Photo: Setesdalsmuseet

Ei skattkiste - samlinga etter Gyro og Jon Løyland

Eit setesdalsloft kunne gjeve plass til så mangt, og når museumsmannen Jon Løyland laga til si eiga utstilling av alt det gamle han samla på, kunne det verte ganske spennande.

1095 objects

Ski

Ski

Skavjern

Frakk

Teksle

Teksle

Ridesal

Polstra treramme, forma til å passe til hesteryggen, trekt med ler.

Skrin

Kløvsal

Klåte

Sylindrisk beinklåte. Utvendige rillar, dreia. Gjennomgåande kjegleforma hol.

Vogge

Gjengesnitt

Trekloss med tre gjenomgåande hol. To av hola har gjenger og det er festa eit høvlejern til kvart av desse.

Klåte

2 holkar, runde i den eine enden, ein av messing og ein av aluminium. Dei heng på ein vidjespenel.

Kufte

Langerma trøye av klede, med stutt rygg, broderi og glasknappar framme og på mansjettane. Sølvborder framme på ermane og nede på ryggen.

Teppe

Knapp

Skjortekrage

Ryggstø

To flate trestykke skøytte saman til eitt, breiast på midten, bøygde i båe endar, Utskorne akantusranker, profilane gjennomsaga.

Langorv

Framkallingsapparat

Kva gjer ein når ein er styreleiar i Setesdalsmuseet og pengane til å kjøpe gjenstandar for er brukte opp? For Jon Løyland, styreleiar frå 1939-1964 - var svaret enkelt: «Eg kjøper det sjølv for eigne pengar!»

Resultatet vart ei ganske omfattande samling av store og små gjenstandar som vart systematisk ordna i det store Løylandsloftet som vart sett opp i tunet i Grendi der familien budde. Gamle søljer og bunadar, brødformer, smørholkar og sleiver, berre for å nemne noko. Alle krutthorna vart montert på ei plate, og det same med spinnehjula.

Til slutt vart det til eit lite, spennande museum. Familien hadde dette ope for turistar heilt fram til 1990-talet. Då vart samlinga overført til Setesdalsmuseet, som har glede av å vise fram ein del av samlinga. Vi har kalla den «Ei skattkiste».

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to