Mor Sissel og Egdeungane

Blant alle prestefamiliane som har vore knytt til Hjartdal, er det særleg to familiar som har sett merke etter seg. Både Lind- og Finkenhagenfamilien var opptekne av folkekulturen, og har i ettertid sjølve glide inn som ein del av den fargerike sogetradisjonen i Hjartdal.

Presten Lars Lind med familie heldt til i Hjartdal på slutten av 1600- og byrjinga av 1700-talet. Herr Lars var rekna som ein tålmodig mann. Prestekona Cecilie Lind, betre kjend som Mor Sissel, var det etter sogene å døme meir futt i. Og soger er det nok å ta av; Herr Lars, Mor Sissel og borna deira gav opphavet til «Egde-Ungernes Saga», som Magnus Brostrup Landstad så utførleg skreiv ned etter ein anna prestefamilie i Hjartdal på midten av 1800-talet, nemleg prestefrua Thomine Finkenhagen og dottera Lisa.  

Sogene er fargerike og speglar på eventyrleg vis den brutale kvardagen i ei Telemarksbygd på 1600-talet. Noko i sogene er sant, og noko skal vera vandresoger og såkalla «prestesegner». Bakgrunnen for nemninga «Egde-ungerne» er uviss. Somme meiner den kjem av at Cecilie Lind var egde, altså kom frå Agder. Gardsnamnet Egderud litt sør for prestegarden har eit eldre opphav, og har ikkje samanheng med tilnamnet til Lindfamilien.  

Cecilie, født Luth, var bakardotter og på alle vis eit nevenyttig menneske. Ho fann seg eit leirtak og mura seg bakaromn sjølv. Med dette innførde ho nye typar bakverk til bygda. Blant andre kunstar ho meistra og villig lærte frå seg var filering av kjøt, brygging, skinnarbeid, saum, strikking, knipling og broderi. Sjølv så skal ho ha gjenge i ein blå skinnstakk med fellsida inn.

Prestesønene blei alle hjartdølar, og har mange etterkomarar etter seg. Særleg sonen Lars er myteomspunnen. Han skulle etter segna vera den vakraste guten som gjekk til Hjartdal kyrkje. Mor Sissel spela også langeleik, og når presten var på reise baud ho gjerne inn til dans i Prestegarden. Så dansa ungdomen. Men ingen trødde takten så lett som Lars; «Han var mjuk og ledaleg som ein siljutein. Når han dansa hallingen var det som fuglen flaug…»

Ynskjer du eit føredrag eller ei omvising med utgangspunkt i dette eller andre emne i den digitale kulturlandskapsruta, kan du kontakte Kulturlandskapssenteret i Telemark. Kontaktinformasjon finn du på heimesida, www.kulturlandskapssenteret.no. Den digitale kulturlandskapsruta er støtta av Hjartdal kommune.

Hjartdal 30.04.2015, Ingvill Marit Buen Garnås, Kulturlandskapssenteret i Telemark

Share to