Photo: De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Raritetar og kuriositetar

Den kulturhistoriske samlinga som De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum forvaltar har blitt bygd opp gjennom over hundre år med innsamling av objekt i Sogn. Samlinga har fått namnet sitt etter grunnleggjaren, Gert Falch Heiberg (1871-1944). Han var godseigar i Amla på Kaupanger og dessutan ein pasjonert samlar. I åra kring 1900 tok han til å samla bondeantikvitetar frå Sogn og reiskapar frå heile Noreg. Denne innsamlinga skulle visa seg å bli både starten på eit samlarlivsverk og eit folkemuseum. De Heibergske Samlinger er nok best kjend for å vera ei omfattande samling av jordbruksreiskap og gjenstandar som fortel oss om bondekulturen i distriktet.

Men bondekulturen sin materielle kultur omfatta langt meir enn det vi tenker på som typiske bondegjenstandar. I tillegg hadde innsamlinga til Heiberg og hans etterkomarar som føremål å samle inn objekt frå kvardagslivet til folk i ulike sosiale sjikt, og ikkje berre det som relaterte seg til bondekulturen. Heiberg hadde ei særleg interesse for det vi i denne utstillinga kallar 'raritetar og kuriositetar'. Her freistar vi å syne delar av samlinga som ikkje har passa heilt inn tematisk i dei permanente utstillingane på De Heibergske Samlingane - Sogn folkemuseum. Noko av det utstillinga syner er vanlege gjenstandar med ei morosam eller utruleg historie bak, andre objekt er utrulege i seg sjølve og nokon objekt spør vi dei besøkande om dei klarar å skjøne kva er. Fleire av gjenstandane i utstillinga vart samla inn av Heiberg sjølv og i utstillinga vil vi kunne oppleve at han fortel om historia bak ein av desse. Andre gjenstandar har blitt ein del av samlinga seinare tid, men tru til Heiberg sine interesser for dei litt rare og morosame delane av kvardagskulturen til menneska i ulike sosiale lag i Sogn.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to