Photo: Sogn og Fjordane Kunstmuseum / SFKM - Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Krig og fred og religion og politikk og sånn...

55 objects

Ein stor del av samlinga på 900 verk i Førde har ein engasjert tematikk. Ulike kunstnarar har skapt verk med brodd og vidd, med teknikkar som måleri, grafikk, fotografi, skulptur, tekstil, porselen, glas, bronse, tre og ready made. Verka er laga i tidsrommet frå 1970 og fram til i dag. Dei handlar om alt frå konflikter, som Vietnam-, Afghanistan- og Balkankrigen, til kontrastar mellom fattig og rik, nord og sør, ironiske nasjonalkjensler, EU-kamp, innvandring, tru, miljøvern, dyr og etikk, abortkamp osb. Kunstverka er samla inn gjennom innkjøp, gåver til Fylkesgalleriet si avdeling for refusert kunst og fordelingar frå Norsk kulturråd. Fleire av verka har ikkje vore vist etter at dei kom til museet og mange er det lenge sidan vi har hatt høve til å syne fram. No har vi endeleg fått gode visingsforhold og kan lage ei utstilling som fortel om korleis kunstnarar dei siste 45 åra har reagert på hendingar i si samtid, korleis dei har vald å dele/skildre sine inntrykk og kanskje til og med prøvd å påverke opinionen.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to