main article image

Konfirmasjon

Det som opprinneleg var eit kristent rituale, obligatorisk for alle, fins i dag i ulike former. Den humanistiske konfirmasjonen har etablert seg som eit alternativ for mange, også i vår region, og ein del ungdomar vel å ikkje konfirmere seg. I 2017 vart 60% av alle norske ungdomar konfirmert i Den norske kyrkja, 19 % humanistisk. Det kristne ritualet har også endra innhald, frå å vere ei handling der konfirmanten gav eit løfte som stadfesta dåpen, til forma i dag som er ei forbøn om at konfirmanten vil bli teken vare på i den kristne trua.

Tenåringsbegrepet og lang ungdomstid er fenomen som har utvikla seg etter andre verdskrigen. Med grunnlag i auka velstand har utdanningsmønsteret endra seg og dei fleste har ein seinare debut i arbeidslivet. Konfirmasjonen har ikkje lenger den same verdien som overgangsrite frå barn til vaksen.

Offentleg stadfesting av den kristne dåpen

”Naar de saa have naaet deres 18de eller 19de Aa, tænkes der paa deres Confirmation, som og gjerne i de Aaringer gaaer for sig”. (Bemerkninger om Norhordlehns skikke og ceremonier, i Osterøy i soge og samtid, 1994)

Denne skildringa frå ca.1750 er mellom dei eldste stadfestingane vi har om konfirmasjonspraksis i vår region. Dette vart skrive omtrent på den tida konfirmasjonen vart etablert som ei fast, og obligatorisk, ordning (1763). Formålet var å sikre at alle gjorde ei offentleg stafesting av den kristne dåpen. Undervisinga som vart etablert før ritualet skulle sikre at elevane hadde tilstrekkeleg kunnskap innan religion til å utføre denne handlinga. Konfirmasjonsundervisinga vart etterkvart utgangspunktet for etablering av eit fast skuletilbod i Noreg.

Ei viktig overgangsrite barn-vaksen

Ved sida av å vere eit sentralt religiøst rituale var konfirmasjonen viktig sosialt for å markere statusendring frå barn til vaksen. Sjølv om mange kunne ha begynt i arbeide før konfirmasjonen så var denne tidlegare ein brå overgang frå barn til vaksen. No fekk undgomane vaksne klede og dei fekk delta i sosiale samanhengar med andre vaksne.

Fram til 1903 var konfirmasjonen eit vilkår for å kunne gifte seg, gjere militærteneste, vere fadder ved dåp og vitne i retten – med andre ord ta del i sentrale sider av vaksenlivet. Når vi også veit at konfirmasjonen var obligatorisk i Noreg heilt fram til 1912, kan vi forstå alvoret kring dette ritualet, og at dette, på godt og vondt, har vore ei sentral hending i livet for mange.

Gjennom slike offentlege ritual vert gjerne sosiale ulikskapar tydelege. Dette galdt også konfirmasjonen. Kleda viste sjølvsagt kven som hadde god økonomi og ikkje, men under sjølve ritualet var det ikkje uvesentleg i kva rekkefølge konfirmantane var plasserte på kyrkjegolvet. Slikt vart lagt merke til, og snakka om i etterkant. Dei som sto lengst framme var dei flinkaste, eller dei som hadde velståande foreldre. Desse to tinga var ikkje alltid samanfallande. Mange snakkar om skamma å stå langt nede på golvet, eller måtte gå om att året etter. Dette var sjølsagt ei sosial skam for familien, men det hadde også store konsekvensar, for konfirmantane, om dei ikkje «passerte».

«Vi gjekk for presten i lag»

Konfirmasjonstida skapte møtestader for ungdomar i soknet og livslange band for ein del av dei. Ungdomane gjekk, eller rodde, lange vegar til undervisinga og mangt kunne nok gå føre seg vegalangs. I lokalsamfunnet rekna dei gjerne på kven dei hadde gått for presten i lag med. Førebuingane kunne vera strenge, og det same galdt overhøyring og presten sine utspørjingar av konfirmantane. Dei fleste hadde mange plikter heime og kanskje var det ikkje alltid så godt å få lese og førebu seg slik dei skulle. Mange nytta tida på veg til presten til å høyre kvarandre i leksa.

Konfirmasjonsklede

Kleda har alle stader vore ein viktig markør for sosial posisjon og sivil status. Konfirmasjonskleda har endra seg over tid, med annan drakt- og klesskikk, og er ikkje lenger nokon sterk markør for å skilje barn, ungdomar og vaksne.

