Torget 2-4, HSD-bygget og busstasjonen.
Torget 2-4, HSD-bygget og busstasjonen. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Torget 2-4

Der Torget og kaien i Odda er i dag, var det opprinneleg fjøra og båtstøer. Den kjende fotografen Knud Knudsen budde i Kremargarden like ved, og var nok ikkje den einaste som leika her som barn i 1830-åra. Turistane som kom til strandstaden Odda på siste halvdel av 1800-talet, kom stort sett med båt. I åra før første verdskrigen hadde Odda betre kommunikasjon til sjøs enn nokon annan gong før eller seinare.

Seglar du innover Hardangerfjorden og går i land på kaien eller Torget i Odda, har du kome til den innste botnen i Hardangerfjorden. Torget har i periodar vore sentrum i Odda, men dette har endra seg i takt med at institusjonar for kommunikasjon og handel har blitt flytta.

Torget 2 mot Eitrheimsvegen er det eldste bygget som står i dag. Frå 1850-åra og fram til 1910 sto det ei toetasjes bu her. Den hadde gavl mot sjøen og var korn- og saltlager for handelsmannen i Kremargarden.

Dampskipet "Vøringen" (1891-1951) ved HSD-kaia. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Kommunikasjonssenter

Men den nye tida og industribyen sørga for nye hus og funksjonar. Odda Handelsforening bygde (truleg) her, men huset har sidan romma postkontor (frå 1917 til 1960-talet), blomebutikk, platebutikk, klesbutikk mm før det blei kommunalt Tenestetorg og turistinformasjon. Oppe i etasjane var det husvære.

Torget 4 mot sjøsida var tidlegare HSD (Hardanger Sunnhordalandske Dampskipsselskap) sin hovudbase i Indre Hardanger. Både rutebåtar og busstrafikk hadde knutepunkt her, så her var eit yrande liv. Få hadde privatbil og alle hadde eit ærend på posten. Bygget mot sjøen var først i ein etasje, men blei bygd på til to etter som aktiviteten auka. Det spesielle halvrunde kioskbygget som bind husa saman hadde billettluker. HSD sin logo trona lenge på murfasaden mellom bygningane.

Spesialområde vern

Dei karakteristiske bygga Torget 2 - 4, har ei mangslungen historie og er ein viktig del av Oddas ansikt og identitet.

Etter at HSD flytta til nytt bygg i godsterminalen ved kyrkja i 1972 og all offentleg trafikk forsvann frå området, var det ei tid ungdomsklubb og "rockeverkstad" i bygget og området endra karakter. I bygget i nord hadde speidarene i Odda sine lokaler. Om lag 150 ungdomar var innom bygga kvar veke, noko som gjorde at kommunen etablera eit ungdomshus på 1980-talet.

I 1990-1991 blei dei sett i stand etter ein lengre forfallsperiode. Sentrumsbygg frå før 1920 er omfatta av eksteriørvern for å ta vare på særpreget frå den tidlegare strandstaden og den unge industristaden.

Kommunestyret sikra kommunal eigarskap gjennom Odda havnevesen. Torget 4 rommar eit servicesenter for båtfolk til gjestehavna. Odda Industristadmuseum (seinare Kraftmuseet) var nokre år i 2. etasje i Torget 2-4 tidleg på 1990-talet.

Byfornying og kontakt med fjorden

I 2002-2003 starta Odda kommune eit byfornyingsprogram der Torget og strandpromenaden var første steg. Målet var betre kontakt mot fjorden og aktivitet og trivsel i sentrum. Området er skjerma frå bilane som meir dominerte før, og arkitekt Kjetil Kiran har planlagt byrommet og drikkefontena med den vesle vassrenna ned til fjorden. Den gamle kaien er bygd opp av norsk gråstein, men torget har fått dekke og møblar av kinesisk stein

Parkering og fiskeskøyter på Torget på 1980-talet. Jan Gravdal, Kraftmuseet arkiv Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Byvandring

Her kan du ta ei byvandring i Odda sentrum

Share to