Etableringa og utbygginga av Evebøfoss fabrikker frå 1906 -til slutten av 1980-talet fortel både ei historie om korleis elektrisiteten kom til Sogn og Fjordane og om korleis overgo ...
Etableringa og utbygginga av Evebøfoss fabrikker frå 1906 -til slutten av 1980-talet fortel både ei historie om korleis elektrisiteten kom til Sogn og Fjordane og om korleis overgongen frå sjølvhushald til industriproduksjon av ullvarar kunne gå føre seg.
I 1906 kjøpte gründeren Anders Hansen (1855-1915) halve fallretten til Evebøfossen på Sandane i Gloppen kommune. Hansen kjøpte også ein vassdreven shoddyfabrikk og ei mølle som lå attmed fossen.
Hansen hadde vore i Amerika to gongar og fått kjennskap til elektrisitet. I desember 1909 vart "Sandenes electricitetsverk" sett i drift. Dette vart også byrjinga på Evebøfoss Fabrikker.
Kraftverket var i 1909 eit av dei første i Sogn og Fjordane, og det aller første med overføringsline som leverte elektrisitet til vanlege husstandar. I 1909 vart 300 lamper installerte i 40 hus.
Shoddyfabrikken tok i mot ullfiller frå folk, og fillene vart rivne opp til shoddy. Shoddy brukte ein som stopp i dyner, møblar o.a. Dyna med nummer NFM.2008-00008 er truleg stoppa med shoddy frå Evebøfoss.
Mølla vart lagt ned og gjort om til ullspinneri. Det var mykje sauehald i området, og folk leverte ull til fabrikken og fekk attende ferdig spunne garn. Betalinga var gjerne i ull. I 1914 hadde fabrikken også kjøpt inn maskiner til veving. No byrja produksjon av ullstoff, pledd og tepper. Teppene og pledda frå Evebøfoss var ettertrakta vare. Teppet med nummer NFM.0000-02273 er truleg i frå den tidlege fasen i fabrikken si historie.
I 1924 flytte fabrikken til stor, ny trebygning på Elvaneset, eit lite stykkje i frå kraftverket. Her var det lettare tilgjenge sjøvegen. Kystdistrikta i fylket var viktige kundar. I 1947/48 vart det sett opp nytt murbygg ved sidan av trebygget, og her vart det etablert trikotasjefabrikk. No produserte Evebøfoss fabrikkar også ullklede. Vevgarn, strikkegarn, teppe og pledd var populære varer. På 1950-talet gjekk produksjonen av ullstoff i metervare ut.
På det meste var det omlag 100 tilsette ved Evebøfoss Fabrikker. På 1970-talet vart det satsa på eksport. I museet si samling har vi reklamebrosyrer for ullklede frå 1970-talet på både tysk, nederlandsk, engelsk og fransk.
Etterkvart vart det hardare tider i tekstilbransjen, og utfordringane vart store. I 1973 kom den første konkursen, eigarskifte, ny opstart, ny konkurs, nytt eigarskifte, og på slutten av 1980-talet vart fabrikken nedlagt for godt.
På Nordfjord Folkemuseum tek vi vare på historia om kraftverkutbygginga og om Evebøfoss Fabrikker. I samlinga har vi både klede, mellom anna dei populære ullvamsane, reklamebrosjyrer, stoffprøver, garnprøver,ei dyne med shoddystopp, ullteppe, og til og med ein elektrisk omn som stod i eit av husa som fekk straum frå Evebøss kraftverk i ein tildeg periode (NFM.1999-00010).. Mange av desse gjenstandane er samla i denne mappa. Her er mange flotte produkt å late seg inspirere av.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».