Tidlegare var konfirmasjonskleda viktige på fleire måtar. For mange var konfirmasjonen første gong i livet at dei fekk heilt nye klede, sydde til akkurat dei. Dette var i tillegg vaksenklede som markerte at guten, eller jenta, no var ein del av dei vaksne sine sosiale og økonomiske samanhengar. Vi kan vel tenkje oss til forventningane som låg i dette, for unge menneske på 1800- og 1900-talet.
I «Osterøy i soge og samtid» er det fleire ostringar som fortel om ungdomstida og korleis familien førebudde nye klede til konfirmasjonen deira:

Olina Hatland, fødd 1861 vart konfirmert i Gjerstadkyrkja oktober 1876. Då hadde ho «lese» hjå presten i Haus tysdag og torsdag kvar veke sidan april. Lina hadde sjølv sydd det meste av kleda sine. Heile sommaren hadde ho og dei seks andre jentene frå Solbjørg-krinsen samrådd om mønster og sting og sydd skjorte, forkle, liv og flatfoldestakk. Livet hadde perlesnor kring opningane og spenne. Perlebeltet var vove og roggebanda var vovne. Konfirmasjonsdagen var første gong Lina rogga håret sitt. Tidlegare hadde det berre vore fletta.

Anna Vassdal (1898-1996) var 14 år då ho sto konfirmant i 1912. Då hadde kleskikken endra seg og ho fekk reise til byen med foreldra for å handle sko og klede. «Det skulle vera kjøpetøy til konfirmasjonskleda.» Etter at kjolestoffet var kjøpt så var det hovudplagg, sko og støvlar som sto for tur. «Ja, eg kunne få ha ein kvit silkeduk! Då sa eg at eg hadde høyrt gjete at dei andre lesarjentene skulle ha hattar. Ja, de kan no kjøpa silkeduk, sa eg, men eg kjem no alder til kyrkje med han!» Anna fortel at mora hadde større forståing for dette enn faren, sidan mora var vaksen opp «ved sjøen» der dei raskare fanga opp nye motar. Anna fekk hatt! «….eg har alder sidan hatt så fin hatt synst eg sjølv.» Kjolesaumen vart gjort av ei flink syerske, som nett hadde sydd ein brurekjole, og brukte same mønsteret til Anna sin konfirmasjonskjole. Anna var godt nøgd: «eg hadde fått so flott konfirmasjonsutstyr at eg kunne no visst reisa til kongen for den del!»

Gullborg Geitrem var konfirmert i september 1939 og fortel at det hadde vore vanleg at konfirmantane hadde kvite kjolar, men no hadde det vorte moderne med fargar. Familien reiste til Bergen for å handle klede og ho fekk ein fotsid kjole i lys blå taft med rosa pynt. Skoa var svarte med sølvreimer og høge hælar. Mørk blå kåpe og raud veske og hatt høyrde med til utstyret. Gutane hadde vanlegvis mørk dress og hatt, men akkurat dette året hadde ingen av gutane hatt fortel ho.

Det må ha vore ekstra spesielt å stå konfirmant i 1945. Olav Presstun fortel at han var konfirmert 9.oktober, berre nokre månadar etter at krigen var slutt. Det var framleis rasjonering og vanskeleg å få tak i klede. Han og mora måtte reise til Bergen for å handle. «Me fekk til slutt tak i ein dress, men ingen skjorta, så ho vart sydd av stripete forsilke. Sko måtte me få laga av ein skomakar i bygda.(…) Eg voks mykje då, og konfirmasjonsdressen nådde midt på leggen, trøya litt framfor albogen.» Det var ikkje betre med gabardinfrakken til 250 kroner – «Han var så stor at eg vaks aldri i han». Det var nok mange konfirmantar som erfarte at dei nye, og uvante, kleda ikkje passa. For store, eller for små, uansett var det forventningar om at desse kleda skulle vare lenge.

Vi ser at konfirmasjonsklede, slik som andre klede, er prega av mote og økonomi. Dette gjeld også bruken av folkedrakt og bunad. «Vår» konfirmant frå 1912 fortel av klesskikken då har endra seg. Folkedrakta var ikkje lenger i bruk, men den tradisjonelle drakta kjem gradvis attende, som bunad, siste del av 1900-talet. Vi ser av konfirmasjonsbilete at det no er vanleg at jenter på Osterøy får bunad til konfirmasjonen.

Tidlegare var kyrkjeritualet det sentrale, og familie, faddrar, og huslyd elles, var til kyrkje konfirmasjonsdagen. Tradisjonen med å samle familie til feiring, og gje gåver til konfirmanten, har vakse fram, gradvis, utover 1900-talet. Dette har, for dei fleste, vorte ein svært viktig del av konfirmasjonen.

Kjelder:

konfirmasjon – Store norske leksikon (snl.no): www.norgeshistorie.no: Birgit Hertzberg Johnsen: Den store dagen. Konfirmasjon og tradisjon. Grøndal

Brynjar Haraldsø (red) Konfirmasjonen i går og i dag

Osterøy i soge og samtid: 1994: Bemerkninger om Norhordledhns skikke og ceremonier… 2009: Tore Vassdal: Frå livet på Brøkdalen for hundre år sia 2001: Henrik Rongved: Slektsarv 2005: Åshild Revheim: Kyrkjeliv i gamle dagar Simon Kleppe: Hendingar eg minnest 2018: Olav Presttun: Eg håtta før

Order this image

Share to