Photo: Virag, Istvan / Kunst i offentlige rom

Ullersmo fengsel og Eidsberg fengsel

Liv Bugge har bede innsette i to fengsel om å forevige spor i fengselsbygget. I tillegg har ho sett opp veggar i luftegardane med same temperatur som menneskehud.

78 objects

Fengsel er robuste og harde konstruksjonar. Dei er laga for å skilje dei innsette frå resten av befolkinga, og inviterer ikkje bebuarane til å setje sitt personlege preg på omgivnadane. Likevel finst det mange små spor etter dei som har vore der. Det har kunstnar Liv Bugge tatt utgangspunkt i når ho har gjennomført kunstprosjekt for Ullersmo fengsel i Akershus og Eidsberg fengsel i Østfold.

Det blir snakka over 60 språk i norske fengsel. Det var difor viktig å finne fram til eit kunstuttrykk som kan bli forstått uavhengig av språk, og som samtidig seier noko om sams erfaring. Kunstprosjektet har fått tittelen "To accept theirs, to make it mine, to wish it for myself", og delar av det er gjennomført som ein workshop for ei lita gruppe innsette.

Arbeidet starta med at gruppa såg etter fysiske spor etter tidlegare innsette, som riss i veggar, slitasje etter bruk eller hærverk – alt seier noko om opplevinga til dei som er fengsla. Bugge tok så avstøypingar av spora og overførte dei til bronse. Slik blir ytringane gitt verdi, samtidig som stiliseringa og abstraheringa gir høve til språkleg refleksjon rundt kva som ligg i dei.

Bugge har vald å gi bronseavstøypingane ei patinert, matt overflate. Om mange tar på dei, vil bronsen bli polert og blank. Slik tek kunstverket ikkje berre vare på spor etter tidlegare innsette, men vil også bli merkt av kontakt med nye hender.

Som del av same prosjekt har Bugge fått sett opp to varmeveggar i luftegardane. Overflata har same temperatur som menneskehud, 34 grader. Det går ikkje an å sjå på veggen at den er varm, men når ein lener seg inntil den, kjennest det som veggen gir ei berøring tilbake, som ein kropp. To til tre personar kan stå inntil veggen samtidig, og kan slik oppleve ein felles varme utan å røre kvarandre."

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Share to