Murboligen i Folgefonngata.
Murboligen i Folgefonngata. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Brannhydranten i Folgefonngata

Har du sett den grønne brannhydranten på hjørnet av Murboligen i Odda? Det vert fortalt at den tyske keisaren, Wilhelm den 2., gav Odda tilskot til hydrantane i 1908.

Odda Vandverk var stifta i 1908, og vassnettet på Bakke og i sentrum vart bygd ut same år. Odda bygningskommune hadde ansvaret for teknisk tilrettelegging i det regulerte byområdet. Det var viktig å ha vatn lett tilgjengeleg i tilfelle det skulle oppstå brann. Den første brannutrykkinga som er registrert i Odda, skjedde 14. august 1908. Men den mest kjende brannen i Odda var nok då Hotel Hardanger brann ned sommaren 1895.

Stil og arkitektur

I dag er berre to av dei eldste hydrantane frå 1908 att i sentrum. Den andre står i gågata ved krysset Røldalsvegen - Bakkegata. Begge er måla i ein grønn farge. Formene på hydrantane fortel oss at dei er laga i den tida då arkitekturen var inspirert av klassiske, historiske former med trekk frå tempelsøyler. Jugendstilen var også moderne på denne tida og la vekt på mjuke, svungne former. Hydrantane er laga i kraftig støypejarn og er svært tunge.

Kraftmuseet har også teke vare på ein slik hydrant i gjenstandssamlinga.

Kumlokk

Inne i brannhydranten er det koplingar for brannslangar og kranar som opnar for at vatnet strøymer opp frå leidningsnettet djupt nedi bakken der det er frostfritt. Det er mange stader for tilkopling av brannslangar i sentrum, men desse er no i kummar under gata. Dette er meir praktisk når det skal brøytast for snø og køyrast med bilar. Du kan sjå etter kumlokk i støypejarn. Dei har ofte fine mønster. I Bergen kallar dei kumlokka for «bekkalokk», men det gjer ikkje folk i Odda.

Keisarleg hjelp

Vi kjenner ikkje heile historia om kvifor eller korleis Keisar Wilhelm den 2. gav hydrantane til Odda, men den tyske keisaren var kvar sommar på cruise til norskekysten og «det verdensberømte og underdeilige sted Odda», som det er omtala som då Odda var på topp som turistmål. Keisaren likte naturen, men var ikkje minst interessert i den industrielle og økonomiske utviklinga, og han hadde kontakt med handelsmennene eller grunneigarane som også styrte bygningskommunen i Odda. Vi kjenner mange historiar frå andre stader i Noreg der den tyske staten gav hjelp til oppbygging, som i Ålesund t.d. På folkemunne sa ein at keisaren og ikkje Tyskland gav hjelpa. Odda fekk også den første sjukestova, eller «keisarbrakka», som gåve på same tid. Det er kjend at den tyske kona til Albert Petersson - Leonie snakka med keisaren om behovet for ei sjukestove i Odda.

Les meir om denne i artikkelen om sjukehuset i Odda.

Den gamle brannhydranten står i krysset Folgefonngata – Bustetungata. Den er eit lite, men viktig kulturminne Dag Endre Opedal, Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Byvandring

Her kan du ta ei byvandring i Odda sentrum

Share to