Heimefrontkjemparar i Tyssedal i mai 1945.
Heimefrontkjemparar i Tyssedal i mai 1945. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Heimefronten

Då landet vart okkupert i 1940 nytta det ikkje lengre med open motstand. Ei motstandsrøyrsle måtte byggjast opp i løyndom.

Etter den vellukka sprenginga av tungtvassanlegget på Rjukan 28. februar 1943, kom også Røldal litt etter litt med i arbeidet for organiserte heimestyrker, kalla Milorg (Militærorganisasjon).

Det vart danna mange motstandsgrupper rundt om i landet, og etter kvart kom gruppene under ansvarleg sentral leiing. Heimefronten vart bygd opp sivilt (Sivilorg) og militært (Milorg). Desse arbeidde saman, men hadde kvar sine hovudoppgåver.

Sivilorg i Odda vart starta hausten 1941, då ein "Nasjonalkomité" på 6 medlemmer vart skipa. Initiativet kom frå den unge kommunisten Ørnulv Slåttelid, som hadde idéen med seg frå Oslo. Men komitéen var upolitisk samansatt og skulle representera heimefrontleiinga. Den viktigaste oppgåva var å yta økonomisk hjelp til familiane som hadde sjøfolk i utenriksfart. Dei skulle også organisera "treghets-sabotasje" på arbeidsplassane og passiv motstand så langt det lot seg gjera.

Leiar for Sivilorg i Odda var ingeniør Anders Sandaker ved Zinken, men det var mange som deltok aktivt i arbeidet. Når nokon måtte gå i dekning eller vart arrestert, sto nye klar til å fylla rekkene.

Hausten 1942 vart ei særs vanskeleg tid med mange arrestasjonar. Nasjonal Samling (NS) gjekk til aksjon mot lærarane, og Gestapo slo til mot ei kommunistisk gruppe der mange av dei arresterte var frå Odda og Tyssedal. Ein del av fangane vart sendt til Tyskland, men 17 av gruppa vart haldne att på Grini.

Ørnulv Slåttelid vart send til Oslo som mellommann, under påskot av at han skulle gå i smedlære. Der slutta han seg til det illegale arbeidet, vart teken av Gestapo og torturert i hjel på Møllergata 19 den 18. mai 1942 - berre 23 år gamal.

Meldinga som vart offentleggjort i avisene 2. mars 1943 var den meist sjokkerande under heile krigen for folk i Odda:

                              17 dødsdommer fullbyrdet

                       Der höhere SS und Polizeiführer Nord,
                    SS-Obergruppenführer und General der Polizei
                      gjør kjent at følgende er dømt til døden
                   for forsøk på bolsjevistisk undergravingsarbeide
                        og virksomhet for en fiendtlig stat:

                                  Kleppestø, Ingolf
                                     Berg, Arthur
                                 Espelid, Thor Gerotti
                                   Slåttelid, Harald
                                    Prestegård, Olaf
                                       Veka, Knut
                                      Kindem, Leif

            Dommen ble fullbyrdet ved skyting på Trandumskogen 1. mars 1943.

I tillegg til dei sju frå Odda, vart ti andre nordmenn henretta. Den eigentlege årsaka til dei 17 dødsdomane var å statuera eit døme og å understreka det Reichskommisar Terboven sa i sin skremselstale 22. februar 1943:

Vi diskuterer ikke med kommunister - vi lar dem stå til ansvar - uten nåde!

Dei som var i motstandsrøyrslene vart etterkvart flinkare til å arbeida i skjul, og arrestasjonane vart sjeldnare. Dei kunne likevel aldri kjenna seg trygge for provokatørar, spionar og angjevarar. I Odda vart til saman 25 personar arresterte i 1943, 20 i 1944. Mange av dei vart angjevne.

Ein del motstandsfolk måtte rømma, og omlag 50 personar låg i dekning rundt om i distriktet. Ei av oppgåvene til Sivilorg var å skaffa trygge gjøymestader og å sørga for pengar og rasjoneringskort.

