Photo: Sogn og Fjordane Kunstmuseum / SFKM - Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Frå likskap og brorskap til fridom

45 objects

FRÅ LIKSKAP OG BRORSKAP TIL FRIDOM

- verk av Ludvig Eikaas, Bjørn Hegranes, Aase Kvikne Bjordal og Gunnar S. Gundersen.

Frå 1800-talets nasjonalomantikk og over i 1900-talets modernisme flytta tyngdepunktet for stilpåverknad seg frå Tyskland og sørover til det latinske Europa, og då særleg Frankrike. Bølgjene etter Cezanne, Braque og Picasso slo som ein tsunami inn over det norske kunstlandskapet i fleire tiår bortanfor episenteret Paris. Bylgja dreiv mot kysten og opp i dalstroka innafor og slo inn over kjellar og parnass. Ein kunne finne rester av kubistisk salt i tretoppane til langt ut på 1960-talet.

Sommarens utstilling på Eikaasgalleriet vil forsøke å syne korleis denne bylgja prega Ludvig Eikaas og andre norske kunstnarar i ein tidleg fase, før dei gradvis løyste på knappane i den latineuropeiske formtrøya og kultiverte talenta sine mot inspirert fridom.

Til denne utstillinga har vi valt ut verk frå samlingane i Eikaasgalleriet, Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde og frå Kystmuseet sin store samling av Bjørn Hegranes.

Publikum vil få sjå arbeid av ulik status; usignerte skisser og forarbeid, tidlege arbeid, og verk som i større grad er moden frukt. Og for Eikaasgalleriet sine trufaste sommargjestar kan vi love at utstillinga, ved sida av Bjørn Hegranes, Aase Kvikne Bjordal og Gunnar S. Gundersen òg vil by på “nye” verk av Ludvig Eikaas.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to