Traktorliv

Dei første traktorane kom til Norge i byrjinga av 1900-talet. Med optimisme og tru på framtida selde forhandlarane traktorane som ein føresetnad for moderne landbruksdrift. Det fekk ein bråstopp i 1920-åra. Overproduksjon og dårlege tider ramma både jordbruket og jordbruksindustrien. Interessa for å kjøpa traktorar forsvann, i staden blei fleire hender sysselsette i landbruket. Salet av traktorar tok seg ikkje skikkeleg opp før den økonomiske krisa var over i midten av 1930-åra. Igjen blei traktoren symbol på den moderne bonden. Han kvila beina på traktoren, og fekk arbeidet gjort i ein fart.

På Jæren finn me gardsnamn som bønder andre stader kjenner som merkevarer: Kverneland, Serigstad og Kyllingstad. Dette er verksemder med røter i jordbruket på Jæren. Dei kan takka traktoren for mykje av suksessen.

Jærbedriftene utvikla reiskapar til traktorane. Det hydrauliske trepunktsopphenget i traktorane etter andre verdskrigen opna nye moglegheiter. Med det kunne bonden løfta og seinka reiskapane. Kyllingstad Plogfabrik AS kom med ei ny fjørhorv i 1950, og Kvernelands Fabrik med både høysvans og traktorplog eit par år etter. F.A. Underhaugs Fabrikk på Nærbø utvikla potetsetjar og –opptakar. Brødrene Moi laga gjødselutstyr. Fôrhaustaren til Serigstad Maskinverkstad burde ha to traktorar med tilhengarar for å vera effektiv i slåtten, helst transportutstyr frå Trygve Kverneland & Sønner (TKS) i løa, og gjerne også fleire siloar for å få plass til alt graset. Dette er berre nokre få eksempel på dei nye reiskapane. For å få råd til å investera rasjonaliserte bonden, og la om til ei meir intensiv drift.

Slik var traktoren grunnlag for ein blømande Jærindustri, og jærbonden slik me kjenner han i dag.

I dag lyser ny traktorar opp i landskapet. Dei store felgane er blanke og fargesterke. I traktorhytta har dei ratt, radio og varmeapparat. Me ser traktorane på veg til skulen, og dei står parkert utanfor kjøpesentera. Køyrer du over Jæren ligg du ofte bak ein traktor. Kva slags reiskap som er montert i hurtigkoplinga fortel kva årstid det er: Gjødselspreiar, slåmaskin, beitepussar, potetopptakar eller snøplog.

Jæren ville vore annleis utan traktoren. Gjennom hundre år har han endra både landskapet og jærbuen. Dei gamle lyngheiene er bytta med frodige grasbeiter og langstrakte marker. Traktoren følgjer bonden frå vogga til kårstua. Nostalgi kopla med interessa for motor gjer at mange syslar med eldre traktorar på fritida. Andre bygger nye. Traktorpullarane pressar kreftene i traktoren til det yttarste. For folk med interesse for traktor er Jæren eit draumeland.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to