Våren 1941 kom den unge bankmannen Finn R. Sunde til Odda for å arbeida i Odda Privatbank. Han var send hit for å ta seg av det illegale arbeidet i Odda og Indre Hardanger. Sunde kom raskt i kontakt med Lars Øye, som hadde hatt kommandoen over dei frivillige frå våren 1940. Lars Øye var formann i Odda Skyttarlag, og Hardanger og Voss Skyttarsamlag, og reiste rundt og gav folk våpeninstruksjon. Sunde og Øye la grunnlaget for Milorg i Odda.

Arbeidet gikk mellom anna ut på å senda rapportar om tyske militærforlegningar, festningsanlegg, bunkersar og kanoninnstillingar med både kart og fotografier. Det vart også samla inn og lagt ut depot med våpen og ammunisjon.

  1. oktober 1941 slo Gestapo til mot Finn R. Sunde etter at dei hadde snappa opp ein rapport som han hadde sendt. Han vart frakta til Bergen der han vart torturert på det grusomste. I redsle for å sprekka under ytterlegare avhøyr, tok han sitt eige liv med ei gift han hadde gjøymt på seg.

Han pleide alltid å seia: "Død mann røber ingen". Desse orda stod også på minneplata over han, som hang i Bergen Bank i Odda.

Lars Øye fekk i oppdrag å ta over som områdeleiar for Odda og Indre Hardanger Milorg. Det Milorg håpa og venta på, var våpen og utstyr frå England. Det fyrste flysleppet fann stad i Rullestadfjella ved juletider 1943. Seks vidare slepp med våpen og utstyr kom i mars-april 1945.

Milorg hadde no fullt utstyr til 400-500 mann her i distriktet.

Røldal

I februar 1945 vart Milorg omorganisert av sjefane for Milorg i Vest-Telemark, Røldal og Suldal. Møteplassen vart ordna frå London og lagt til ei hytte ved Holmavatn sør for Haukelisæter. Knut Rabbe fekk oppdraget med å skaffa naudsynt mat og brensel. Møtet vedtok at Røldal og Suldal skulle leggjast til Haugesund/Odda-området, og Knut Rabbe vart knytt til Odda-distriktet. Kontaktmann i Odda var urmakar Guttorm Ormberg.

ForsideHistorieIndustristader2. verdskrig i OddaHeimefronten i Røldal Heimefronten i Røldal Etter den vellukka sprenginga av tungtvassanlegget på Rjukan 28. februar 1943, kom også Røldal litt etter litt med i arbeidet for organiserte heimestyrker, kalla Milorg (Militærorganisasjon). Tungtvassprenginga på Rjukan

Løytnant Rønneberg var sjef for sprengingsgruppa som aksjonerte mot tungtvassanlegget på Rjukan i 1943, fenrik Knut Haukelid var nestkommanderande. Gruppa hadde kome med fly frå England og landa med fallskjerm ein stad på Hardangervidda i slutten av januar. Der kunne dei i ro og fred førebu sprenginga utan at tyskarane merka noko til det.Difor kom åtaket på tungtvassanlegget som eit sjokk på tyskarane. Desse sette straks i gang tiltak i bygdene rundt Hardangervidda for å finna gjerningsmennene. Dei tråla vidda på kryss og tvers med skipatruljar utan resultat. Alle som var med på aksjonen kom seg unna. Løytnant Rønneberg med fleire, gjekk på ski til Sverige og reiste derifrå med fly til England.

Knut Haukelid Knut Haukelid var ein av dei sentrale personane under tungtvannsabotasjen på Vemork. Foto: Biographie IMDb

Knut Haukelid og Arne Kjelstrup drog inn på vidda etter sprenginga. For det meste heldt dei seg i skjul i ei hytte ved Langesæ, sør for Haukelisæter. Etter kvart kom fleire motstandsfolk til det som no vart kalla Haukelid sin leir. Her sette dei i gang Milorg-arbeidet. Dei hadde ein radiotelegrafist og sambandet med London var godt. Tyske patruljar gjennomsøkte vidda jamnt og trutt. Flyslepp med våpen, mat og klede måtte koma om natta og gøymast raskt og godt. Vinteren 1944-45 rekna dei med å ha våpen og utstyr nok til ein kampstyrke på vel 1000 mann.

Knut Haukelid tok kontakt med Knut Rabbe i Røldal under dekknamnet Hartmann i juli 1943. Han gjorde greie for oppdraget med å organisera heimestyrkar, noko som ville vera både vågsamt og spanande for ein ungdom. Han sa at Knut måtte tenka seg godt om før han svara på førespurnaden. Knut trong ikkje lang tid å vurdera det interessante oppdraget før han same kvelden gav eit positivt svar.

