Photo: Pål Hoff / Kunst i offentlige rom

Haakonsvern orlogsstasjon

Med tjue raude piler som står ned i bakken, illustrerer Ståle Sørensen krigens krav: styrke og kontroll til å bli den som treffer og ikkje sjølv blir treft.

Haakonsvern i Bergen er hovudbase for Sjøforsvaret. 3500 offiserar, sivile og vernepliktige har arbeidsplass ved det som ofte blir kalla eit samfunn i miniatyr, med brannstasjon, sjukestove, postkontor, kyrkje, lege- og tannlegekontor, kjøkken, brakker og verkstadar.

I samband med tre større byggeprosjekt ved basen har Ståle Sørensen (NO) produsert skulpturinstallasjonen Krigens krav. Verket er plassert utanfor eit nytt, stort fleirfunksjonsbygg.

Krigens krav består av tjue høge, raude skulpturar forma som piler som står med spissen ned i og rundt ei sirkulær sementform av betong. Denne «blinken» fungerer også som sitjeplass. Ein lyskastar er montert slik at pilene kastar skugge på veggen bak om kvelden. Ser ein berre skuggane, liknar dei like mykje på blomar i knopp som på piler. Slik illustrerer kunstverket Sjøforsvaret si verksemd samtidig som det opnar for andre perspektiv og gir høve til avkopling.

Tittelen Krigens krav viser til dei ekstraordinære eigenskapane krig og forsvar krev, og er også namnet på ei av øvingane sjørekruttane må igjennom. Bogeskyting har lange tradisjonar i Forsvaret. I meir overført tyding illustrerer skulpturen kva soldatane blir øvde opp i. Det handlar om å halde kontrollen og yte maksimalt – å sikte, treffe og unngå å bli treft sjølv.

Ståle Sørensen er utdanna ved Chelsea College of Arts og Kunsthøgskolen i Bergen. Han jobbar med skulptur og installasjon i forskjellige materiale og har gjennomført fleire offentlege kunstprosjekt, mellom anna ved Valle Hovin stadion i Oslo, Brattørkaia i Trondheim og ei rekkje skolar.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to