Photo: Pål Hoff / Kunst i offentlige rom

HVL Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal, Bragebygget

Den nye kunsten i Bragebygget handlar både om historiske personar med lokal tilknyting og om dagsaktuelle politiske spørsmål av internasjonalt omfang.

To lærdølingar, grafikaren Knut Rumohr (1916-2002) og forfattaren og læraren Marianne Rumohr (1885-1970), blei særleg viktige for det kuratoriske grepet om kunsten i bygget. Det fanst allereie eit monumentalt materialbilde av Knut Rumohr på høgskulen, og dei grafiske arbeida Fjell, Landskap Klipper og

Naturinntrykk går i direkte dialog med materialbildet frå 1972. Med dei tre siste grafiske verka har høgskulen fått ei fin samling Knut Rumohr-arbeid.

Marianne Rumohr stod bak den kjende ABC-læreboka frå 1939, som blei brukt i den norske skulen i fleire generasjonar. Denne boka, med dyreillustrasjonar av Carl von Hanno, har vore ei inspirasjonskjelde for bildekunstnaren Mari Kanstad Johnsen. Hennar veggmåleri Alfabetisk reisefølge i fri rekkefølge består av ein parade menneske og dyr i sterke fargar. Arbeidet kan seiast å parafrasere ideen om læring og er ein leiken kommentar til læringssituasjonen og kvardagslivet til høgskulestudentane.

I installasjonen That was then … This is now kan du følgje ein fotballkamp frå Zaatari flyktningleir i Jordan ved hjelp av fleire sansar: Sjå videoen frå kampen og kjenn hjarteslaga frå spelarane via vibrasjonar i veggen. Ayman Alazraq og Emanuel Svedins vibrasjons- og videoinstallasjon viser til fotballkulturen i Sogndal, men kan òg sjåast i eit større politisk landskap og dagens flyktningdebatt. Den genererte pulsen i installasjonen, hjarteslaga til spelarane, pulserer inn i kroppen til tilskodaren og gjev ei umiddelbar fysisk oppleving. Slik følgjer hjarteslaga dagsrytmen til campus og knyter menneska saman i ein felles rytme. Verket formidlar ei større verd inn i Høgskulen på Vestlandet.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to