Hjartdal - Eit gamalt sentrum i Øvre Telemark

Ein post i Hjartdalsforteljingar (Den digitale kulturlandskapsruta). Ei kort forteljing om Hjartdal gamle prestegjeld, med vekt på geografisk utstrekkjing og kyrkjehistorie.

Vesle Hjartdal har ein gong vore eit sentrum for ein stor del av Øvre Telemark. Kan hende er det vanskeleg å førestille seg når du står ved Hjartdal kyrkje i dag. Kan hende kan du sjå for deg eit heilt anna landskap om du lærer historia å kjenne? 

Til innpå 1500-talet strakk  Hjartdal prestegjeld seg heilt inn mot Rauland i vest og Kongsberg i aust. Rekna frå vest mot aust har bygdene Åmotsdal, Svartdal, Hjartdal, Tuddal, Sauland, Gransherad, Bolkesjø, Jondalen og Lisleherad alle tidvis ligge til det same prestegjeldet. Gransherad blei skilt ut sist, rundt 1860. På same tid blei prestebustaden flytta frå Hjartdal til Sauland. I dag omfattar Hjartdal prestegjeld og kommune dei tre bygdene Hjartdal, Sauland og Tuddal.   

Ei staseleg stavkyrkje, «Holmskyrkja», som ho blei kalla, stod nede på kyrkjegardsvollen fram til den nye kyrkja blei bygd rundt 1809. Det finst enno restar etter grunnmuren nede i jordlaget. Det var rått i grunnen der ho stod, og vedlikehaldet var krevjande. Det kom til slutt eit pålegg om ny kyrkje, og den dåverande eigaren, Johannes H. Uvås, måtte innfri.

Den nye kyrkja blei vigsla i 1812. Byggmeistaren var Halvor Høgkasin, og kyrkja er halden i den såkalla Rønjomstilen. Den greske korsforma og det kronande midttårnet er typiske kjenneteikn for denne. Den kompakte forma er symbolsk og samlande, og må også seiast å høve godt i landskapet her i fjellbygdene. Høgkasin bygde også Tuddal og Rauland kyrkje. Inspiratoren, og mykje truleg læremeistaren, Jaran Rønjom, bygde Åmotsdal og Vinje kyrkje. 

Ingen veit når stavkyrkja blei bygd, men sannsynlegvis var den på plass ein gong mellom år 1100 og 1300. Eldste skriftlege spor etter kyrkja er eit prestebrev frå 1414. I fylgje ei skildring frå 1600-talet hadde kyrkja heile tjuge skruv og spontekte tak og svalgangar. Da kyrkja blei riven, var det nok lite overskot til tenke på kulturminnevern. Ingen måleri eller teikningar har vore å spore. Men med fantasien og ditt indre auga til hjelp, kan du kanskje klare å plassere den på kyrkjegarden sjølv?  Mange særs gamle gravminne er enno å sjå der, mellom anna solkrossar frå mellomalderen.

Ynskjer du eit føredrag eller ei omvising med utgangspunkt i dette eller andre emne i den digitale kulturlandskapsruta, kan du kontakte Kulturlandskapssenteret i Telemark. Kontaktinformasjon finn du på heimesida, www.kulturlandskapssenteret.no. Den digitale kulturlandskapsruta er støtta av Hjartdal kommune.

Hjartdal 30.04.2015, Ingvill Marit Buen Garnås, Kulturlandskapssenteret i Telemark.

Share to