Kremargarden i Kremarvegen 4, Odda sentrum.
Kremargarden i Kremarvegen 4, Odda sentrum. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Kremarvegen 4

Gardsbruket Bustetun eller Kremargarden var det bruket i Odda sentrum som hadde tunet nærast sjøen. Privilegiet eller løyvet til å driva som gjestgjevar og kremmar, har følgt garden frå 1600-talet og fram til det blei oppheva i 1840-åra. Bustetun har bruksnummer 61 i Odda

Overgangen til tettbygd område kom alt i 1890-åra eller noko tidlegare, og gardstunet blei liggjande midt i gatemiljøet etter kvart.

Huset er bygd i typisk sveitserstil og har plass for butikklokale i underetasjen og fleire leilegheiter i dei øvre etasjane. I 1907 var industriutbygginga i gang for fullt, og det var stor etterspørsel etter alle typar lokale. Reguleringsplanen for Odda var og ferdig på same tid.

Lars O. Bustetun var byggherre i 1907. Han var ”både ein hortig og handfast kar som visste kva han ville. Han let seg heller ikkje riva så lett med som grannane då industrien var ute etter tomter i Odda, men heldt på sitt i det lengste”, skriv Olav Kolltveit i bygdeboka. Men tomtesal gav pengar til husbygging og investeringar.

I det kommunale arkivet og protokollen etter Bygningsstyret for Odda bygningskommune kan vi lesa at i 1908 sende Lars O. Bustetun ”andragende” om ”at få påsætte altaner på nordsiden av hans hus i 1ste og 2den etage hvor sådanne er tiltænkte og hvor døre er anbragte i ytterveggen.” Han fekk ikkje grønt lys etter første sakshandsaming, saka måtte vidare til rette instans, men altanane kom opp og står der enno.

Då Anne Grete og Morten Eikeland eigde og restaurerte huset fann dei denne innskrifta på ein bjelke: Byggmeister Andreas Raaen, Utne. 1907. Øiestad eiger huset i dag.

Kramarvegen 4 restaurert. Dag Endre Opedal, Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Byvandring

Her kan du ta ei byvandring i Odda sentrum

Share to