Hans Gjesme, Akt, ant. 1924, olje på lerret, GJS 42
Hans Gjesme, Akt, ant. 1924, olje på lerret, GJS 42 (Copyright)

Kroppsfokus hjå Hans Gjesme

På 400-talet før vår tidsrekning formulerte den greske filosofen Protagoras (485-415 fvt) setninga "Mennesket er alle tings målestokk”. Menneska har til alle tider vore opptekne av menneskekroppen, og allereie i slutten av eldre steinalder kan ein sjå aktframstillingar, som steinfiguren Venus frå Willendorf. I tidleg gresk kunst på 500/400-talet fvt. var det først og fremst den nakne atletiske mannskroppen som vart skildra. Litt seinare vart òg kvinner framstilt nakne, men det på ein meir estetisk-erotisk måte. Gjennom mellomalderen var det berre i religiøse motiv som «Adam og Eva» og «Dommedag» den nakne kroppen kunne skildrast. Med renessansen kom eit meir grundig og vitskapleg studie av det nakne, som hos Leonardo da Vinci (1452-1519), eller meir sensuelt prega som i Antonio da Correggio (1489-1534) sine måleri. Med skipinga av fleire kunstakademi utover på 1600-talet vart aktstudiet ein viktig del av kunstnarane si utdanning, noko det har vore sidan.

Kva er akt?

Ei akt er ei studie av anatomi, proporsjonar, balanse, farge, volum, omriss, lys og skugge. Aktene handlar ikkje om ein situasjon, eit portrettert enkeltindivid eller alltid om erotikk, men om eit behov for å studere menneskekroppen for å kunne framstille den riktig både med og utan kle. Dei fleste av Gjesme sine aktmaleri har lege som uoppspente lerret og har difor ikkje vore synt fram før. Desse har no vorte spent opp på blindramme, rensa og ramma inn.

Liggande kvinneakt framifrå, GJS 617 (bak GJS 616) (Copyright)

Akt i den norske kunsthistoria

Som for mange andre kunstnarar var ikkje akt og kroppsskildringar Gjesme sitt hovudmotiv gjennom kunstnarskapet, men dei fleste var innom det, for det meste i studiesamanheng.

I boka Eros i norsk kunst (1986) hevdar kunsthistorikar Holger Kofoed at ein antierotisk trend prega det norske kunstlivet frå om lag 1900 til 1960. I mellomkrigstida sette nye moralistiske straumdrag ein stoppar for alle forsøk på framstilling av erotiske motiv. Kroppsskildringar var ikkje lett omsettelege og det erotiske var meir eller mindre fråverande i kunsten. Dei få mellomkrigskunstnarane som arbeidde med akt, gjorde den til eit «reint» objekt. Ein ønskte å sjå akta, og då særleg kvinna, som eit uttrykk for venleik og dei evige verdiar. Ingen av kunstnarane vi syner fram her bryt med denne tilnærminga. I staden for å late objektet møte tilskodaren sitt blikk, vert modellane framstilt som passive objekt til tilskodaren sin disposisjon. For dei representerte kunstnarane, som i kunstverda generelt, utgjer kvinnekroppen hovudmotivet i aktgenren. Kvinna som eit objekt for det mannlege (kunstnar)blikket. Men hos Gjesme er òg nokre mannskildringar med. Eit anna kroppsmotiv i kunsthistoria, er den naturlege kroppen i badescener/ i naturen. Det at kunstnarane opp gjennom tidene har avbilda menneske som badar i det fri, kan tyde på at det har vore eit legitimt høve til å studere og skildre, den nakne menneskekroppen, utanfor studiesamanhengen.

I etterkrigstida skydde mange av modernistane akta, då den var knytt til den tradisjonelle teikneundervisinga ved kunstskular og -akademi, og då dei arbeidde med formale problemstillingar som form, farge, rom og line i eit meir og meir abstrakt og non-figurativt uttrykk.

Sittande kvinneakt, frå sida, GJS 732 (Copyright)

Aktmåleri hjå Hans Gjesme

Gjesme hadde eit usedvanleg talent som teiknar allereie som gut. Som 16-åring fekk han difor reise til Kristiania og byrje på Pola Gauguin (1883-1961) sin målarskule. Dei var 9-10 studentar, fleire av dei kvinner. Gauguin skreiv til Knut Gjesme om sonen si utvikling:

Hans Gjesme har vært min elev i sæsongen 20-21, da han kom til mig ung og kunstnerisk helt umoden og nu i sæsongen 22-23. Jeg har saaledes haat lejlighet til at se hvorledes hans talent har utviklet sig. Og det er baade med overraskelse og glæde at jeg har vært vidne til det alvor og den energi som Gjesme har lagt i sit arbeide og den raske utvikling hans talent har hat. Baade hans talent og hans kunstneriske vilje er av saa stor interesse, at det vilde være baade ret og rigtig at han fik anledning til et mere omfattende studium av kunsten. Jeg mener her særlig ved en studierejse til utlandet. Frankrige eller Italien.

