Photo: Hallingdal Museum

Kunstner Eilif Peterssen lagde 9 portretter av personer fra Hallingdal sommeren 1870.

Hallingdal Museum har 9 blyantegninger med portretter av hallinger som er tegnet av Eilif Peterssen. Tegningene lagde han i 1870 da han bodde på Nes i Hallingdal.

Nils Ellingsgard skriver i boka "Hallingdal i biletkunsten" side 50 - 51:

"Eilif Peterssen - For meir enn hundre år sidan hadde dei på garden Ruud i Nes ei kvit geit som var kjend langt utover bygda. Den tid var geitemjølk rekna som god medisin mot fleire sjukdommar, ikkje minst mot astmatiske plager. Somme geiter produserte meir helsebringande mjølk enn andre, meinte dei, og geita på Ruud skal ha vore noko reint utanom det vanlege. Det kom folk lange vegar for å drikke geitemjølk. Slik hende det seg at den unge Eilif Peterssen (1852-1928) budde der sommaren 1870. Han leid av "brystsvaghed" og hadde fått råd om å prøve denne kuren. Om det var geitemjølka eller det turre klimaet som hjelpte; kunstnaren kom seg etter opphaldet på Ruud. Sjølv skal han ha sagt at det var den kvite geita som berga han. Kristiania -guten Elif Peterssen var berre 18 år den gongen, men fullt klar over at det var kunstnarvegen han ville gå. Om vinteren hadde han gått på akademiet i København, og året før på Eckersbergs malerskole. Til hausten skulle han studere under Gude i Karlsruhe. Seinare gjekk vegen til Munchen, der han vekte oppsikt med sitt tekniske meisterskap og koloristiske talent.

Eilif Peterssen låg ikkje på latsida desse sommarvekene i Hallingdal heller. Mellom blyantskissene finn vi ei rad glimrande portrettstudiar av bygdefolk, prega av skarp karakteriseringsevne og var sans for valørspelet. Dateringa viser at han stundom laga to om dagen. Siste veka av juni har han teikna kona på Ruud, Eivind Hagale, Guttorm Tyribakken og Knut Brenno i Nes. Kring midten av juli arbeidde han i dei øvre bygdene. Han portretterte kona på øvre Sundre, Kari Rimehaugen og kona på Huus, alle i Ål.

Så drog han vidare til Hol, og her teikna han Ambjørg Aslaksdotter Hamarsbøen og den omframt vakne og kunnskapsrike Sander Røo. Denne merkelege manne: krftkar, bygdehistorikar, forteljarkunstnar og Ivar Aasens medhjelpar i Hol, var godt 40 år gammal då teikninga vart laga. På sine eldre dagar sende Eilif Peterssen den fine serien med portretteikningar til Hallingdal Folkemuseum i Nesbyen."

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to