Odda sentrum med Røldalsvegen, Postvegen over jordene.
Odda sentrum med Røldalsvegen, Postvegen over jordene. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Røldalsvegen og gågata

Denne eldste hovudvegen gjennom Odda starta ved sjøen på Almerket nordvest for kyrkja og gjekk strake vegen opp forbi dei flate bøane før han tok opp Tungebrekke, over Eidesmoen og opp i Eidesåsen.

Kyrkja har vore eit tyngdepunkt og avgjerande for kvar vegane i Odda har gått sidan 1200-talet. På Almerket eller almenningen der kyrkja låg, hadde alle lov å gå i land og vegen gjennom Odda-dalen førte difor til eller frå sjøen og kyrkjestaden.

Almannavegen

Denne eldste hovudvegen gjennom Odda vart kalla Almannavegen. Han starta ved sjøen nordvest på Almerket og gjekk sørover der vi no har Gågata, vidare opp Bygdabrekko og langs Bygdarbøen, opp Tungebrekke, over Eidesmoen og opp Ryggen i Eidesåsen, før han tok bratt ned mot Jordal og gjekk vidare mot Stand, Sandvin og Hildal.

Røldal-Haukelivegen

Frå 1876 var det på sommarstid opna samanhengande køyreveg for hest og kjerre frå Almerket i Odda til Røldal. Derifrå kom det veg gjennom Bratlandsdalen frå Nesflaten og Sand. Tretten år seinare, i 1889, var vegen ferdig frå Røldal over Haukelifjellet. Gata og vegen gjennom Odda sentrum har difor også hatt namnet Røldal-Haukelivegen ein periode. No heiter gata Røldalsvegen heilt opp til Vasstun bru, ca 2 kilometer lenger sør.

Souvenir-handel

Då Odda utvikla seg som tettstad og turistmål, kom dei største hotella og dei første souvenir- og turistbutikkane langs postvegen. Ola O. Hagens bokhandel er det eldste huset som står langs gata. Bokhandlar Hagen gav seg i 2014 og i huset er der no ein annan butikk. Nokre av dei andre bygningane er også sentrale i byhistoria for Odda og vil bli omtala som kulturminne kvar for seg.

Ola O. Hagen bokhandel i Odda sentrum Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

By og land møttest i Røldalsvegen

Røldalsvegen gjennom sentrum har også vore bruka som buføringsveg. Fleire av gardane utover langs Sørfjorden hadde og har stølsrettar på Seljestadfjellet og i Reinsnos. Andre leigde beite på stølane i Røldal og Valldalen. Dei kom med buskapen i båt til Almerket og gjekk eller «drifta» til eller frå fjellet gjennom Røldalsvegen til langt opp på 1940-talet. Då kyrne kom forbi dei store vindaugene i butikkane, såg dei undrande inn på speglbiletet sitt, og butikkpersonalet var ofte redde for å få vindaugenen stanga inn.

Vegen gjekk fram til kyrkja

Fram til Røldalsvegen blei regulert som gågate rundt 1980, var denne gata riksvegen eller hovudvegen gjennom Odda. Tyssedalsvegen kryssa Røldalsvegen som gjekk forbi det store trebygget etter Hotel Hardanger og fram til Almerket nord for kyrkja. Då det store hotellbygget eller «gamle rådhuset» blei rive i 1976 og «Almerkeparken» kom på tomta, vart denne vegaksen nesten borte, men gangvegen gjennom parken fører Røldalsvegen fram til kyrkja.

Odda sentrum og Røldalsvegen ca. 1900 Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

"Glade hjørna", Gågata og Firkanten

Den mest hektiske og kjende staden i Røldalsvegen var lenge i krysset med Tyssedalsvegen. Mange ungkarar og ungdomar samlast her og staden blei kalla «Det glade hjørna» eller berre «Glade hjørna».

Grunnen til at det på folkemunne fekk dette namnet, var at her var ein fast samlingsplass der folk stod og skravla og skratta til langt på natt. Odda Kredittbank som låg på det austlege hjørna måtte halda ope for kundane då dampbåten kom, anten det var middag eller midnatt.

Då Tyssedalsvegen vart opna, blei krysset ved bankhjørna døypt om til "det farlege hjørna", då bilar kom susande ned Røldalsvegen og ofta kolliderte med bilar som kom frå Tyssedal.

Gågata startar her i dag, og dette er «tyngdepunktet» for handlegata i Odda. Namnet «Hjørna» er til ein viss grad framleis i bruk, men yngre oddingar sitt møtepunkt er «Firkanten» som er kallenamnet på det oppmurte blomebedet utanfor Eurosko og Espelandsbygget (Sportsbutikken).

Byvandring

Her kan du ta ei byvandring i Odda sentrum

Share to