I Norsk Kunsthistorie (2009) skriv Gunnar Danbolt om dei unge norske kunstnarane etter første verdskrigen:

Dersom dei ønskte å utvikle seg som kunstnarar, hadde dei ikkje andre alternativ enn å reise ut. Det innebar på den tida berre éin ting: Paris.

I midten av februar 1925 reiste difor Gjesme dit, til liks med mange andre. Etter to månader med studier av eldre kunst i Louvre og andre museum, byrja han på André Lhote (1885–1962) sin målarskule l’Académie de Montparnasse i slutten av april. Gjesme teikna og måla akt på akademiet frå ni til fire kvar dag, i lag med m.a. tre andre norske elevar. Han treivst godt og skreiv til faren at Lhote var ein av dei beste lærarane i Paris.

Det er få av Gjesme sine verk vi med sikkerhet kan stadfeste til Paris. Det kan ha samanheng med det Gjesme skreiv til faren: ”Det skal bli bra å koma heimatt å få byrja å gjere noko, for her vert det ikkje so mykje, eg har måla det eine etter det andre på eitt lerret.” Fleire av aktene på lerret ber dessutan spor av å ha vore stifta fast i blindramme for sidan å verte løsna att for å fraktast i rull. Både aktteikningane og -måleria vart antakeleg laga i studietida frå 1920 til 1925, men dei kan òg vere frå vinteren 1928-1929 då Gjesme fekk rettleiing av professor Axel Revold ved Statens kunstakademi.

Mannsakt med stol, GJS 598 (Copyright)
Sittande kvinneakt, frå sida, GJS 631 (Copyright)

Det som pregar Gjesme sine aktmåleri er ein stor variasjon i positurar og i uttrykk. Ei gjennomsnittleg posering for ei akt er på om lag 45 min. Nokre positurar kan vere anstrengande å halde, og ein må difor ta pausar eller støtte seg eller sitje på noko, som i GJS 598, 631 og 732. Det er òg vanleg å ha eit utval stoff som kan nyttast som bakgrunn eller underlag, som i GJS 20, 42, 616 og 732. Kunstnaren må finne ein god synsvinkel, ofte etter korleis lyset fell på modellen. Modellane er skildra både sitjande, ståande, liggande, ryggvende, frontale og sidevende. Alle dei kvinnelege modellane har ulike variantar av den karakteristiske korte bob frisyren som kom med «La garçonne» kulturen i Frankrike på 1920-talet, og som raskt spreidde seg til andre land.

Akt II, GJS 20 (Copyright)
Sittande kvinneakt bakifrå, GJS 616 (Copyright)

I GJS 598 og 631, er uttrykket ganske naturalistisk. Gjesme skildrar modellane slik dei er, utan å forskjønne, med friske og synlege penselstrok, og får fram fargane som endrar seg etter korleis lyset fell på modellane. I GJS 20 og 616 er stilen meir impresjonistisk; formene er meir løyst opp ved bruk av mange, saftige og pastose penselstrøk, detaljar er meir utviska og konturane meir diffuse. Fargeklangane er harmoniske og fargeskalaen enkel. Lyset gjev flatene liv og stofflegheit. GJS 632 står fram som meir kubistisk og kan vere direkte inspirert av læraren og kubisten André Lhote, medan handtering av farge og form i GJS 42 kan minne litt om læraren og Matisseleven Axel Revold sin stil.

Sittande kvinneakt, frontalt, GJS 632 (Copyright)
Akt, GJS 42 (Copyright)

Pastellar

I Gjesmesamlinga er det ein god del pastellar. Kunstnaren nytta pastellteknikken frå 1920-talet, og i alle fall fram til midten av 1970-talet. Denne liggande kvinneakta kan kanskje stilmessig daterast til 1960-talet, men det er vanskeleg å gje ei sikker tidfesting. Pastellen syner ei ung og frodig kvinne som ligg ute i naturen, mellom busker og blomar. Omgjevnadane gjev motivet meir narrative eller allegoriske undertonar, enn dei andre aktene teikna i studietida. Overkroppen er delvis oppreist og armane over hovudet, medan underkroppen ligg mot bakken med knea løfta og i frå kvarandre. Denne opne stillinga kan minne om ei føde- eller ei samleiestilling. Kan hende er det ein allegori for fruktbarheit vi ser. Dei sterke fargane, posituren og omgjevnadane kan gje assosiasjonar til nokre av Henri Matisse (1869-1954) sine mange «liggande kvinner», men Matisse arbeidde med ei mykje større forenkling og abstrahering enn Gjesme gjer her.

