Valdresmusea har folkemusikk som eit av sine satsingsområde. Museet samlar, bevarer, formidlar og forskar på instrumenta som gjev tonane til vår levande musikktradisjon. Museet har ...
Valdresmusea har folkemusikk som eit av sine satsingsområde. Museet samlar, bevarer, formidlar og forskar på instrumenta som gjev tonane til vår levande musikktradisjon. Museet har to felemakarar og fleire felespelarar. I museumssamlinga finst feler frå dei siste tre hundre år.
Den eldste bevarte hardingfela vi kjenner til er «Jåstad-fela», datert 1651 (Bergen Museum). Namnet fortel at historia om hardingfela er knytt til Hardanger og det var her instrumentet vart utvikla på 1600-talet. Dei eldste hardingfelene var annleis utforma og utvikla seg etter kvart til størrelse og form som fiolinen. Både hardingfela og fiolinen har fire strenger som ein spelar på, hardingfela har i tillegg resonansstrenger som kling med. Her har det variert i antall frå ein til seks, men i dag er det mest vanleg med fire eller fem resonansstrenger. På hardingfela har ein flatare fingerbrett og stol, som strengene går over, slik at det lettare let seg gjere å stryke på fleire strenger samstundes. Hardingfela er gjerne rikt dekorert med rosing, perlemorsinnlegg og utskore hovud, ofte forma som løvehovud med drakeliknande trekk. Ei rekke felemakarar har gjennom tidene påverka utforminga av hardingfela.
I denne digitale utstillinga kan du sjå eit lite utval feler frå museet si samling.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».