Photo: Sogn og Fjordane Kunstmuseum / SFKM - Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Bernt Tunold - Ein eld som aldri slokna

Blant våre landskapsmålarar skal Bernt Tunold (1877-1946) nemnast saman med I. C. Dahl, Lars Hertervig og Nikolai Astrup. På sitt beste kunne han skildre det vestlandske landskapet som ingen annan. Med sin karakteristiske grønfarge, «Tunold-grønt», og med sin eigenarta evne til å fange inn det vestlandske gråvêret i alle tenkelege nyansar, står han støtt i vår kunsthistorie.

År etter år farta Tunold ikring med målarsakene sine og «kartla» landsdelen frå Sunnmøre i nord til Indre Ryfylke i sør. Hundrevis av ulike motiv festa han til lerretet, og kjærleiken hans til det gamle, det som ikkje var modernisert, kan tydeleg lesast ut av bilda hans. Klyngetun og gardar der nymotens arkitektur ikkje hadde vunne innpass, viser att i bilde etter bilde.

Eit vondt liv med alkoholisme og annan sjukdom dreiv han med åra innandørs dersom vêret ikkje spelte på lag. For måle måtte og skulle han, det levde i han ein eld som aldri slokna. Då var Tunold tvungen til å utvikle andre sider av talentet sitt. Han har laga fleire detaljrike, gjennomarbeidde interiørbilde, kyrkjeinteriør og stilleben, noko denne utstillinga gir prov på. Det var kyrkjas kunst, meir enn kyrkjas ånd, som opptok Tunold, og i stillebenbileta slår ei anna interesse tydeleg igjennom: kulturhistorie.

Om kunstnaren:

Bernt Wilhelm Tunold var fødd 25. januar 1877 på klosterøya Selja og døydde av lungebetennelse i Bergen 23. januar 1946. Han registrerte seg som innflytta i Bergen i 1900, og hadde byen som adresse resten av livet – med unnatak for eit år i Sigerfjord i Nordland (1912-1913) og fire år i Ommedalen i Hyen (1916-1920). Begge stader laga han noko av det beste i kunstnarskapen sin, som denne utstillinga gir fleire døme på.

Tunold omtala seg gjerne som autodidakt, men to vintrar, 1901-1902, gjekk han på Asor Hansens Malerskole i Bergen. Tunold dreiv upåverka på med sitt, tok tilsynelatande ikkje inntrykk av det som skjedde i kunstfeltet og arbeidde snarare med å foredle uttrykket sitt enn å skape radikal fornying. Stilhistorisk kan han plasserast i skjeringspunktet mellom realisme og naturalisme.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to