Dei komande åra vart det mykje samarbeid med karane i Haukelid-leiren. Fleire røldøler kom til, som Udmund Hellemo. Huset hans låg meir avsides enn Rabbe sitt, så dei hadde møtene sine der eller på stølane Votna og Tongavad.

Vinteren 1943-44 vart det ordna med kontakt i Suldal.

Knut Rabbe hadde mange lange og slitsame skiturar på vidda for fyrst og fremst ta imot flyslepp og få våpna gøymde på ein sikker stad. Så måtte ein læra seg bruk av dei nye våpna som kom frå England, før ein kunne halda kurs for andre medlemmer i heimestyrken. Dette gjekk for det meste føre seg på stølar som ikkje var i bruk om vinteren.

I januar 1944 fekk Knut Haukelid i oppdrag frå London om å sprengja ferja som gjekk på Tinnsjøen. Ferja var lasta med tungtvatn, råstoff som måtte til for å produsera ei atombombe. Den 19. februar gjekk ferja ned på djupt vatn midt på Tinnsjøen. Fire tyskarar og fjorten nordmenn fylgde med. Krigen var nådelaus.

I jolehelga 1944 vart kontaktane i Suldal arresterte. Av trygginsomsyn måtte Knut Rabbe stikka av, og han slo lag med Knut Haukelid ved basen i Langesæ.

I februar 1945 vart Milorg omorganisert av sjefane for Milorg i Vest-Telemark, Røldal og Suldal. Møteplassen vart ordna frå London og lagt til ei hytte ved Holmavatn sør for Haukelisæter. Knut Rabbe fekk oppdraget med å skaffa naudsynt mat og brensel. Møtet vedtok at Røldal og Suldal skulle leggjast til Haugesund/Odda-området, og Knut Rabbe vart knytt til Odda-distriktet. Dette likte ikkje Haukelid, han meinte at Knut Rabbe var so sterkt engasjert på austsida. Men Knut skulle no vera bindeledd mellom distrikta. Kontaktmann i Odda var urmakar Guttorm Ormberg.

Flyslepp på Røldalsvatnet

Laurdag 15. april 1945 kom ei melding frå London om at eit flyslepp med våpen ville koma til Røldal og Valldalen denne natta. Knut Rabbe fekk tak i nokre karar til å hjelpa han. Det var overskya og dårleg vêr for flyslepp, men om natta kunne dei høyre fly komme inn over Røldalsbygda, og dei såg glimt av fly i vest og at flya sirkla rundt. Det venta flysleppet kom ikkje, så Knut Rabbe og hjelparane kom seg heim att.

Om morgonen vart Knut vekt av mor si som kunne fortelja at fallskjermar og våpencontainarar låg på isen midt på Røldalsvatnet. Den tyske vaktstyrken hadde full kontroll på dette, så Rabbe kunne ikkje visa seg in nærleiken av flysleppet. Men Rabbe oppdaga at det hang ein fallskjerm oppe under Håranuten og rekna med at tyskarane ikkje hadde oppdaga han. Rabbe og to ungdomar kom seg opp, fekk ned fallskjermen og gøymde containaren, før han varsla Odda slik at dei fekk kjennskap til det mislukka flysleppet, som no så og seia hadde hamna i fanget på den tyske vaktstyrken.

Tidleg neste morgon gjekk Rabbe på ski over fjellet til Seljestad og tok Skarsmobussen til Odda, der han møtte urmakar Ormberg og gjorde han kjend med det som hadde skjedd. Rabbe var heime i Røldal att i kveldinga.

Klokka fire om morgonen den 20. april våkna Knut Rabbe av banking på ytterdøra. Han skjønte fort kven som stod utanfor huset. Tyskarane hadde for vane å koma på denne tida når dei skulle arrestera nokon.

Knut Rabbe hoppa ut soveromsvindauga medan soldatane skaut etter han. Han var betre kjend i terrenget, så tyskarane mista han i mørket.

Les meir om hendingane i Røldal i Odda i Manns Minne nr. 15 frå 2006 på www.nb.no

Share to