Photo: Sogn og Fjordane Kunstmuseum / SFKM - Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Talande Ting

Talande Ting - stilleben og kunsthandverk frå samlingane

«Om du eig meir enn sju ting, eig tinga deg»

ant. Lao Tzu (6. århundre f. Kr.)

I det moderne forbrukarsamfunnet fløymast vi over av ting. Kva tyder desse tinga for oss? Kva ved dei fasinerer oss? Er det kva mennesket evnar å lage – sjølve handverket? Historia som ligg i dei? Eller kva dei fortel om oss? Ser ein på Instagram, Pinterest og bloggar så bognar det av vår tids «stilleben»; fotografi av kva folk har i heimane sine og ting dei elles er opptekne av eller ønskjer seg. Og det utan å søke på bilete med emneknaggen #stilllife (over 4 191 000), #stilleben (over 87 000) eller #naturemorte (over 165 000) på Instagram. Bileta vanlege folk legg ut av tinga sine krev mykje arbeid med utval, komposisjon og lys. Alt handlar om å arrangere og dandere tinga på stilegast mogleg måte, og slik få tinga til å seie bra ting om oss sjølve. Dei skapar «imaget» vårt. «Dette er tinga mine, slik er eg!»

I denne utstillinga vil vi syne fram ymse stilleben, interiør og kunsthandverkobjekt frå samlingane, kor av ein del av dei for første gong. Dei fleste skildrar ting, medan andre er ting. Det er verk i så ulike teknikkar som assemblage, collage, design, fotografi, glas, grafikk, installasjon, keramikk, metall, maleri, pastell, teikning og video, alle frå perioden 1900 til 2018.

Korleis har kunstnarane teke stilling til tinga dei skildrar/lagar? Kva skildrar/lagar dei og korfor? Kva ønskjer dei å formidle? Korleis er medvitet kring bruken av stillebensjangeren i dei todimensjonale verka? Er skildringa av ting på 1900-talet berre eit utgangspunkt for formale eksperiment for kunstnarane, eller legg dei meir i det? Kunstnarar heilt opp til vår eiga tid interesserer seg framleis for å skildre og skape ting, og vidarefører og fornyar med det ein lang tradisjon med sine nye innfallsvinklar.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to