Utan tittel, pastell GJS 809 (Copyright)
Utan tittel, GJS 794 (Copyright)
Dagbokblad, GJS 1371 (Copyright)

Vitalistiske bade- og soltilbedarbilete

I det store måleriet ser vi ei kvardagsleg badescene med fire unge gutar i eit irrgrønt og blått Lærdalslandskap. Utsnittet er tett, himmelen knapt til stades og slik står landskapet fram som eit intimt interiør blant lauvtrea. Ein av gutane er skildra frontalt ståande til knes i elva med ei hand over hovudet. Den ståande guten på land speglar på eit vis guten i elva då han står med ryggen til tilskodaren med begge henda over hovudet. Den unge mannen framstilt i gips, til venstre for måleriet, står i same positur. Dei store og raske penselstroka og det at lerretet ikkje vart spent opp og innramma av Gjesme sjølv, kan tyde på at det er uferdig. I det vesle måleriet til høgre ser vi ein einsleg figur på eit berg som skuggar for sola med den eine handa. Badescena oser av ung virilitet og livskraft og kan minne om Edvard Munch (1863-1944) sine mange «badande menn»-motiv frå dei to første tiåra av 1900-talet. Munch hadde, som mange andre nordiske kunstnarar rundt førre hundreårsskiftet, ein fascinasjon for vitalismen, der kropp, natur og god helse stod i sentrum. Ein ønskte å skildre ei særleg livskraft i alt levande der mennesket, og særskilt mannen, stod fram som i eitt med naturen.

Mannen i det vesle måleriet er eit godt døme på eit slikt motiv hos Gjesme. Ved hjelp av raske, store og uvørne penselstrok har kunstnaren klart å få den langstrakte mannsfiguren til nærast å smelte i hop med naturen han står i.

Utan tittel, GJS 412 (Copyright)
Utan tittel, GJS 1130 (Copyright)
Utan tittel, GJS 261 (Copyright)

I måleriet GJS 478 skildrar Gjesme tre nakne born som strekkjer armane opp mot ei enorm, strålande og blomeliknande sol. Ved å legge på eit lysande gult omriss har kunstnaren fått fram lyset som fell på dei. Biletet kan plasserast inn i ein «natur og solkultus», som var i tida frå 1900-talet av, og som skulle fremje befolkninga si kulturelle og fysiske helse. Kunstnarane ønskte å skildre den ibuande livskrafta i menneske og natur. I Lærdal er sola borte om lag halve året grunna dei bratte, høge fjellsidene som omkrinsar dalen. Nettopp difor har nok sola vore eit særskilt viktig motiv for Gjesme. Vi kan sjå at både sola, og skuggane den skaper i fjellsidene om vinteren, går att i ein god del måleri i samlinga. Borna ser her ut til å hylle og tilbe sola, og smeltar på eit vis i hop med den og naturen rundt. Edvard Munch (1863-1944) skildra i 1910 eit liknande motiv i sitt Menn som strekker seg mot solen, eit forarbeid til Solen som sto ferdig i Universitetets aula i 1916.

Utan tittel, GJS 478 (Copyright)

Utsnittet i akta GJS 729 er relativt nært og vi ser ei ung slank kvinne frå knea og opp. Den venstre handa hennar er utanfor biletramma, medan den høgre ligg vend oppover. Hovudet hennar ser ut til å kvile på den høgre handa. Venstre lår ligg over høgre og skjuler slik underlivet hennar. Gjesme har skildra huda ved hjelp av mange ulike fargar for å få fram former og skugger. Andletet er rosa, og det svarte ved auga og dei raude leppene gjer at ho ser sterkt sminka ut. Det turkisgrøne kledet ho ligg på skaper ein god kontrast til dei guloransje hudtonane. Det som gjer at ein verkeleg legg merke til dette måleriet er den merkelege anatomien i brystkassa. Brysta som heller kvar sin veg og den oppovervende høgrearmen gjer brystkassa uvanleg smal og rar. Synsvinkelen motivet er skildra frå og fargebruken nær underlivet kan minne om, det på kanten til pornografiske biletet, L’origine du monde (Verdas opphav) frå 1866 av den franske målaren Gustave Courbet (1819-1877). I dette måleriet er utsnittet enda tettare og berre det blottlagde underlivet, magen og eitt av brysta til den skildra kvinna er med.

