Rasulykka i Lodalen 1936 - Dokumentert av fotograf Johannes Sponland.
By Sunnmøre Museum
I 2022 vart det funne ei plansje i kjellaren til Sponland Foto etter Johannes Sponland. Denne var frå rasulykka i Lodalen 1936. Johannes Sponland skal då ha vore til stades i områd ...
I 2022 vart det funne ei plansje i kjellaren til Sponland Foto etter Johannes Sponland. Denne var frå rasulykka i Lodalen 1936. Johannes Sponland skal då ha vore til stades i området rett etter ulykka og fotografert øydeleggingane. Johannes Sponland virket som fotograf i Ålesund frå 1907 og fram til sin død i 1962. Fleire foto etter Sponland syner at han reiste rundt for å dokumentere hendingar. Det skal for eksempel også finnast foto han har teke etter rasulykka i Tafjord i 1934. Det er mest sannsynleg at han sjølv har laga denne plansja. Slike hendingar gjorde nok eit stort inntrykk på han.
Rasulukka i Loen 1936 fann stad natta til 13. september 1936. Som under rasulukka i 1905 rasa det frå det 1493 meter høge Ramnefjellet i Loen i Stryn i Sogn og Fjordane, men noko høgare oppi fjellsida. Ein berghamar på over 1 million kubikkmeter rasa ned i vatnet, og skapte ei endå større flodbylgje mot bygdene Nesdal og Bødal, der 73 menneske omkom. 41 av desse vart ikkje funne. Denne gongen gjekk det verst ut over Bødal, som vart heilt vaska bort. Ni bruk med seksti hus, sylvrevfarmar, skule, grendahus, naust, båtar og all jord vart vaska bort. Bylgjene nådde ei høgd på 74 meter. Vraket av den gamle båten «Lodølen», som vart skyld 300 meter opp på land under det førre raset, vart skyld endå nokre hundre meter lenger opp. (Referert frå Wikipedia)
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».