Eit vaffelhjarte til kaffien er til stor glede for mange. Få tenker kanskje over kor lange tradisjonar vi har for å servere vaffelkake til fest her i Noreg.
Vaffeljarn kan vi finn ...
Eit vaffelhjarte til kaffien er til stor glede for mange. Få tenker kanskje over kor lange tradisjonar vi har for å servere vaffelkake til fest her i Noreg.
Vaffeljarn kan vi finne rundt om i dei ganske heimar. I Noreg har vi vaffeljarn frå heilt tilbake til 1600-talet. I byrjinga var jarna rektangulære, men forma endra seg fort til hjarteforma vi kjenner så godt i dag.
Hjartet er eit av dei eldste symbola vi har. Hjartet har vore eit symbol for kjærleik i alle fall frå middelalderen og truleg også lenger tilbake i tid. Vi veit at vaflar av finare slag vart brukt som mat i bryllaup. Kanskje er det difor hjartet vart forma på vaffelkaka?
Til jul kjem også andre kakejarn fram. Krumkaker og gorokaker er noko mange lagar til jul.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».