Liggande kvinneakt sett nedanifrå , GJS 729 (Copyright)

Biletet syner ei akt av ei ung kvinne i profil. Utsnittet er tett og vi ser kvinna frå knea og opp. Det flaumande og flammeraude håret dekkjer andletet og litt av ryggen. Hovudet er senka mot brystet og hendene tek i håret framfor andletet. Den grønlege bakgrunnen står i kontrast til håret og den lyse huda. Penselstroka er lagt med runde rørsler, særleg i håret og bakgrunnen, og skaper slik ein slags virvel i biletet. Med virvelen, håret og posituren har Gjesme fått fram meir kjensler og psyke her enn i dei andre aktene sine. Assosiasjonane går til Edvard Munch (1863-1944) sitt måleri Vampyr frå 1893-1894.

Kvinneakt med raudt hår, GJS 538 (Copyright)

Kroki og teikningar

Her kan du sjå nokre av Gjesme sine mange teikna akter frå studietida på 1920-talet. Vi veit at han fekk undervising i akt både hos Pola Gauguin i Kristiania, hos André Lhote i Paris og truleg òg under rettleiing av Axel Revold ved Statens kunstakademi. Mange av aktene er teikna på alle fire sidene av eit ark bretta i to, som så har vorte lagt inn i kvarandre som ei slags skissebok. Nokre finn vi òg i reelle skissebøker og nokre på lausrivne ark. Uttrykket varierer enormt frå dei heilt raske og summariske krokiane, til dei meir detaljerte aktstudia.

Utan tittel, GJS 1537 (Copyright)
Utan tittel, GJS 1538 (Copyright)

Krokiøkter skjer som regel med kol på papir, og varer om lag i 5 min før modellen skifter positur. Teknikken er heilt essensiell for å lære å teikne og å fokusere på dei viktigaste elementa. Ein har ikkje tid til å teikne detaljar, men må fange essensen i motivet. Ein får trena auge-hand koordinasjon, formsans og sans for liner og proporsjonar. Proporsjonar er viktig i aktteikning. Korleis står dei ulike kroppsdelane i forhold til kvarandre? Ofte ligg sjølve nøkkelen til å fange inn noko av modellens karakter i dei riktige proporsjonane. Ein kan ta mål, men det beste er å øve opp auga til å gjere eit grovt overslag. Ein annan ting ein kan legge merke til er linene. Nokre gonger har Gjesme arbeidd med lange sikre liner utan brot, andre gonger med mange, korte liner, delvis attmed kvarandre. Nokre av dei har eit «riktig ved første forsøk» preg over seg, andre ikkje. I dei meir detaljerte teikningane har Gjesme gjerne nytta blaut blyant. Då er det lettare å få fram ein fin og kjenslevar strek med lett hand, og å skuggelegge eller teikne ein meir robust strek med meir trykk på handa.

Utan tittel, GJS 1525 (Copyright)
Utan tittel, GJS 1554 (Copyright)

Det er stort sett kvinner, med ulike 20-tals bob-frisyrar, som poserer i alle moglege positurar i teikningane, men i GJS 1527 har Gjesme gått «under huda» på ein mann for å skildre muskulatur. Anatomisk kunnskap er utvilsamt nyttig om ein skal teikne akt og gjer at teikning etter levande modell vert betre. Eit par av teikningane er spesielt verdt å merke seg. I den særs forenkla og stiliserte krokien GJS 1536 av ei kvinne som poserer en face med armane over hovudet, har Gjesme prøvd ut eit uttrykk som minner sterkt om Art Deco stilen. Det er kanskje ikkje så rart då denne stilen har fått namnet sitt frå L’Exposition Internationale des Arts Decoratifs et Industriels Modernes (Verdsutstillinga), som opna 28. april 1925 i Paris då Gjesme var der. I GJS 1535 får vi innblikk i sjølve studiesituasjonen. Gjesme har teikna ein av kunstnarane framfor seg på skulen i det han teiknar ei akt av ei kvinne som sit med ryggen til på eit podium.

Utan tittel, GJS 1527 Sogn og Fjordane Kunstmuseum / SFKM - Sogn og Fjordane Kunstmuseum (Copyright)
Utan tittel, GJS 1536 (Copyright)
Utan tittel, GJS 1535 (Copyright)

Kjelder

Artikkelen er basert på formidlingstekstane til utstillinga Kroppsfokus - Hans Gjesme med gjestar, Sogn kunstsenter, Lærdal 2021. Kjelder til dei:

  • Holger Kofoed, Eros i norsk kunst, 1986
  • Gunnar Danbolt, Norsk kunsthistorie, 2009
  • Brev frå Pola Gauguin til Knut Gjesme, 1. juni 1923, Fylkesarkivet SFF-99044-152.

Akt i Gjesmesamlinga:

Share to