• Gardinfabrikk grunnlagt på Nygårdstangen i Bergen av kjøpmann A.F. Simonsen (1849-1929) som den første gardinfabrikken i Noreg i 1881. Fabrikken gjekk konkurs allereie i 1883, og kjøpmann C. Sundt overtok gardinfabrikken og overlet den til sonen Christian Sundt jr. (1860-1938). Han dreiv fabrikken i nokre år under namnet Tangens Gardinveveri. Halfdan Wiberg var tilsett som mønsterteiknar i 1885-1932.

Frå 1890 vart fabrikken aksjeselskap under namnet Skandinavisk Aktie Tyllgardinfabrikk. Chr. Sundt og tyske Theodor Lindenhein sat i leiinga. I 1892 blei Lindenhein avløyst av Christian Hasselbach frå København som direktør, medan Sundt hadde den tekniske leiinga. Drifta vart nedlagt i 1972, men ein kan enno skimte fabrikknamnet på mursteinsbygningen i Lars Hilles gate, som no husar Fretex.
    (Navngivelse-Del på samme vilkår (CC BY-SA))

Tangens Gardinfabrikk (Tekstilindustri)

Gardinfabrikk grunnlagt på Nygårdstangen i Bergen av kjøpmann A.F. Simonsen (1849-1929) som den første gardinfabrikken i Noreg i 1881. Fabrikken gjekk konkurs allereie i 1883, og kjøpmann C. Sundt overtok gardinfabrikken og overlet den til sonen Christian Sundt jr. (1860-1938). Han dreiv fabrikken i nokre år under namnet Tangens Gardinveveri. Halfdan Wiberg var tilsett som mønsterteiknar i 1885-1932.

Frå 1890 vart fabrikken aksjeselskap under namnet Skandinavisk Aktie Tyllgardinfabrikk. Chr. Sundt og tyske Theodor Lindenhein sat i leiinga. I 1892 blei Lindenhein avløyst av Christian Hasselbach frå København som direktør, medan Sundt hadde den tekniske leiinga. Drifta vart nedlagt i 1972, men ein kan enno skimte fabrikknamnet på mursteinsbygningen i Lars Hilles gate, som no husar Fretex.

305 objects

Share to