.

 Men dei blei hardt svikne. Etter at dei la ned våpna i Bogali, blei dei tvert omringa og stilt for rettargang. Fem bondeleiarar blei halshogne, ein sjette blei sett til å vera bøddel. Dei andre måtte skrive under på at dei etter dette skulle vera fredelege og lydige undersåttar "under Fortabelse af vaares Ære, Formue, Liv og OdelsRet”. I tillegg blei heile bygdesamfunn hardt bøtelagde.

 Kongen hadde brote med den gamle og grunnleggande skikken å halde sitt ord. I fylgje somme historikarar  er det denne historia som ligg til grunn for den utbreidde mistrua mot øvrigheita som lenge heldt seg i Øvre Telemark.

Minnesmerket er oppført ved Hjartdal kyrkje, og relieffet er utført av Kari Buen.


Ynskjer du eit føredrag eller ei omvising med utgangspunkt i dette eller andre emne i den digitale kulturlandskapsruta, kan du kontakte Kulturlandskapssenteret i Telemark. Kontaktinformasjon finn du på heimesida, www.kulturlandskapssenteret.no. Den digitale kulturlandskapsruta er støtta av Hjartdal kommune. 

Hjartdal 30.04.2015, Ingvill Marit Buen Garnås, Kulturlandskapssenteret i Telemark

Share to