Hans Gjesme, Stilleben, ant. 1920-talet, olje på huntonitt, GJS 464
Hans Gjesme, Stilleben, ant. 1920-talet, olje på huntonitt, GJS 464 (Copyright)

Stilleben og interiør hjå Hans Gjesme

I det moderne forbrukarsamfunnet fløymast vi over av ting. Kva tyder desse tinga for oss? Kva ved dei fasinerer oss? Er det kva mennesket evnar å lage – sjølve handverket? Historia som ligg i dei? Eller kva dei fortel om oss? Ser ein på Instagram, Pinterest og bloggar så bognar det av vår tids «stilleben»; fotografi av kva folk har i heimane sine og ting dei elles er opptekne av eller ønskjer seg. Bileta vanlege folk legg ut av tinga sine krev mykje arbeid med utval, komposisjon og lys. Alt handlar om å arrangere og dandere tinga på stilegast mogleg måte, og slik få tinga til å seie bra ting om oss sjølve. Dei skapar «imaget» vårt. «Dette er tinga mine, slik er eg!»

Korleis har Hans Gjesme teke stilling til tinga han skildrar/lagar? Kva skildrar/lagar han og korfor? Kva ønskjer han å formidle? Er skildringa av ting berre eit utgangspunkt for formale eksperiment, eller legg han meir i det? Kunstnarar heilt opp til vår eiga tid interesserer seg framleis for å skildre og skape ting, og vidarefører og fornyar med det ein lang tradisjon med sine nye innfallsvinklar.

Kva er stilleben?

Stilleben kjem frå det tyske omgrepet «still-leben» som tyder stille liv. På fransk vert det kalla «nature morte» som tyder død natur. Eit stilleben gjev att kvardagslege ting som er tekne ut av sin samanheng og stilt opp i lag med «død» natur som avskorne blomstrar, hausta frukt eller grønsaker. Med andre ord, handterbare ting som står i ro og som lett kan danderast, ofte på eit bord, av kunstnaren. Sjølv om tinga er døde, så er det menneske som har laga tinga, valt dei ut, plukka blomstrane og frukta og dekt på bordet, og slik sett menneska likevel spor etter seg i verka. Den levande naturen vert skildra i dei tradisjonelt meir høgverdige sjangrane landskap og portrett.

Hans Gjesme, Stilleben, ant. 1920-talet, GJS 263 (Copyright)
Hans Gjesme, Stilleben på bord med gule blomer, ant. 1920-talet, GJS 624 (Copyright)

Det å skildre ting har vore gjort sidan utgamal tid, men hadde eit særleg oppsving på 1600-talet i Nederland og under modernismens frambrot i Europa rundt 1900. Stillebena på 1600-talet synte gjerne fram fantastiske ting og kuriosa, og ymse element i bileta symboliserte til dømes død, forgjengeleg- eller forfengelegheit. Den franske kunstnaren Jean-Baptiste Siméon Chardin (1699-1779) spelte ei viktig rolle i overgangen frå det å nytte stillebenet som ei akademisk øving, til å nytte det som ei formal øving. Han gjekk frå store, upersonlege og symbolladde komposisjonar, til å konsentrere seg om små, intime og personlege samanstillingar av kvardagslege ting frå det private hushaldet. Slik var han ein av dei første som fekk ting til å stå fram som reine biletelement utan relasjon til nokon handling.

Hans Gjesme, Stilleben, 1925, akvarell, GJS 1239 (Copyright)
Hans Gjesme, Stilleben, 1915-1920, teikning, GJS 1394 (Copyright)

Nesten hundre år seinare, på slutten av 1800-talet, auka interessa for stillebenet att og det vart eit leiande motiv i utviklinga av den moderne kunsten. Det var både dekorativt og i eit format som var lett å omsetje. Impresjonistane og postimpresjonistane kunne skildre forma og essensen til enkle trivielle kvardagsting, men dei var meir opptekne av sjølve framstillinga; av formale problemstillingar i biletflata og forholdet mellom røynda og avbildinga av røynda, enn av tinga i seg sjølv. Franske Paul Cézanne (1839-1906) spelte ei stor rolle i denne fasen og vert sett på som ein brubyggjar mellom impresjonismen og kubismen. Han stramma opp biletflata ved hjelp av form og farge, modellerte tinga ved bruk av farge, strekte under verdien til lina og reduserte formene mot det geometriske. Han tilførte òg stillebenet eit nytt perspektiv kor horisontlina vart flytta mot biletets øvre kant, slik at bordet tinga var framstilt på nesten fylte heile biletflata. Cézanne si forenkling av dei maleriske verkemidla fekk stor innverknad på kunsten på 1900-talet.

