Photo: Sogn og Fjordane Kunstmuseum / SFKM - Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Karikatur og kommentar

I denne utstillinga syner vi arbeid som gjev kommentarar til hendingar og tilstandar i si notid. Bilete er ikkje heile sanninga, men dei vil vere sannferdige. Det som ikkje har hendt er reiskapen for å fortelje kva som hender, eller har hendt. Karikaturen er med andre ord eit reiskap for ei ytring. Biletet og biletskaparen prøver å seie noko om ein situasjon frå utsida, og trekke opp ei grense. Karikaturen er samstundes ei røyst i samtida, og difor ikkje nøytral.

Biletskaparen nyttar det sjåaren alt veit. Dei set i hop det kjende, så vi ser noko nytt om ei sak. Stundom vekkjast gleda og latter – andre gonger harme, medkjensle, og sorg. Latteren er til for alvoret si skuld. Satiren har moral; latteren er hjartelaus. Latter slepp vi ikkje unna, kven enn vi er. Framfor latteren er vi alle nakne. Den lyftar opp, den trør ned. Ingen er for høg, ingen er for låg.

Dei to systrene, karikatur og satire, har to hovudtrekk. På den eine sida får vi eit konstaterande og kommenterande uttrykk: ‘slik er det’! På den andre sida er den reformerande og propaganderande: ‘slik skulle det ikkje vore – vi må få gjort noko med det’. Vonleg vil de her møte dei begge.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to