Hans Gjesme, Stilleben med katt, 1920, akvarell, GJS1419 (Copyright)
Hans Gjesme, Stilleben, 1927, olje på lerret, GJS 209 (Copyright)

Stilleben før modernismen kom til Noreg etter andre verdskrigen

Bergenske Frants Bøe (1820-1891) spesialiserte seg på stilleben på midten av 1800-talet, men følgde den hollandske tradisjonen frå 1600-talet i stil. Norske kunstnarar generelt byrja ikkje å dyrke stillebenet før rundt 1900. Framstillinga av ting vart òg gjort i sjangeren interiør, og kunst- og kulturobjekta dei skildrar syner gjerne brotstykke av kunstnarane sin smak og ideologi. I ein del av dei norske stillebena frå første halvdel av 1900-talet er det gjerne eldre, solide og handlaga ting som vert skildra. Akkurat som med frukt og blomstrar ser kunstnarane på desse eldre tinga som forgjengelege, som berarar av ein kultur og ei tid som er i ferd med å forsvinne.

Hans Gjesme, Blomster, utan år, olje på lerret, GJS 118 (Copyright)

Stilleben hjå Hans Gjesme

Kunstnaren Hans Gjesme (1904-1994) i Lærdal måla ein god del stilleben og interiør som skildra ting i heimen han delte med faren, tanta og broren fram til andre halvdel av 1940-talet. Dei fleste er antakeleg frå 1920-talet. For Gjesme ser stillebensjangeren ut til å ha vore eit høve til å studere tinga og deira materialeigenskapar. Her kunne han arbeide med komposisjon, lys og skugge, og framstilling av form og tekstur gjennom bruk av fargar, liner og penselstrøk på den todimensjonale flata. Han skildrar krukker, flasker, blomstrar og frukt frå hagen på bord mot ein nøytral bakgrunn.

Hans Gjesme, Stilleben, ant. 1920-talet, olje på huntonitt, GJS 464 (Copyright)

I Stilleben, ant. frå 1920-talet, har Gjesme satt saman ein komposisjon med vakre gjenstandar frå hushaldninga i glas og porselen i blått, eller med blå detaljar, på eit bord dekt av ein drapert kvit duk. Ein tørka brunleg bukett og ein flik av ei guloransje dør gjev ein kjærkomen kontrast til dei kjølege blåtonane som elles dominerer biletet. I tillegg står eit par bøker fram som rektangulære former i kontrast til dei avrunda kjøkentinga i komposisjonen. Arkitekt Jan Digerud snakkar i ein episode av «Arkitektens hjem» om korleis vi oppfattar lys. Han meiner det er skuggar og refleksar på ting som gjer at vi ser lyset: «Refleksen er jo fortelling om lyset. Lyset er jo, jeg kaller det usynlig. Lyset ser du først når et objekt lager en skygge. Da oppdager du at lyset er tilstede.» I Gjesme sitt verk fortel skuggane og refleksane oss at det er kaldt dagslys frå eit vindauge til venstre som fell på motivet. Lys frå venstre for å modellere og lyssette tinga er særs vanleg i stilleben. I interiøra let Gjesme derimot ofte motlyset frå eit vindauge skine inn over møblar og ting, og slik skape ei lys og vårleg stemning. På Vestlandsutstillingen i 1926 hadde Gjesme med fleire arbeid og kritikar Per Korsvoll ga han god omtale for nokre av desse: «En for meg ny mand med tydelig begavelse er maleren Hans Gjesme fra Lærdal. Hans «interiør» røber baade utviklet koloristisk sans og formbehandling. Hans interiør hører i virkeligheten til de bedre arbeid på Vestlandsutstillingen.»

Nokre av Hans Gjesme sine interiør

Interiør, ca. 1930-1940, olje på lerret, GJS 160 (Copyright)
Interiør, rom mot vindauge, ant. 1920-talet, olje på lerret, GJS 574 (Copyright)
Interiør med korg, ant. 1920-1955, olje på huntonitt, GJS 347 (Copyright)
Utan tittel, utan år, olje på lerret, GJS 607 (Copyright)
Interiør, 1922, olje på lerret, GJS 522 (Copyright)
Geranium, utan år, olje på huntonitt, GJS 463 (Copyright)
Interiør mot vindauge, utan år, olje på lerret, GJS 526 (Copyright)
Interiør mot vindauge med skulptur, utan år, olje på lerret, GJS 600 (Copyright)
Teselskap, 1919, akvarell, GJS 1408 (Copyright)
Drengestue, ant. 1919, akvarell, GJS 1391 (Copyright)

Share to